Blodprøvetaking før planlagt transfusjon
Før planlagt transfusjon blir det tatt blodprøve til blodtyping og pretransfusjonsprøve, les meir under punkt 2 nedst på sida.
Ved slik blodprøvetaking blir du spurt om å oppgi fullt namn og det 11-sifra personnummeret ditt. Dersom du er innlagd ved sjukehuset, vil den som tar blodprøven også sjekke ID-armbandet ditt. Behald derfor alltid på deg ID-armbandet som blir satt på ved innlegging. Dette er viktig for at behandlinga blir så sikker og trygg som mogleg.
Dersom du treng transfusjon over lengre tid, blir blodprøvane gjentekne etter 4 dagar. Dette blir gjort for å sjekke om du har danna antistoff som ein må ta omsyn til ved transfusjon, les meir om dette under punkt 3 nedst på sida.
Ved akutte transfusjonar er det ikkje alltid tid til å ta desse blodprøvane, les meir om dette under punkt 10 nedst på sida.
Venekateter
Før transfusjon treng du eit venekateter som blodet kan bli gitt gjennom. Det kan vere eit venekateter som du allereie har på plass eller det kan bli lagt inn eit eige for transfusjonen.
Målingar før transfusjon
Før transfusjonen blir sett i gang blir det målt blodtrykk, puls, kroppstemperatur, pustefrekvens samt eventuelt oksygeninnhald i blodet (med pulsoksymeter, dersom slikt måleinstrument er tilgjengeleg). Dette blir gjort for å ha eit utgangspunkt for målingane som blir gjort seinare under transfusjonen og for å kunne vurdere eventuelle biverknader undervegs og etter avslutta transfusjon.
Identitetskontroll før transfusjon startar
Like før transfusjonen blir sett i gong blir du spurt om namn og det 11-sifra personnummeret ditt, og i tillegg skal ID-armbandet ditt kontrollerast. Denne informasjonen blir kontrollert mot informasjon på følgearket til blodproduktet. Behald derfor alltid på deg ID-armbandet du får satt på når du blir innlagt. Eit produktnummer på etiketten på blodposen blir også kontrollert og skal vere identisk med nummeret på følgearket. Denne kontrollen skal utførast like før transfusjonen startar og sikrar at det er den rette blodposen som blir gitt til deg. Kontrollen skjer ved hjelp av ein elektronisk skanner eller ved at to personar kvar for seg kontrollerer opplysningane.
Transfusjonssett
Transfusjon blir gitt gjennom eit eige slangesett (transfusjonssett). Slangesettet har eit kammer med filter som slepp blodcellene gjennom, men vil stoppe eventuelle klumpdanningar av fleire celler som heng saman. Slangesettet blir kopla til blodposen og blir fylt med innhaldet frå blodposen før transfusjonen startar.