Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gynekologiske fistlar, Voss

Gynekologiske fistlar er ei unormal opning frå blære eller tarm til underlivet; skjede, livmor eller perineum (hudområdet mellom skjedeopninga og endetarmsopninga). Ein skil utgreiing etter kor fistelen kjem frå; urinvegsfistlar eller tarmfistlar. Behandling skil seg oftast etter årsak; betennelsesfistlar krev medisinsk behandling, mens fistlar etter akutt skade (fødsel/operasjon) kan som oftast opererast.

Tilvising og vurdering

Underlivsfistel er ein relativt sjeldan sjukdom og kan vere vanskeleg å påvise og behandle. Kvinner med mistanke om slik tilstand kan søkast til Nasjonal behandlingsteneste for gynekologiske fistlar. Det er ei nasjonal teneste ved Gynekologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Her vil du få gjennomført undersøking, og dersom fistel blir påvist vil du få tilbod om behandling.

Nasjonal behandlingstjeneste for gynekologiske fistler

Fastlegen din eller annan lege som mistenker at du har ein fistel, sender tilvising. Vi treng meir informasjon om kva som eventuelt er årsaka til fistelen:

  • operasjon eller fødsel
  • tarmbetennelsessjukdom
  • strålebehandling

Kvinner med påvist eller sterk mistanke om gynekologisk fistel

Passasje mellom urinvegar/vagina/uterus eller tarm/vagina/uterus/perineum bør tilvisast for vurdering og behandling.

Kardinalsymptom er nyoppstått urin- eller avføringslekkasje, evt. luftlekkasje, frå vagina etter operasjon eller fødsel. Fistlar oppstått etter strålebehandling eller som ledd i inflammatorisk tarmsjukdom kan også tilvisast for vurdering. Urinlekkasje eller avføringsinkontinens utan anna påviseleg årsak kan tilvisast for undersøking.

Perianalfistler (fistlar frå anus til perineum utan tidlegare gynekologisk/obstetrisk sjukdom eller skade) blir ikkje rekna som gynekologisk fistel og blir behandla primært av gastrokirurgar.

Ved påvist gynekologisk fistel

Nasjonal behandlingstjeneste for gynekologiske fistler vil vurdere kva behandling som blir anbefalt kvar enkelt pasient. Dersom det blir vurdert at kirurgisk operasjon vil vere best, for tilfellet til pasienten, skal pasienten få tilbod om slik behandling ved den nasjonale behandlingstenesta, mens støttande/supplerande behandling (som for eksempel utlagd tarm, kateterdrenasje, medikamentell behandling) blir gitt i samarbeid med heimesjukehuset. Nokre kompliserte fisteloperasjonar vil vanlegvis bli opererte ved urologisk eller gastrokirurgisk avdeling.

Urinvegsfistel

Ved urinvegsfistel diagnostisert kort tid (<14 dagar) etter operasjonen som gav komplikasjonen, kan tilvisande lege ringe og diskutere moglegheit for omgåande innlegging, eventuelt også legge inn blærekateter.

Tarmfistel

Ved tarmfistel diagnostisert kort tid (<14 dagar) etter fødsel/operasjon: Ring og diskuter moglegheit for omgåande innlegging, alternativt utlagd tarm ved primærsjukehus.

Sjekkliste for tilvising

  • Kva slags symptom har kvinna; lekkasje av urin eller avføring?
  • Når starta symptoma?
  • Kva er mogleg årsak til fistelen; inflammasjon, operasjon/fødsel eller strålebehandling?
  • Send med aktuelle operasjonsnotat og kopi av tidlegare utgreiing og behandling.
  • Kva finn du ved gynekologisk undersøking?
  • Ved urinlekkasje utan at fistel frå blæra er sett; ver vennleg å bestille og sende med resultat av CT-urinvegar med kontrast.
  • Har kvinna andre sjukdommar som har innverknad på undersøking i narkose/operasjon?
  • Legg ved kopi av medikamentliste.

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Voss sjukehus Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss

Kontakt Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss

Oppmøtestad

Kirurgisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset ved akuttmottak, der kan du gå rett inn frå gateplan. Går du inn hovedinngangen i 1. et, ligg poliklinkken i 3. et. Følg skilting og raud/svart stripe i golvet.

Medisinsk poliklinikk i ligg i 1. et, der du går inn hovedinngangen. Sjå også informasjon i innkallingsbrevet om kor du skal møte.


Gynekologisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset (vis a vis legevakt/poliklinikk), sjå eige skilt.
 
Ein kan ikkje lenger betale med kort på poliklinikken. Etter konsultasjonen får du tilsendt link på telefonen med tilbod om å betale med Vipps eller faktura.
Dersom du vil betale kontant, kan du få utført det i resepsjonen i 1.et/hovedinngang, i åpningstida.

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Transport

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

Praktisk informasjon

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

​​​Generell besøkstid
​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.