Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hofte, kikhòlsoperasjon

Kikhòlsoperasjon i hofteleddet er ein operasjonsmetode som gir kirurgen tilgang til hofteleddet og strukturar rundt dette gjennom små opningar (kikhòl) i huda. Dette gir moglegheit for å korrigere små, men ofte viktige detaljar i og omkring leddetn utan stor arrdanning.

Årsaker

Målet med kikhòlsoperasjon i hofta, er at pasienten skal kunne bevare hofteleddet lengst mogleg. Kirurgen vil prøve å reparere leddet i størst mogleg grad.

Jo meir leddet er skadd på førehand, desto mindre blir moglegheita for lindring av operasjon. Sjølv mindre skadar vil ha noko å seie for slitasje i leddet og det kan bli behov for kunstig hofteledd (hofteprotese) på lengre sikt.

Tilvising og vurdering

Fastlegar, fysioterapeutar/manuellterapeutar og kiropraktorar kan tilvise til  vurdering for operasjon.

Før ein eventuell kikhòlsoperasjon i hofta, er det vanleg med ei vurdering hos ortopedisk kirurg først. Her blir det diskutert val av behandling. Dersom operasjonsbehandling er mogleg, vil det likevel vere naturleg å diskutere alternativ til operasjon som løysing på hofteproblemet.

Risiko for komplikasjonar og potensielt manglande verknad på hofteproblemet er forhold som må gåast gjennom før du eventuelt kan gi eit informert samtykke til operasjon.

Tilvisinga bør innehalde

  • høgd
  • vekt
  • blodtrykk
  • kardiologisk sjukehistorie eller relevant anamnese (4MET +)
  • røntgen av bekkenet er nødvendig for å karakterisere hoftefeilen som ligg til grunn for problemet (som til dømes kan vere eit MR-funn av ein labrumruptur)

Før

Det kan bli nødvendig å greie ut hofteleddet med spesialiserte biletundersøkingar i forkant av ein operasjon. Det er viktig å halde oppe aktivitetar som gir ei akseptabel grad av ubehag i hofta. I forkant av operasjonen treng ein ikkje å trene/tøye spesielt, heller ikkje avgrense all kvardagsaktivitet.

Vidare blir det gjort ei vurdering om kvalifikasjonar for operasjon når det gjeld mellom anna hjarte-/lungekapasitet, allergiar, spesielle forhold i nakke og luftvegar, vurdering av problem ved tidlegare operasjonar/bedøvingar. Sjukehusa har ulike rutinar på når dette blir utført, i forhold til operasjonstidspunktet.

Moderate smerter, låsning eller svikt situasjoner er vanlige symptomer på tilstander det går an å behandle med hofteartroskopi. Mindre skader kan utbedres og ugunstig utforming (anatomi) av hofteleddet kan til en viss grad forbedres med hofteartroskopiske teknikker.

Tilstander som settes i forbindelse med hofteartroseutvikling («slitasjegikt») kan noen ganger utbedres slik at det gir håp om utsettelse av artrosesykdommen, men det mangler langtidsdokumentasjon på at dette virkelig skjer.

Korttidsresultater viser lindring av plager som et regelmessig fenomen, og dette tas foreløpig til inntekt for at inngrepene kan gi langvarig effekt også.

Noen ganger er hofteartroskopi del av en større kirurgisk behandling hvor andre ledd bevarende inngrep utføres i etterkant, eller hvor hofteartroskopi fungerer som et supplement til større behandling omkring leddet.

Under

Om det er klart at operasjon er eit behandlingsalternativ for deg, vil du få eit innkallingsbrev frå sjukehuset. Her står det kvar og når du skal møte, vanlegvis vil det vere dagen før operasjonen. Det er vanleg med ein kort samtale med kirurgen om eventuelle forhold som du ønskjer å ta opp, og kirurgen vil stadfeste at alt ligg til rette for operasjon.

Operasjonsdagen blir du teken med til operasjonsavdelinga der du blir møtt av anestesipersonell. Det er vanleg at operasjonen blir utført i narkose, eventuelt i kombinasjon med anna bedøving. Det betyr at du søv under sjølve behandlinga.

Hva skjer under operasjonen?

Beinet blir plassert i holder for foten og strekkes for å lage rom i leddspalten. Det benyttes flere små hudsnitt eller kikkhull (3 til 5), og disse er vanligvis ca. 5‐10 mm lange.

Instrumenter føres inn og det benyttes vann under trykk. En ufarlig saltvannshevelse i operasjonsfeltet er vanlig etter avsluttet prosedyre. Noe av saltvannet kan lekke ut gjennom innstikksåpningene de første timene etter operasjonen, vannet vil være blodtilblandet og kan forveksles med blødning for dem som ikke er erfarne i å vurdere dette.

