Undersøking
Glukosebelastningstest, Voss
Glukosebelastningstest brukast for å stille diagnosen diabetes. Dette er ei undersøking der ein kontrollerer kroppens evne til å regulere blodsukkernivået. Eit blodsukkernivå innanfor normalområdet er viktig for god helse.
Før
Du må møte fastande til glukosebelastningstesten. Det vil seie at du ikkje må ete, drikke, røykje eller tyggje tyggjegummi etter midnatt kvelden før undersøkinga.
Under
På undersøkingsdagen blir det først blir det tatt ein blodprøve for å kontrollere blodsukkerverdiane når du er fastande. Deretter må du drikke ein sukkerhaldig drikk (inneheld sukker / glukose tilsvarande sukkerinnhaldet i 0.75 l cola). Du sit deretter i ro i to timar på legekontoret, og so målast blodsukkeret på nytt.
Du må ikkje ete, drikke, røykje, eller tyggje tyggjegummi i ventetida, og du må halde deg i ro fordi aktivitet kan verke inn på blodsukkerverdiane dine. Det kan vere greit å ha med lesestoff eller lignande til undersøkinga.
Undersøkinga er over etter at siste blodprøve er gjennomført. Heile undersøkinga tar om lag 3 timar.
Etter
Resultatet av blodprøvane er klare same dag som testen blir gjennomført. Lege eller jordmor som tilviste deg til glukosebelastningen vil tolke resultatet og forklare deg meir, og informere om vidare oppfølging og tiltak.
Kontakt
Voss sjukehus
Føde poliklinikk Voss
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss