Våre behandlingar

Her finn du oversikt over våre behandlingar.

Allergen immunterapi

​​Allergen immunterapi,òg kalla allergivaksinasjon eller hyposensibiliseringgår ut på at ein gir pasienten gradvis aukande dosar av det han / ho er allergisk for. Ved dette blir toleranse for allergenet utvikla. Per i dag er dette den einaste behandlinga som kan redusera / gjere ein frisk for allergi.

Behandlinga inneber regelmessige injeksjonar med sprøyte eller for enkelte allergen kan behandlinga gjevast som tablettbehandling. Ved injeksjonsbehandling fortset ein etter oppdoseringsfasen med å få ein vedlikehaldsdose annankvar månad. Behandlingstida er 3 år for pollen-, hustøvmidd- og dyreallergi, og 5 år ved insektallergi. For allergi mot bjørk, gras og husstøvmidd  finst det no òg ein tablett for allergen immunterapi. Då skal ein ta ein tablett kvar dag i 3 år.

Effekten ser ut til å vara i fleire år etter avslutta behandling, men varierar frå pasient til pasient. Opp mot 90 % av pollenallergikarar meirkar ein forbetring slik at dei kan redusera behovet for medisinar. Allergen immunterapi kan redusera risikoen for utvikling av nye allergiar og utvikling av astma.

Pasientinformasjon: Allergen immunterapi pollen, dyr og husstøvmidd (PDF)

Pasientinformasjon Allergen immunterapi Bie og Veps (PDF)

Acetylsalicylsyre (ASA) Desensibilisering​​

Pasientar som har kombinasjonen kronisk bihulebetennelse med nasepolyppar, astma og overfølsemd for ASA, kan oppleva betydeleg betring av luftvegssjukdommen når overfølsemda blir behandla med såkalla desensibilisering følgd av dagleg inntak av ASA. Som innleiing til denne behandlinga må det gjerast provokasjonstest, og denne må påvisa overfølsemd (vera positiv) dersom behandlinga skal ha effekt. Prosedyren blir gjennomført over 2 heile dagar ved poliklinikken, under nøye overvaking av erfaren lege og sjukepleiar.​ 

Pasientinformasjon Acetylsalicylsyre (ASA) provokasjon og desensibilisering​​​​ (docx)


 

Sist oppdatert 17.01.2024