Bruk vanlege augedråpar som normalt fram til operasjonsdagen. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å slutte med ein eller fleire augedråpar i forkant av operasjonen.
Som regel møter du til ei forundersøking ved augeavdelinga der du skal opererast. Då gjer ein fleire tilleggsundersøkingar av augane slik at ein har gjort opp status og avgjort om det er operasjonsindikasjon. Då vil du også få informasjon om kva slags operasjon ein planlegger å utføre.
Førebuingar før behandling
- Det er viktig i forkant av operasjonen å informere oss om alle typar medisinar du bruker (ikkje berre augedråpane) og ta dei med ved innlegging på sjukehuset.
- Hvis du bruker diamoxtabletter skal du snakke med øyelegen om når du skal slutte med disse i forkant av operasjonen.
- Bruker du blodfortynnande medisinar er det viktig å informere oss om dette i god tid før operasjonen. Det finst fleire typar blodfortynnande medisinar og det varierer kor lang tid i forkant av operasjonen du treng å slutte med dei.
På generell basis er det ønskeleg at AlbylE blir avslutta 10 dagar før operasjon og Marevan 3 dagar før. Kontakt fastlegen din for å stadfeste om dette er forsvarleg for deg på bakgrunn av din helsetilstanden. - Har du kjent allergi for medikament er det viktig at du informerer oss om dette i forkant.
- Om du får augekatarr (augeinfeksjon) dei siste par vekene eller dagane før den planlagte operasjonen, må du ta kontakt med avdelinga der du skal opererast. Truleg må auget ditt behandlast med antibiotika augedråper og operasjonen utsettast.
På sjukehuset
Har du lang reiseveg til sjukehuset, blir du som oftast innlagt dagen før operasjonen skal utførast. Dersom du har kort reiseveg eller dagkirurgisk operasjon, møter du på operasjonsdagen i god tid før inngrepet. Auget skal forberedast med rensedråper, og dei fleste får (tilbod om) ein beroligande tablett i forkant av operasjonen slik at dei slapper godt av.