Ankelbrudd, behandling med gips, nynorsk

Stabile ankelbrot kan behandlast med gips. Gipsbehandlinga varer totalt i 6 veker.

Ankelbrot er ein vanleg type brot som gjerne oppstår ved uhell kor ankelen blir vridd. Vi vurderer røntgenbilde og skademekanisme for å bestemme om brotet er stabilt eller ustabilt. Viss brotet er stabilt, kan vi legge på gips.

Tilvising og vurdering

Dette skjer vanlegvis etter røntgenundersøking på Skadepoliklinikken i Bergen helsehus.

Før

Gipsen blir lagt på så snart du har fått diagnosen ankelbrot. Dette skjer vanlegvis etter røntgenundersøking.

Under

I første omgang legg vi på «halv» gips (laske) med støttebandasje. Slik blir det ikkje for trangt inni gipsen dersom ankelen skulle hovne meir opp. Hevelse i ankelen er forventa etter ankelbrot. Det kan hjelpe å halde foten høgt, ha på gips med støttebandasje og legge på is for å få ned hevelsen. Du må bruke krykker fram til neste kontroll.

Etter 7-12 dagar tar vi eit nytt røntgenbilde for kontoroll. Her ser vi om alt ser greitt ut og legg på ny gips som går rundt heile foten, såkalla sirkulær gips. Denne gipsen er ofte laga av eit syntetisk materiale. Du må bruke krykker vidare fram til neste kontroll. Dersom brotet er av ein spesielt stabil type, kan du få gågips eller støttebandasje i staden for sirkulær gips. Då kan du gå på foten utan å bruke krykker.

Etter

Etter omtrent 6 veker tar vi nytt røntgenbilete. Hvis dette ser greit ut, kan gipsen bli fjern og du kan starte opptrening med fysioterapeut. Belastninga kan vli auka gradvis, og til slutt kan du kaste krykkene. Til slutt kan du belaste foten fullt, og du treng ikkje lenger krykker.  

Informasjon fra fysioterapeut


Ikkje stå på foten eller ber vekt på den på annan måte. Du kan kvile foten på underlaget når du sit.


Når du står, kan du støtte kneet på ein krakk. Krakken hjelper deg til å stå lenger, for eksempel på badet eller kjøkkenet. Ryggsekk, mageveske eller trillebord kan vere til hjelp for å få med seg varer.


Det er vanleg med hevelse etter eit brot. Hevelsen er kan gi ubehag og smerte. For å få ned hevelsen, kan du gjere følgander:

  • Beveg tærne. Når du vekselvis bøyer og strekker alle tærne, aktiverer du vene-muskelpumpa. På denne måten pumper du hevelsen ut av foten. Når hevelsen går ned, blir det lettare å bevege, og da skapar du ein god sirkel. Vene-muskelpumpa er kroppens viktigaste måte å transportere væske ut frå beina.
  • Hold foten høgt. For mest effektiv drenasje legg du deg med foten høgare enn hjartet, og med åpne vinklar i kne og hofte. For eksempel kan du ligge på sofaen med foten kvilande oppå sofaens ryggstøtte.
  • Ikkje gå så langt om gangen. Når du kjenner at sprenget i foten blir stort, tar du pause. Ha to stolar tilgjengeleg, så du sit på den eine og legg foten på den andre. 
  • Viss du har gått langt, eller på annan måte hatt foten lenge nede, får du bort sprenget raskast på denne måten: Legg deg på ryggen og "sykle" med beinet i lufta. På den måten får du både hjelp av tyngda og du får aktivert vene-muskelpumpa.


For å halde ved like mest mogleg normal funksjon i resten av kroppen, kan du gjøre følgjande:

  • Bøy og strekk kneet.
  • Beveg hofta i alle retningar.
  • Strekk hofta heilt. Stå med kneet støtta på ein krakk og tøy hofteleddet.
  • Stram lårmuskulaturen og setemuskulaturen med full kraft.
  • Tøy fingrane og handledda for å få avspenning viss du blir sliten i hendene av å gå med krykker.
  • Rull skuldrene og tøy nakken viss det er der du kjenner krykkebelastninga.
  • Du kan fritt trene overkroppen og det uskadde beinet så mykje du vil.


Du må bruke krykker, gåstativ eller underarmsrullator.


Du kan hinke i trappa med støtte til krykker eller gelender.
Oppover: Plassér krykkene på det trinnet du står på, og hink opp eitt trinn med frisk fot. Gjenta for neste trinn.
Nedover: Plassér krykkene eitt trinn ned, saman med skadd fot. Hink deretter ned med frisk fot. Gjenta for neste trinn.

Viss det er for tungt å hinke, kan du sette deg i trappa og ake på baken trinn for trinn. Du kan plassere ein stødig stol i toppen av trappa, og støtte deg til den når du skal reise deg opp igjen frå sittande stilling på golvet.

Du kan også prøve å organisere kvardagssituasjonen slik at du unngår trappa.


Tilheling av brotet tar oftast 6-8 veker, og gipsen kan fjernast. Auk belastninga gradvis.
Slutt først med krykkene innandørs. Bruk framleis begge krykkene ved utandørs gange i 1-2 vekers tid etter at gipsen er fjerna. Slutt først med den eine krykka, og bruk den andre krykka til du kan gå utan å halte. Når du går med bare éi krykke, skal du halde den i motsett hand av skadd side. Det er normalt at ankelen kjennest stiv etter gipsbehandlinga. Beveg ankelen og tærne mange gonger dagleg for å få tilbake normal bevegelse. 

