Det er ingen førebuingar til denne operasjonen.
Dupuytrens kontraktur - operasjon ved Voss/HUS
Ved Dupuytrens kontraktur blir bindevevshinna i handflata tjukkare og lagar harde knutar og strengar under huda. Tilstanden er mest vanleg i Norden og blir kalla ofte «vikingfinger». Årsaka er ukjent, men det er ofte arveleg.
Diagnosen blir stilt ut frå sjukehistorie med årsaker og symptom, og undersøkinga til legen. Vanlegvis blir ikkje ømme knutar i handflata behandla i tidleg fase, for det kan påskynde sjukdomsprosessen. Dersom sjukdommen gir funksjonstap og ledda stivnar, kan det vere aktuelt med operasjon.
Tilvising og vurdering
Fastlegen tilviser til spesialisthelsetenesta for vurdering.
Før
Under
Under operasjonen blir dei harde strengene eller knutane i den fortjukka bindevevshinna fjerna slik at fingrane kan strekkast ut. Operasjonen kan ta frå 30 minutt til tre timar og blir gjort i lokalbedøving eller narkose, avhengig av kor omfattande inngrepet er. Av og til er det nødvendig med hudtransplantasjon dersom huda har blitt veldig stram.
Du får ein mjuk bandasje som gir lett trykk eller ein gips på handa og dei opererte fingrane. Vanlegvis kan du reise heim same dag.
Etter
For å motverke hevelse i handa etter operasjonen bør du:
- Halde handa høgt (over hjartehøgde) når du ikkje bruker handa, og strekke ut i skuldra.
- Ha handa på pute om natta.
- Bevege på og bruke handa så mykje som bandasjen tillèt, men unngå tunge løft.
- Bøye og strekke fingrane og armen fleire gonger dagleg.
Du kan oppleve smerte i operasjonsområdet i nokre dagar. Du kan ta smertestillande ved behov (for eksempel Paracet og Ibux).
Vanlegvis blir du sjukmeld i inntil 4 veker, avhengig av typen arbeid du gjer. Etter éi veke skal du til kontroll og skifte bandasje. Da får du eventuelt tilpassa støtteskjene som du skal bruke om natta i ein periode. Du vil få rettleiing til arrbehandling og opptrening av handfunksjon hos ergoterapeut. Kontrollane blir avtalte etter behov.
Stinga blir fjerna av ein sjukepleiar eller fastlege etter 10–14 dagar.
Ver merksam
Dersom bandasjen er for trong, om du får feber, har vedvarande smerter eller hevelse som ikkje går tilbake, må du kontakte sjukehuset.
Det er alltid ein risiko for at noko av kjensla i fingeren kan bli sett ned i ein kortare eller lengre periode etter operasjon. Dersom fingeren har vore svært bøygd over lang tid kan det vere vanskeleg å få retta han heilt ut. Det er også ein risiko for at tilstanden kan komme tilbake igjen.
Kontakt
Voss sjukehus
Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss
Oppmøtestad
Medisinsk poliklinikk i ligg i fyrste etasje, der du går inn hovedinngangen. Sjå også informasjon i innkallingsbrevet om kor du skal møte.
Gynekologisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset ved inngang Vest (vis a vis legevakt/poliklinikk), sjå eige skilt.
Dersom du vil betale kontant, kan du få utført det i resepsjonen i fyrste etasje/hovedinngang, i opningstida 08:00 - 15:00.

Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss