Tilvising til allergologisk utgreiing

RAAO - Helse Vest tilbyr ein tverrfagleg kompetanse for problemstillingar innan yrkesallergi, multiorganallergi, anafylaksi (allergisk sjokk), legemiddelallergi og matoverfølsemd.

​​Det er mange sjukdomsmekanismar, både immunologiske (allergi) og ikkje-immunologiske.

Våre viktigaste verktøy for å stille riktig diagnose er grundig sjukehistorie, ulike allergitestar, og forskjellige former for provokasjon med det som er mistenkt å gje symptoma.

OBS! Tilvisinga skal alltid først angi tentativ diagnose og problemstillinga ein ønsker å greie ut. «Allergi» som diagnose / problemstilling er ikkje tilstrekkeleg.

Sist oppdatert 03.10.2023