Transfusjon
Blodoverføring
Dersom du har for lite raude blodceller, blodplater og/eller plasma kan det vere nødvendig med påfyll. Behandling med påfyll av blod/blodoverføring blir kalla transfusjon.
Dette er informasjon til deg som skal få behandling med transfusjon. Her kan du lese om kva behandling med transfusjon er og korleis denne behandlinga føregår. Det er viktig at du forstår denne informasjonen, og det kan vere lurt å lese dette saman med ein pårørande. Still gjerne spørsmål til legen din eller til sjukepleier dersom det er noko du lurer på etter at du har lese denne informasjonen.
Blodet som blir gitt ved transfusjon kan innehalde ein eller fleire av følgande:
Bestanddel | Funksjon i kroppen |
---|---|
Raude blodceller (erytrocyttar) | Oksygentransport frå lungene til resten av kroppen |
Blodplater (trombocyttar) | Reparere skadar i blodåreveggen og stoppe blødingar |
Plasma | Inneheld viktige protein som også er nødvendig for å vedlikehalde og reparere blodåreveggane og stoppe blødingar |
Blod som blir gitt ved transfusjon kjem frå blodgivarar. Blod kan ikkje bli framstilt kunstig.
Kvar gong blodgivarar gir blod må dei svare på eit spørjeskjema for å kartlegge at dei er friske og ikkje har vore utsett for smitterisiko. Blodet blir i tillegg undersøkt for ulike infeksjonar (Hepatitt B, hepatitt C og HIV).
Det er trygt å ta imot blod i Norge.
Kvifor er det nødvendig med transfusjon?
Dersom du har for lite raude blodceller eller blodplater kan årsaka vere svikt i produksjonen av desse blodcellene i beinmergen. Årsaka til denne produksjonssvikten kan vere ulike sjukdomar eller medikament som påverkar den normale produksjonen i beinmergen. Eit døme på behandling som øydeleggar for produksjonen av blodceller i beinmergen er cellegiftbehandling ved kreftsjukdom. Dersom du får slik behandling er det ofte behov for transfusjon.
Jernmangelanemi (låg blodprosent på grunn av jernmangel) er eit døme på ein tilstand der for lite jern i kroppen gjer at produksjonen av raude blodceller i beinmergen vert hemma. I dei fleste tilfelle kan dette bli behandla med ekstra tilskot av jern, og transfusjon er då sjeldan nødvendig.
All medisinsk behandling medfører ein risiko for biverknader. Før ei transfusjonsbehandling startar skal ein alltid vurdere om det er heilt nødvendig med transfusjon. Transfusjon medfører alltid ein liten risiko for komplikasjonar, og det er derfor viktig at andre behandlingsalternativ blir nøye vurdert før ei avgjerd om transfusjon blir tatt.
Ved akutte store blodtap, som ved ulukker, under operasjonar eller ved fødsel, kan det bli heilt nødvendig at det blir gitt behandling med transfusjon. I slike tilfelle er det ikkje andre behandlingsalternativ og transfusjon kan då vere ei livreddande behandling.
Tilvising og vurdering
Det er berre lege som kan tilvise til/ordinere behandling med transfusjon. Dei fleste transfusjonar føregår på sjukehus, men du kan også få behandling ved sjukeheim.Transfusjon blir berre utført av lege eller sjukepleier som har opplæring i prosedyrar for transfusjon.
Det skal vere avklart med deg at du ønsker behandling med transfusjon.
Du har med heimel i pasient- og brukarrettslova § 4-9, rett til å nekte å ta imot blod eller blodprodukt på grunn av alvorleg overtyding. Dersom du ikkje ønsker transfusjon på bakgrunn av slik alvorleg overtyding, er det viktig at dette vert tatt opp med sjukehuset slik at det er tydeleg avklart korleis planlagt behandling skal gå føre seg.
Pasient- og brukerrettighetsloven § 4-9 første og siste ledd:
Pasienten har på grunn av alvorlig overbevisning rett til å nekte å motta blod eller blodprodukter (...)
Helsepersonell må forsikre seg om at pasient som nevnt i første og annet ledd er myndig, og at vedkommende er gitt tilfredsstillende informasjon og har forstått konsekvensene for egen helse ved behandlingsnektelsen.
Før
Blodprøvetaking før planlagt transfusjon
Før planlagt transfusjon blir det tatt blodprøve til blodtyping og pretransfusjonsprøve, les meir under punkt 2 nedst på sida.
Ved slik blodprøvetaking blir du spurt om å oppgi fullt namn og det 11-sifra personnummeret ditt. Dersom du er innlagt ved sjukehuset vil den som tar blodprøven også sjekke ID-armbandet ditt. Behald derfor alltid på deg ID-armbandet som blir satt på ved innlegging. Dette er viktig for at behandlinga blir så sikker og trygg som mogleg.
Dersom du treng transfusjon over lengre tid, blir blodprøvane gjenteke etter 4 dagar. Dette blir gjort for å sjekke om du har danna antistoff som ein må ta omsyn til ved transfusjon, les meir om dette under punkt 3 nedst på sida.
Ved akutte transfusjonar er det ikkje alltid tid til å ta desse blodprøvane, les meir om dette under punkt 10 nedst på sida.
Venekateter
Før transfusjon treng du eit venekateter som blodet kan bli gitt gjennom. Det kan vere eit venekateter som du allereie har på plass eller det kan bli lagt inn eit eige for transfusjonen.
