Finn fram til Glasblokkene

Glasblokkene ligg sentral på Haukelandsområdet, rett over bybanestoppet og ved sida av Sentralblokka. På denne sida finn du kart, informasjon om korleis du kjem deg hit og kor du kan parkere.

flyfoto_glasblokkene

Glasblokkene ligg sentralt til på Haukelandsområdet, ved sida av Sentralblokka. ​

​​
oversikt over Glasblokkene_illustrasjon

Glablokkene består at 8 blokker. Blokk 1-4 opna i 2017. Her finn du mellom anna psykisk helsevern for barn og unge,  Energisenteret for barn og unge og sjukehusskulen. 

Glasblokkene 5-8 opnar hausten 2023. D​å samlast det meste av aktivitet knytta til barn og unge på Haukeland her. Heile Barne- og ungdomsklinikken flyttar inn, kirurigiske poliklinikkar, radiologiske tjenester og blodprøvetaking/laboratorium. Eit eige mottak for barn og unge opnar hausten 2023. 

​Hovedinngangen til Glasblokkene er frå forplassen. Under ser du korleis du kan komme deg fram og kor du kan gå frå kollektivtransport og parkeringsplassar. 

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.​ ​​​​​​


Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen 
Line 12 har avgang frå Bystasjonen 
Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten ​

Busstoppa rundt Haukeland: 
  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E) 
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E) 
Det vil være skilta frå stoppa til Glasblokkene. 

Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar eit par minutt å gå frå stoppet, opp Haukelandsbakken og til Glasblokkene. 
​​​

Parkeringsområdet i Glasblokkene ligg i U1 med innkøyring frå Haukelandsbakken. Her er det både vanlege plassar og ladeplassar for elbilar, i tillegg er det to HC-plasser og 6 plassar for MC.

Det er også fem HC-plasser utandørs på forplassen mellom blokk 1-4 og 5-8.  Her er det mogeleg å køyre inn og sleppe av pasientar/pårørande. Utover HC-plassane er det ikkje tillat å parkere her.

Næraste parkering er i Sentralblokken, kor det er 300+ parkeringsplassar. Det er gangvegar frå Sentralblokka til Glasblokkene både ute og innandørs. Vegene vil vere merka. ​

Grunna få parkeringsplassar på Haukelandsområdet oppmodar vi alle som kan om å nytte kollektivtransport.

​ Ambulanseinngang og a​​​​kutt​​​​e situasjonar 

Det er ein eigen ambulanseinngang med innkøyring frå Jonas Lies vei (vegen mellom Glasblokkene og Sentralblokka). Denne skal også nyttast av kvinnene når dei kjem inn for å føde. Også andre pasientar som kjem til mottaket til Glasblokkene med bil i akutte situasjonar kan nytte denne inngangen. Ambulanseinngangen skal berre nyttas for avstiging. Bil må parkerast i parkeringsområdet innanfor. ​ ​

Praktisk informasjon i Glasblokkene

Mange er spente før dei skal på sjukehuset. Korleis ser det ut? Kor skal vi møte, vente, være? Her finn du bilder, film og praktisk informasjon. Vis gjerne bilete og film til barna før dei kjem - gode førebuingar er med på å trygge!
Bli med inn
lekerom_foto
Sist oppdatert 02.08.2023