Gynekologiske fistlar, Voss
Gynekologiske fistlar er ei unormal opning frå blære eller tarm til underlivet; skjede, livmor eller perineum (hudområdet mellom skjedeopninga og endetarmsopninga). Ein skil utgreiing etter kor fistelen kjem frå; urinvegsfistlar eller tarmfistlar. Behandling skil seg oftast etter årsak; betennelsesfistlar krev medisinsk behandling, mens fistlar etter akutt skade (fødsel/operasjon) kan oftast opererast.
Underlivsfistel er ein relativt sjeldan sjukdom og kan vere vanskeleg å påvise og behandle. Kvinner med mistanke om slik sjukdom kan søkast til Nasjonal behandlingsteneste for gynekologiske fistlar er ein nasjonal teneste ved Gynekologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Her vil du bli undersøkt, og dersom fistel blir påvist, vil du få tilbod om behandling.
Nasjonal behandlingstjeneste for gynekologiske fistler
Tilvising og vurdering
Fastlegen din eller annan lege som mistenkjer at du har ein fistel, sender tilvising. Vi treng med informasjon om kva som eventuelt er årsaka til fistelen:
- operasjon eller fødsel
- tarmbetennelsessjukdom
- strålebehandling
Utgreiing
Ved underlivsundersøking (gynekologisk undersøking, GU) ser ein om det renn urin eller kjem ut mørk væske frå opning i skjeden eller huda utanfor. Fordi opningane er små, vil det ofte vere nødvendig med undersøking i narkose. Då kan ein samstundes lyse inn i blæra (cystoskopi) eller endetarmen (rektoskopi).
Følgande enkeltbehandlingar/undersøkingar kan vere aktuelle som del av utgreiinga:
- Gynekologisk undersøking i narkose
- Ved urinvegsfistlar: Cystoskopi, eventuelt CT urinvegar
- Ved tarmfistlar: Rektoskopi, eventuelt MR bekken m/kontrast
- Ved mistanke om betennelse i tarmen, eventuelt koloskopi (for å lyse høgare opp i tarmen enn endetarmen
Kor lang tid tar normalt utgreiingsfasen?
Pasientar som blir søkt til utgreiing vil normalt få tid til undersøking ved Haukeland universitetssjukehus innan 6–8 veker. Dersom det skal gjerast andre undersøkingar (røntgen/koloskopi) vil det ofte bli gjort ved ditt lokale sjukehus dersom du ikkje bur i Bergen. Ventetida ved lokalt sjukehus kjem i tillegg.
Behandling
Oppfølging
Sjukemelding
Etter operasjon blir ein sjukemeld i om lag 4 veker.
Kontroll
Kontroll vil bli sett opp 2 veker etter urinvegsfisteloperasjon, og omlag 2–3 månadar etter tarmfisteloperasjon.
Medisinar
- Lokal østrogentablett i skjeden vert tilrådd etter operasjon.
- Ved kateterbehandling får alle Hiprex tabletter.
Kontakt
Voss sjukehus
Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss
Oppmøtestad
Medisinsk poliklinikk i ligg i 1. et, der du går inn hovedinngangen. Sjå også informasjon i innkallingsbrevet om kor du skal møte.
Gynekologisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset (vis a vis legevakt/poliklinikk), sjå eige skilt.
Dersom du vil betale kontant, kan du få utført det i resepsjonen i 1.et/hovedinngang, i åpningstida.
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss