PenProv, framskutt diagnostikk av penicillinallergi

Me ønskjer å visa at å avskilta penicillinallergi er trygt, enkelt og viktig både for pasient og samfunn. Les meir om det her.

CAVE penicillin

​9 av 10 som angir «CAVE penicillin» er IKKJE penicillinallergikarar! 

Eit av dei største hindera for betre handtering og enklare avskilting av desse er mangelen av verktøy på norsk. Det er kjent at å vera «CAVE penicillin» har ei rekkje negative effektar, det medfører bruk av mindre riktig og meir bredspektra antibiotika, lengre sjukehusopphald og opptil 14% auka dødelegheit. Dette skal me gjera noko med.

Me har laga eit risikostatifiseringsverktøy som aktuelt er under validering for klinisk bruk. 

Me ønskjer òg å sjå på det norske reseptregisteret kor mange ein kunne ha avskilta direkte ved bruk av elektroniske helsedata. Vidare vil me undersøkja mikrobiomet frå pasientar med angitt penicillinallergi.

Prosjektet er breitt forankra i Helse vest, med mange involverte avdelingar og samarbeidspartnarar, men blir drivne frå Regionalt senter for astma, allergi og overfølsemd i Helse vest.

Prosjektet er støtta av forskingsmidlar frå Norsk foreining for Otorhinolaryngologi og hode-hals kirurgi og Norsk astma og allergiforbund.


Sist oppdatert 03.10.2023