Fedmebehandling - livsstilsendring

Livsstilsbehandling skal hjelpe deg med å gjennomføre dei endringane som trengst for å gå ned i vekt og oppnå varig stabilisering av vekta. Ein del av livsstilsbehandlinga er åtferdsbehandling. Dette er nyttig for å sikre at du som pasient reduserer inntak av kaloriar og held oppe eller aukar nivået av fysisk aktivitet.

Intensiv livsstilsbehandling er basis for all vektreduserande behandling, også før og etter vektreduserande kirurgi.  Åtferdsbehandlinga skal hjelpe deg til å gjennomføre endringar i livsstilen din og halde på gode kost- og aktivitetsvanar. Målet er å oppnå vektreduksjon og varig vektstabilisering. 

Før

Et vellykket resultat av livsstilsbehandling krever at du som pasient er motivert og klar for endring av dine levevaner. Det er viktig å avklare forventninger sammen med behandler samt sette realistiske mål.

Under

Åtferdsbehandling er ein viktig del av behandlinga som skal hjelpe deg til å endre og halde på nye kost- og aktivitetsvanar over tid. Den består av hyppig oppfølging både individuelt og i gruppe. Saman jobbar vi både med strategiar og tiltak i kvardagen og med konkrete mål. 

Konkrete mål 

Det lønner seg å sette heilt konkrete mål for ny åtferd som kan føre til ein varig vektreduksjon. Eit eksempel på dette er at du bestemmer deg for å gå ein rask 30-minuttars tur kvar dag uansett vær, men at du også bestemmer deg for ein konkret erstatning dersom det blir eit forferdeleg uvær. 

Sjølvmonitorering 

Før dei nye vanane er innarbeidd, kan det også vere viktig at du systematisk kartlegg matinntak, fysisk aktivitet og kroppsvekt, og at du bruker denne informasjonen som hjelp til å bli bevisst vanane dine og endre livsstil. Det er viktig at du tør å vege deg, og at du bruker desse resultata til å justere matinntak og fysisk aktivitet (sjølvmonitorering). 

Stimuluskontroll 

Det er viktig å forstå kva ytre faktorar (stimuli) som kan utløyse overeting, for eksempel lett tilgjengeleg sjokolade eller snacks på bordet. Jo meir svolten ein er, desto større er sjansen for at freistingane kan påverke vala dine. Eit eksempel er å gå i butikken når det er lenge sidan ein har ete. 
 
Ein bør prøve å redusere eller fjerne freistingane eller lønne seg sjølv på andre måtar dersom ein klarer å la vere å forsyne seg.  

Redusert kaloriinntak 

Å redusere kaloriinntaket er den mest effektive metoden for å gå ned i vekt. Det finst mange ulike diettar, for eksempel lågfeitt-, lågkarbo-, høgprotein- og låg glykemisk indeks. Forsking har likevel vist at diettane ikkje gir forskjellige effektar på varig vekttap (over to år). God og varig vektreduksjon kan du oppnå ved å redusere kaloriinntaket med 500–1000 kaloriar per dag eller eit totalinntak på 1200–1800 kaloriar per dag. 

Fysisk aktivitet 

For å sikre eit varig vekttap er det viktig med regelmessig fysisk aktivitet, og det er aldri for seint å begynne. Det kan for eksempel vere å gå ein rask 30-minuttars tur kvar vekedag uavhengig av vær. 

 

Redusert kaloriinntak

Å redusere kaloriinntaket er den mest effektive metoden for å gå ned i vekt. Det finnes mange ulike dietter, som for eksempel lavfett-, lavkarbo-, høyprotein-, lav glykemisk indeks. Forskning har imidlertid vist at diettene ikke gir forskjellige effekter på varig vekttap (over 2 år). God og varig vektreduksjon kan oppnås ved å redusere kaloriinntaket med 500-1000 kalorier per dag eller et totalinntak på 1200-1800 kalorier per dag.

Lavkaloridiett 

Fysisk aktivitet

For å sikre et varig vekttap er det viktig med regelmessig fysisk aktivitet, og det er aldri for sent å begynne. Det kan for eksempel være å gå en rask 30 minutters tur hver ukedag uavhengig av vær.

Fysisk aktivitet i fedmebehandling 

Etter

Mange har erfart at vektstabilisering etter vekttap er vanskeleg. Kroppen har ei rekke innebygde forsvarsmekanismar mot vekttap, og desse har gode metodar for å bringe vekta opp igjen. Dei som har gått mykje ned i vekt, blir meir svoltne, får meir lyst på usunn mat og får lågare forbrenning (spareblusseffekten). Dette gjer det mykje lettare å legge på seg igjen. 

Du bør derfor legge ein god plan for kva som må til for å stabilisere vekta etter ein vellykka vektreduksjon. Dette inneber praktisk planlegging, oppfølging hos fastlegen og bruk av sosiale nettverk, venner og familie for å få støtte til livsstilsendringane som er nødvendige. 

Å halde på gode levevanar etter vektreduksjon er ein livslang og krevjande prosess, og du bør førebu deg på at det kan bli vanskeleg i periodar. Dersom du får tilbakefall eller nye problem, kan du bli tilvist til sjukehuset på nytt. 

Kontakt

Ulriksdal helsepark Overvekt­poliklinikken

Kontakt Overvekt­poliklinikken

Oppmøtestad

Du finn oss i Ulriksdal helsepark, 2. etg.

Ulriksdal helsepark

Ulriksdal 2

5021 Bergen

Transport

​Du kan nytta alle bussar som går til og frå Haukeland universitetssjukehus for å komme til oss. Gå av/på bussen ved haldeplassen nord for sjukehuset eller ved Odontologen.

​Næraste stoppestad til Lærings- og meistringssenteret er bybanestoppet Haukeland sjukehus som ligg mellom Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus. Utgangen mot Haraldsplass er nærast Lærings- og meistringssenteret i Ulriksdal helsepark. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til Lærings- og meistringssenteret. 

Det er eit fåtall parkeringsplassar i 1. etasje i Ulriksdal helsepark. Parkeringssystemet leser bilskiltet ditt når du køyrar inn og ut. Betaling skjer via app eller på automat. Det er også parkeringsplassar i parkeringshusa til Ulriksdal, Haraldsplass diakonale sykehus og Haukeland universitetssjukehus. 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Barn

Voksne

  • Ta blodprøver hos fastlege eller på Haukeland
  • Tenke gjennom kosthald/aktivitetsnivå
  • Tenke gjennom faktorar i livet ditt som kan hjelpe deg å nå ditt mål
  • Tenke gjennom kva for faktorar i livet ditt som er til hinder for å nå målet ditt.

Vi deler resepsjon med kiropraktorklinikken, og vi ber om at alle besøkande tar kontakt i resepsjonen for registrering når dei kjem.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.