Behandling
Fjerning av livmortapp (konisering) ved Voss/HUS
Konisering vil seie at vi fjernar den ytre delen av livmorhalsen (livmortappen). Dette blir gjort når det er registrert middels eller store celleforandringar. Disse celleforandringane sit oftast ytterst på livmortappen. Når du har fjerna denne ytre delen av livmorhalsen regnar vi med at du er ferdigbehandla for celleforandringer. Du skal likevel ha jevnlege kontrollar i etterkant.Introduksjon
Dersom vevsprøvar fra livmorhalsen din bekreftar mistanke om celleforandringar, anbefalar vi ein mindre operasjon for fjerning av livmortappen.
Tilvising og vurdering
Fastlege eller anna helsetjeneste henviser til utredning
Før
Det er viktig at du fjernar alt metall som smykker, ringar, klokker, piercing før inngrepet fordi operasjonen blir gjort med straumførande instrument (diatermi). .
Inngrepet blir som regel gjort i lokalbedøving. Dersom inngrepet blir utført i narkose må du faste før behandlingen. Du vil få beskjed før operasjonen. Generelle reglar for faste:
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker:: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Konisering er ein skånsom behandling. Ein kjegleforma bit ytterst på livmortappen blir fjerna med ei lita elektrisk varmeslynge. Siden det vanlegvis ikkje er nødvendig å sy, vil det være ein viss risiko for blødning.
Etter
Etter inngrepet blir det av og til lagt inn ein spesiell tampong i skjeden. Denne fjernar du sjølv samme kveld etter avtale med lege.
Nokon får menstruasjonslignande smerter etter konisering. Det går ca. 3 veker før såret på livmorhalsen har grodd, og i denne perioden må du regne med utflod med blod. Før såret er grodd eller så lenge du blør fraråder vi samleie, tampongbruk og store fysiske utfordringar. Sjukmelding kan være aktuelt i ein dag.
Som regel har dette inngrepet liten betydning for seinere svangerskap.
Biten som er skåren bort blir sendt til undersøking. Både du og henvisande lege får informasjon om prøvesvar.
Etter konisering skal du ta celleprøve, inklusive virusprøve hos fastlegen din etter 6 måneder og etter 12 måneder. Dersom celleprøvane er normale skal du ta ny celleprøve kvart 3. år hos fastlegen din i minimum 10 år.
Hvis det er tvil om at celleforandringane er fullstendig fjerna blir du kalla inn til kontroll seks månader etter koniseringen.
Ver merksam
Hvis du skulle begynne å blø tek du kontakt med avdelingen som behandla deg. Blødningsfaren er størst dei fyrste dagene etter operasjonen. Du må også ta kontakt med avdelinga ved aukande smerter og/eller feber.
Kontakt
Voss sjukehus
Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss
Oppmøtestad
Medisinsk poliklinikk i ligg i 1. et, der du går inn hovedinngangen. Sjå også informasjon i innkallingsbrevet om kor du skal møte.
Gynekologisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset (vis a vis legevakt/poliklinikk), sjå eige skilt.
Dersom du vil betale kontant, kan du få utført det i resepsjonen i 1.et/hovedinngang, i åpningstida.
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss