Dupuytrens kontraktur - operasjon ved Voss/HUS

Ved Dupuytrens kontraktur blir bindevevshinna i handflata tjukkare og lagar harde knutar og strenger under huda. Tilstanden er mest vanleg i Norden og blir ofte kalla «vikingfinger». Årsaken er ukjent, men det er ofte arveleg.

Diagnosen blir stilt ut fra sjukehistorie med årsaker, symptom og legens undersøking. Vanlegvis blir ikkje ømme knutar i handflata behandla i tidleg fase sidan det kan påskunde sjukdomsprosessen. Dersom sjukdommen gir funksjonstap og ledda stivnar, kan det vere aktuelt med operasjon.

Tilvising og vurdering

Fastlegen henviser til spesialisthelsetjenesten for vurdering.

Før

Det er ingen førebuing til denne operasjonen.

Under

Under operasjonen blir dei harde strengene eller knutane i den fortjukka bindevevshinna fjerna slik at fingrane kan strekkast ut. Operasjonen kan ta fra 30 minuttar til 3 timer, og blir gjort i lokalbedøving eller narkose avhengig av kor omfattande inngrepet er. Nokon gonger er det nødvendig med hudtransplantasjon dersom huda har blitt veldig stram.

Du får ein mjuk bandasje eller ein gips på handa og dei opererte fingrane. Bandasjen skal gi lett kompresjon. Vanligvis kan du reise heim same dag.

Etter

For å motvirke hevelse i handa etter operasjonen bør du:

  • Halde handa høgt (over hjertehøgde) når du ikkje brukar handa, og strekke ut i skuldera. 
  • Ha handa på pute om natta.
  • Bevege på og bruke handa så mykje som bandasjen tillet, men unngå tunge løft.
  • Bøye og strekke fingrane og armen fleire ganger dagleg.

Du kan oppleve smerte i operasjonsområdet i nokre dager. Du kan ta smertestillende medikament ved behov (for eksempel Paracet og Ibux).

Vanligvis blir du sjukmeldt i 0-4 veker, avhengig av typen arbeid du gjer. Etter ei veke skal du til kontroll og skifte bandasje. Da får du eventuelt tilpassa nattortose som du skal bruke om natta i ei viss tid. Du vil få veiledning til arrbehandlinga og opptrening av handfunksjon hos ergoterapeut. Kontrollane blir avtalt etter behov.

Stinga blir tatt hos ein sjukepleiar eller fastlege etter 10-14 dagar.

Ver merksam

Dersom bandasjen er for trang, om du får feber, har vedvarande smerter eller hevelse som ikkje går tilbake må du kontakte sjukehuset.

Det er alltid ein risiko for at noko av følelsen i fingeren kan bli nedsatt i ein kortare eller lengre periode etter operasjon. Dersom fingeren har vore svært bøygd over lang tid kan det være vanskelig å få retta den heilt ut. Det er også ein risiko for at tilstanden kan komme tilbake igjen.

Kontakt

Voss sjukehus Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss

Kontakt Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss

Oppmøtestad

Kirurgisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset ved akuttmottak, der kan du gå rett inn frå gateplan. Går du inn hovedinngangen i 1. et, ligg poliklinkken i 3. et. Følg skilting og raud/svart stripe i golvet.

Medisinsk poliklinikk i ligg i 1. et, der du går inn hovedinngangen. Sjå også informasjon i innkallingsbrevet om kor du skal møte.


Gynekologisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset (vis a vis legevakt/poliklinikk), sjå eige skilt.
 
Ein kan ikkje lenger betale med kort på poliklinikken. Etter konsultasjonen får du tilsendt link på telefonen med tilbod om å betale med Vipps eller faktura.
Dersom du vil betale kontant, kan du få utført det i resepsjonen i 1.et/hovedinngang, i åpningstida.

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Transport

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

Praktisk informasjon

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

​​​Generell besøkstid
​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.