Pasientkurs

Matallergikurs 27.05.24

Målet med kurset er å gje deg kunnskap, samt faglege og praktiske råd om å leve med matallergi

27.
mai
2024
  1. 27. mai 2024, 09:00 - 15:00

Tid og stad

Når

  1. 27. mai 2024, 09:00 - 15:00

Arrangør

Kurset er eit samarbeid mellom Yrkesmedisinsk avdeling og Lærings- og meistringssenteret

Kvar

Lærings- og meistringssenteret
Lærings- og meistringssenteret, Ulriksdal helsepark, 4.etg Ulriksdal 2 5021 Bergen

Du må ha tilvising frå eigen lege. Hugs å melde frå om spesielle behov. Påmeldingsfrist er 14 dagar før kursstart. Du får skriftleg stadfesting om plass.

Tilvising til lærings- og meistringskurs (PDF)

Dagskurs om Matallergi, Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet

Program

09.00-09.15    Velkommen og introduksjon

09.15-10.00    Kva er matallergi?  Foreleser: Overlege Jakob Larsson

10.00-10.10     Pause

10.10-10.50     Fortsettelse: Kva er matallergi?

10.50-11.00     Pause

11.00-11.30     Kosttilpasning ved matvareallergi Foreleser: Klinisk ernæringsfysiolog Gudrun Kahrs

11.30-12.15     Lunsj

12.15-12.45     Fortsettelse: Kosttilpasning ved matvareallergi

12.45-13.15     Innlegg v/ Brukarrepresentant

13.15-13.25     Pause

13.25-14.00     Handtering av allergi i barnehage og skule Foreleser: Spesialsykepleier Nina Særvold

14.00-14.10    Pause

14.10-14.30    Beredskap og behandling av alvorlig allergisk reaksjon Foreleser: Spesialsykepleier     Nina Særvold

14.30-15.00    Spørsmål, oppsummering og evaluering

Kurset passer for deg som:

  • Har matallergi eller er føresett til barn med matallergi
  • Ønskjer å lære meir om matallergi
  • Ønskjer å treffe fagfolk
  • Møta andre i same situasjon og dele erfaringar

Tema vil vere:

  • Kva er matallergi, utgreiing og behandling
  • Korleis erstatte viktige næringsmiddel ved diett
  • Allergimerking og spormengder av matvarer
  • Korleis er det å ha matallergi/ ha barn med matallergi
  • Avgrensingar og sosiale konsekvensar av matallergi
  • Allergihygiene
  • Beredskap og forhaldsreglar i barnehage og skular
  • Behandling av alvorleg allergisk reaksjon
  • Det vil og bli god moglegheit til å utveksle erfaringar og stilla spørsmål

Innlegg ved

Lege, sjukepleiar, ernæringsfysiolog og brukarmedvirke

Kostnadar

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Servering 

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert

Påmelding 

Du må ha tilvising frå eigen lege. Hugs å melde frå om spesielle behov. Påmeldingsfrist er 14 dager før kursstart. Du får skriftleg stadfesting om plass.

Kontakt