Helseplager etter yrkesdykking

Er tidlegare yrkesdykkarar meir utsett for sjukdom enn andre yrkesaktive? Brukar dei fleire medisinar eller går dei oftare til fastlege? I dette forskings­prosjektet brukar me kobling av helseregister for å undersøke korleis det gjekk med helsa til ca. 6000 yrkesdykkarar som dykka innanskjers eller i Nordsjøen i perioden 1980 til 2011.

Design

Retrospektiv populasjonsbasert observasjonsstudie.

Deltakarar

Omlag 6000 tidlegare yrkesdykkarar inkludert i underkant av 400 nordsjødykkarar.

Datagrunnlag

Førekomst av yrkesdykkarar i Reseptregisteret, Norsk Pasientregisteret, Najonalt register for leddproteser, KUHR-databasen og FD-trygd.

Nøkkelvariablar

Medikamentgrupper, diagnosegrupper, bruk av kunstige ledd, talet på legekonsultasjonar og sjukemeldingsdagar.

Analysemetodar

Statistiske metodar for analyse av data med binært utfall, som til dømes logistisk regresjon, Poisson-regresjon eller negativ binomial regresjon, vil bli brukt.

Informasjon om at helseopplysningar frå deg vil bli brukt i eit forskingsprosjekt dersom du ikkje reserverer deg

Forskingsgruppa vert leia av Stein Håkon Låstad Lygre
Epost: stein.hakon.lastad.lygre@helse-bergen.no 

Sist oppdatert 08.02.2022