Målingar før transfusjon
Før transfusjonen blir sett i gong blir det målt blodtrykk, puls, kroppstemperatur, pustefrekvens samt ev. oksygeninnhald i blodet (med pulsoksymeter, dersom slikt måleinstrument er tilgjengeleg). Dette blir gjort for å ha eit utgangspunkt for målingane som blir gjort seinare under transfusjonen og for å kunne vurdere ev. biverknader undervegs og etter avslutta transfusjon.
Identitetskontroll før transfusjon startar
Like før transfusjonen blir sett i gong blir du spurt om namn og det 11-sifra personnummeret ditt, og i tillegg skal ID-armbandet ditt kontrollerast. Denne informasjonen blir kontrollert mot informasjon på følgearket til blodproduktet. Behald derfor alltid på deg ID-armbandet du får satt på når du blir innlagt. Eit produktnummer på etiketten på blodposen blir også kontrollert og skal vere identisk med nummeret på følgearket. Denne kontrollen blir utført av to personar like før transfusjonen startar og sikrar at du får riktig blodpose.
Transfusjonssett
Transfusjon blir gitt gjennom eit eige slangesett (transfusjonssett). Slangesettet har eit kammer med filter som slepp blodcellene gjennom, men vil stoppe eventuelle klumpdanningar av fleire celler som heng saman. Slangesettet blir kopla til blodposen og blir fylt med innhaldet frå blodposen før transfusjonen startar.
Under
Oppstart av transfusjon
Sjølve transfusjon blir sett i gong ved at slangesettet som allereie er fylt med innhaldet frå blodposen blir kopla til venekateteret ditt og rulleklemma på slangen blir opna.
Varigheit av transfusjonen
Kor raskt blodet blir gitt, blir bestemt av legen som har ordinert behandlinga. Normal varigheit for ein transfusjon av ein pose er gjerne 1,5-2 timar. Dersom du har særs høgt blodtrykk eller hjartesvikt kan det bli nødvendig å gi transfusjonen endå saktare enn dette, men maksimalt over 4 timar.
Det kan også hende at du får transfusjon med fleire posar etter kvarandre.
Ved ei stor og pågåande bløding vil du få transfusjonen mykje raskare og fleire blodposar kan også bli gitt samtidig. Det kan i ein slik situasjon også bli behov for blodvarmar (les meir under punkt 7 nedst på sida).
Kva skjer under sjølve transfusjonen?
Dei aller fleste merkar ikkje noko spesielt undervegs i transfusjonen og du kan ete, drikke og bevege deg slik du ønsker. Den som styrer transfusjonen er i nærleiken for å observere deg dei første 15 minuttane av transfusjonen og vil også gjenta målingane av blodtrykk, puls, kroppstemperatur, pustefrekvens og ev. oksygenmetning. Etter dette er det ikkje nødvendig at du blir observert kontinuerleg, men du må opphalde deg på avdelinga under heile transfusjonen.
Biverknader av transfusjon
Dersom det er større endringar i målingane som blir gjort etter 15 minuttar, kan dette tyde på at du reagerer på transfusjonen. Dette gjeld også dersom du skulle merke nokon av følgande symptom:
- Uvel eller sjukdoms-/feberkjensle
- Kløe eller utslett i huda
- Unormal pust (tungt å puste, rask pust) eller hjartebank
- Smerter i armen/rygg/bryst/mage eller andre stader i kroppen
Dersom du merkar slike symptom, må du seie frå om dette med ein gong til den som styrer transfusjonen.
Symptom som nemnt over eller større endringar i målingane av deg kan vere teikn på ein biverknad av transfusjonane (transfusjonsreaksjon). Transfusjonen blir då stoppa og lege blir tilkalla for å gjere ei vurdering av deg, les meir om dette under punkt 8) og 9) nedst på sida.
Etter
Avslutning av transfusjonen
Når heile innhaldet i posen har blitt transfundert koplar den som utfører transfusjonen slangesettet frå venekateteret. Etter avslutta transfusjon blir målingane av blodtrykk, puls, kroppstemperatur, pustefrekvens samt ev. oksygenmetning gjort på nytt. Hos dei aller fleste er desse målingane uforandra i forhold til målingane før og undervegs, men dersom det er større endringar kan dette vere teikn på ein reaksjon på transfusjonen, les meir om dette under punkt 8) og 9) nedst på sida.
Kontroll av effekt av transfusjonen
For å kontrollere at transfusjonen har hatt ønska effekt hos deg, kan ein ta blodprøve etter at transfusjon er avslutta. Det kan til dømes bli målt Hb (blodprosent) etter transfusjon med raude blodceller, eller det kan bli målt tpk (antal blodplater) etter transfusjon med blodplater. Det tar 1-2 timar å få svar på desse analysane. Dersom transfusjonen ikkje gir ønska effekt (høg nok stigning i Hb eller blodplatetal), kan det bli nødvendig at du får transfusjon med fleire blodprodukt.
Heimreise etter transfusjon
Det er din behandlande lege som avgjer kor raskt du kan reise heim etter ein transfusjon. Ei vurdering blir gjort på bakgrunn av tilstanden din, årsaka til transfusjonen og om transfusjonen har hatt ønska effekt, om du tidlegare har hatt reaksjonar etter transfusjon og korleis heimesituasjonen din er.
Meir om transfusjon
Kontakt
Laboratoriebygget
Immunologi og transfusjonsmedisin
Laboratoriebygget
Immunologi og transfusjonsmedisin
Kontakt Immunologi og transfusjonsmedisin
Oppmøtestad
Laboratoriebygget
Laboratoriebygget på Haukeland