Her er øvingar du kan gjere med for eksempel 5-15 repetisjonar, 5 gonger dagleg:

  1. Bøy ankelen opp og ned.
  2. Beveg ankelen i sirklar begge vegar. 
  3. Bøy og strekk tærne.
  4. Bruk tærne til å plukke opp håndkle frå golvet.
  5. Stå med beina i hoftebreidde. Flytt kroppsvekta frå side til side. Vektoverføringa gir gradvis aukande vektbæring på skadd fot.
  6. Stå på tå. Støtt deg til noko for å halde balansen, fram til du er trygg utan å halde deg.
  7. Stå på hæl og løft tærne opp frå golvet. Støtt deg til noko for å halde balansen, fram til du er trygg utan å halde deg.
  8. Stå på skadd fot aleine. Støtt deg til noko for å halde balansen, fram til du er trygg utan å halde deg. Bruk 10 minuttar dagleg på denne øvinga.
  9. Stå på skadd fot alene, samtidig som du gjer noko anna med resten av kroppen: Kle på sokk og bukse på den friske foten. Puss tennene. Sving den friske foten fram og tilbake. Skriv alfabetet i lufta med den friske foten. Dette trener balansen og leddsansen i den skadde ankelen. Denne øvinga erstattar øving 8 når du er klar for det. Bruk 10 minutar dagleg på øvinga.
  10. Stå med forfoten i ei trapp og senk hælen ned utanfor trappetrinnet. Dette tøyar ankelen. Viss det er vanskeleg å tøye opp rørsla, kan du kontakte ein fysioterapeut på institutt. 
Det er ikkje uvanleg å ha noko smerte og hevelse i foten ved anstrenging i fleire månadar etter skaden, for eksempel i trapper, bakkar og ulendt terreng.

Kontakt

Bergen helsehus Skadepoliklinikken i Bergen helsehus

Kontakt Skadepoliklinikken i Bergen helsehus

Oppmøtestad

Skadepoliklinikken held til i Bergen helsehus i Solheimsviken, saman med allmennlegevakta til Bergen kommune, Bergen legevakt.

Opningstider:
Brot og røntgen kl. 08.30-22.15 alle dagar.
Såravdelinga kl. 08.30-22.15 alle dagar. 
Fysioterapi kl. 08.30-15.30 måndag-fredag, stengt i helg- og høgtidsdagar.

Bergen helsehus

Solheimsgaten 9

5058 Bergen

Transport

Bergen Helsehus ligg mellom Florida bybanestopp på Gamle Nygårdsbro, i same bygg som Bergen legevakt. Det er ein eigen inngang for Akuttposten i 2. etasje. Det er mogleg å køyre heilt fram til inngangen.

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no


 

Parkeringsplassane i Solheimsviken nyttar Sesam Sesam billettløs parkering. Når du kjører inn på området i Solheimsviken, leses bilskiltet ditt automatisk. Du må være registrert som brukar for å unngå ekstra kostnadar.

Les meir om denne parkeringsordninga

Dersom du ikke er registrert bruker av Sesam Sesam, kan du betale i betalingsautomaten som er plassert rett utenfor hovedinngangen. 

Du taster inn bilnummeret ditt og automaten beregner parkeringsavgiften. Du må betale med gyldig betalingskort/bankkort.

Dersom du kjører ut fra området uten å betale samme dag, vil det bli tilsendt faktura. Da kommer det fakturagebyr i tillegg til parkeringsavgiften.

Merk:

Det er begrenset med parkeringsplasser utenfor Bergen Helsehus. Det kan derfor skje at du ikke finner plass umiddelbart.

Det er også mulig å benytte parkeringshuset SolheimsGarasjen i Solheimsgaten 29.

https://bergenparkering.no/

Praktisk informasjon

Du får dekt delar av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar, får du frikort for helsetenester. Det er ulike eigendelar avhengig av type helseteneste.

Les meir

Vitusapotek Bien Bergen ligger i Solheimsgaten 15, rett over gata frå Bergen Helsehus.

Opningstider måndag-fredag: 09.00-17.00, laurdag: 10.00-15.00.
Telefon: 55 38 87 60
Sjå nettsida til Vitusapotek Bien Bergen 

Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS, like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 
Opningstider måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15.
Telefon: 55 59 15 00
Sjå nettsida til Danmarksplass Apotek

​Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilde eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt med nokre hugsereglar.

Les meir: Retningslinje for lyd-, foto og filmopptak ved Haukeland universitetssjukehus


I ventearealet til Skadepoliklinikken er det mulig å kjøpe brus, sjokolade og snacks fra automat. 
Nærmeste dagligvarebutikker finner du på Danmarksplass, i gangavstand 5-6 minutter.
Coop Extra
Kiwi
Baker Brun Cafe - ved siden av Kronstad DPS på Danmarksplass, gangavstand 5 minutt.
Pizzabakeren Solheimsviken - 8 minutters gonge langs Damsgårdssundet, i retning Laksevåg.

Enkelte gonger nyttar Skadepoliklinikken seg av telefonkonsultasjon når dette er medisinsk forsvarleg og nyttig. 

Det kan vere når behandlar skal gi deg råd og formidle svar på ei undersøking du har hatt. Telefonkonsultasjon kan og brukast dersom det er smittefare og behov for smitteavgrensing.  

Du gir sjølv samtykke til at telefonkonsultasjonen erstattar frammøtekonsultasjonen. Du betalar same eigendel som når du kjem til poliklinikken for konsultasjon der. 

Utvalde avdelingar i Helse Bergen nyttar videokonsultasjonar. Her kan du lese meir om sikkerhet, personvern og praktiske instruksjonar om korleis du nyttar tjenesta:

Videokonsultasjon med behandlar via join.nhn.no

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett i Bergen Helsehus.

Bk-gjest er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (Bk-gjest)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra og følg vidare påloggingsinstruks.

Innlogginga skjer automatisk etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.