Om tenesta

Regionalt senter for astma, allergi og overfølsemd i Helse Vest (RAAO-Helse Vest) er ein tverrfagleg allergologisk poliklinikk som skal supplere den allergologiske verksemda ved andre avdelingar på sjukehuset, og i regionen.

Vi tilbyr ein tverrfagleg kompetanse for problemstillingar innan yrkesallergi, multiorganallergi, anafylaksi (allergisk sjokk), legemiddelallergi og matoverfølsemd.

Senteret har også ei hovedoppgave med å gje utdanning og opplæring av helsepersonell, pasientar, pårørande og befolkninga generelt om allergiske sjukdommar, og om utgreiing og behandling. Vidare skal senteret utvikle faglege nettverk i regionen, samt nasjonalt og internasjonalt. Senteret skal også stimulere og drive forsking og utvikling innan fagområdet allergologi.​

Sist oppdatert 03.10.2023