Informasjon om testar

Her finn du informasjon om testar som vi utfører.

Intrakutantest er ein hudtest som ein kan bruka ved mistanke om allergi for enkelte medikament.

​Intrakutantest kan bidra til å avklare om du er allergisk for ulike medisinar. Testen kan visa om det blir ein reaksjon når det vert sprøyta inn ein liten drope i huda med medisinen det er mistanke om at du reagerer på.

Pasientinformasjon Intrakutantest

Konjunktival provokasjonstest er aktuell ved mistanke om allergi når andre testar er negative.

​Symptom frå augene er vanleg ved pollenallergi, og kan utgjera dei mest plagsame symptoma, og også vera vanskelege å behandla. Det kan likevel vera vanskeleg å fastslå sikkert om symptom frå auga kjem av eit mistenkt allergen (t.d. bjørk). Provokasjonen medfører låg risiko for alvorleg reaksjon eller komplikasjonar.

Konjunktival provokasjonstest

Nasal provokasjonstest er ein test som ein kan bruka i utgreiing av allergi.

Nasal provokasjonstest er ein test kor ein vil prøva å framprovosera ein allergisk reaksjon i nasen.

​​Pasientinformasjon Nasal provokasjon

Prikktest er ein allergitest der ein kan testa direkte på huden.

​Prikktest er ein allergitest som kan bidra til å avklara om du er allergisk for enkelte allergen til dømes bjørk, gras, matvarer og legemiddel. ​

Pasientinformasjon prikktest

Spirometri bruker ein til å måle lungefunksjon.

​Spirometri er ein pusteprøve som måler lungefunksjonen din. Pusteprøven måler kor mykje luft du maksimalt får til å pusta ut i eitt sekund (FEV1) og totalt (FVC), og kor raskt du får til å pusta ut (PEF) etter maksimal innpust. Resultata vert mellom anna brukt til å vurdera alvorsgrad av lungesjukdom og til å måla sjukdomsutvikling og effekt av behandling.

Pasientinformasjon Spirometri

Her finn du informasjon om helseplager grunna miljøfaktorar.

​Helseplager tilskrive miljøfaktorar

Også kalla:
  • Miljørelatert overfølsomhet av ukjent årsak
  • Multippel kjemisk overfølsomhet (MCS)

Litt om plagane

Typiske plager er hovudepine, smerter i rygg, musklar og ledd, mageproblem, tung pust, nase-og augeplager, trøtthet, svimmelhet mm. For nokon kan plagene vere så plagsame at dei ikkje klarer å gå på jobb. Sjølv daglegdagse gjeremål som å handle, vaske opp og støvsuge kan verke uoverkommelege. Plagene kan komme som reaksjon på forutsigbare stimuli (lukt frå avgassar frå bensin, diesel, maling og parfyme og påverknad frå elektriske installasjonar, mobiltelefonar og amalgam i tannfyllingar).

Konsentrasjonsnivået av stoff som triggar plagene er ofte svært lavt og vil normalt vere tolerert av andre. Desse plagene har også fått betegnelser som for eksempel Sick Building Syndrome (SBS), el-overfølsomhet og luktoverfølsomhet.

Plagene er reelle, og ikkje noe du innbiller deg.

Plagene vil ikkje, slik regelverket er pr. i dag, falle inn under Folketrygdlovens yrkessjukdomsbegrep, sjølv om ein kan oppleve å få symptom mens ein arbeider.

Utgreiing/diagnose

Fordi plagene er knytt til mange ulike organsystem gjerast det ofte ei brei utgreiing for å utelukke andre sjukdommer som kan gi dei samme symptoma (eksempelvis allergi, luftvegssjukdom slik som astma m.m.).

Årsaker til plagene

Det er dessverre mykje vi ikkje veit om denne type plager, men det vi veit er at årsakene til plagene er komplekse og at det ofte er fleire faktorar som spelar inn. Fem faktorar som vi veit har betyding for utvikling av plager er:

Forsking har vist at det hos personar med denne type plager involverast andre hjerneområde ved registrering av sanseinntrykk, samt at opplevinga av sanseinntrykk ofte er endra.

Filterteorien

Ein merker først noko frå kroppen når det registrerast i hjernen. Legg ein f. eks. handa på ein varm kokeplate, merker ein smerten først når hjernen har mottatt signala frå nervene i handa (dette skjer veldig raskt). Det er mykje som tydar på at personar med denne type plager har ein større følsomhet for signal frå kroppen enn andre. Dei fleste av oss har eit filter som stoppar mange av signala før dei når opp til hjernen. Kun dei viktigaste signala slepp gjennom filteret (som smerte frå varm plate), mens signal som ikkje er så viktige, og/eller som stadig gjentar seg, ikkje merkast så godt. Dette filteret ser ut til å fungere dårlegare hos personar med desse plagene. Vidare er det også undersøkingar som peikar på at kroppslege signal handterast på ein annan måte i hjernen hos personar med denne type plager sammenlikna med andre.

Det finst undersøkingar som viser at nokon familiar er meir tilbøyeleg til å ha samme type plager enn andre, men arvelegheit er ikkje direkte undersøkt.

I nokon tilfelle kan ein utvikle denne type plager etter å ha gjennomgått anna sjukdom eller skade. Eit eksempel på dette kan vere infeksjonar.

Med dette meinast tankar ein kan gjere seg om plager ein opplever som medfører bekymring for at ein er alvorleg sjuk. Sjukdomsbekymring kan påverke forløpet av mange sjukdommer. To personar kan tenke vidt forskjellig om samme plager/symptom. Nokre tankar verkar beroligande, mens andre gir grobunn for bekymring. Dersom plagene/symptoma medfører mykje bekymring vil dette kunne forverre plagene /symptoma og ein kjem inn i det vi ofte kaller ein «ond spiral».

Dersom ein er utsett for langvarig stress og belasting, aukar risikoen for utvikling av denne type plager. Dette gjeld særleg belasting i barndommen, men også i vaksen alder.

 Kva kan du gjere for å meistre plagene betre

Det er vanleg å oppleve kroppslege fornemmingar når ein opplever frykt i farlege situasjonar, men desse er ikkje teikn på sjukdom. Mange opplever at dei får mindre plager når dei får auka innsikt og forståing av tilstanden.

Ein meistringssamtale kan hjelpe deg til å handtere plagene dine på ein meir hensiktsmessig måte.​

Sist oppdatert 18.01.2024