Lengden på inngrepene varierer fra 30 minutter til 3 timer alt etter hvor mye som skal gjøres. Lange inngrep har naturlig nok mest saltvannshevelse / lekkasje fra åpninger.


Etter

Etter at operasjonen er ferdig, blir du overført til oppvakningsavdelinga. Her blir du liggjande til alle forhold etter narkose/bedøvingane er klarerte, og du kan overførast til sengepost eller skrivast ut. Du kan reise heim når du er heilt vaken igjen.

 

Stell av såret er viktig for førebygging av sårproblem, som infeksjon. Litt lekkasje av blodtilblandet væske det første døgnet etter operasjonen er vanleg. Deretter skal såret vere tørt og gradvis mindre vondt. Det er normalt at huda er litt rødleg i nokre millimeters omkrins av såra, men sterk raudfarge og varme er eit fareteikn. Ta kontakt med operasjonsavdelinga (eller anna avtalt helseteneste) omgåande, dersom du mistenkjer eit problem med såra.

Operasjonssåra ved kikhòlsoperasjon er sydde med tråd som må fjernast når såra er grodde. Kirurgen vil informere deg om når du kan bestille time hos fastlegen for å få fjerna stinga.

Fysioterapi er vanleg etter kikhòlsoperasjon i hofta, og du får med deg tilvising til fysioterapi ved utreise. Det er viktig at du tek kontakt med fysioterapeut med kompetanse på hofte. Gjerne i forkant av kirurgien, slik at rehabilitering kan startast tidleg etter kirurgien.

Sjukehusavdelinga vil følgje deg opp med kontrollar etter hofteoperasjonen. Du får time på poliklinikk seks veker etter operasjonen. Ofte blir det teke eit røntgenbilete same dag, i forkant av konsultasjonen med kirurgen.

Vidare oppfølging er seks månader etter operasjonen, og etter eitt år dersom dette blir vurdert som nødvendig. Du må rekne med å bli kalla inn gruppevis til etterkontrollar som ei langtidsoppfølging. Dette vil du få beskjed om god tid i førevegen.

Det er viktig at du tenkjer igjennom om sjukehuset kan få bruke resultata av for- og etterundersøkingar, heilt anonymt, til vitskapleg arbeid. Dette vil du blir spurd om, og dersom du ønskjer det, kan du gi den skriftlege godkjenninga di til dette. Dette er ikkje nødvendig for å få behandling, men det er til stor hjelp for sjukehuset og det vitskaplege miljøet om du bidreg. Du kan alltid trekkje godkjenninga di tilbake på eit seinare tidspunkt.

Kor lang sjukmelding du treng, er avhengig av kva for ei spesifikk behandling du har fått og kva typar arbeidsoppgåver du har. Det kan også spele inn om du har ein jobb med fysisk tungt arbeid eller ikkje. Det er vanleg med 2–3 månader for dei med lettare fysisk arbeid, og 3–6 månader for dei med tyngre fysisk arbeid.

Ver merksam

Kontakt avdelinga om dersom du får nokre av desse plagene:

  • tung pust
  • bløding i såret
  • væske fra såret
  • aukande hevelse, raude eller smerte frå såret
  • aukande hevelse i eitt eller begge bein
  • sjukdomskjensle/nedsett allmenntilstand
  • svimmelheit eller svime
  • ​feber

Blir du akutt sjuk, ring 113.

 

Kontakt

Kysthospitalet i Hagevik Kysthospitalet i Hagevik
Ventetid: 12 - 27 uker

Ventetid: 12 - 27 uker

Kontakt Kysthospitalet i Hagevik

Kysthospitalet i Hagevik

Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik

Transport

Om du kjem med bil frå Bergen:

  • Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til avkøyrsel 64. 
  • Ta andre avkøyrsel i rundkøyringa og følg vegen i ca 4 km til du ser sjukehusskiltet.

Om du kjem med bil frå Halhjem:

  • Følg E39 mot Bergen.
  • Ta avkøyrsel 64, ta andre avkøyrsel i første rundkøyringa og første avkøyrsel i neste rundkøyring - og følg vegen ca. 4 km til du ser sjukehusskiltet.


Buss frå Bergen:

  • Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik.
Buss frå Bergen lufthavn Flesland:

  • Bybanen til Lagunen terminal og deretter bussrute 600 til Tøsdalsskiftet, og så rute 602/607 til Hagavik.​

Buss frå Halhjem:

  • Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Ventetid

12 uker til utredning

15 uker til innleggelse (27 totalt)

Praktisk informasjon

​Dessverre er nokre pasientar allergiske. Vi ønsker derfor å begrensa mengden avskårne blomster. Potteplantar er ikkje tillatt.

​Vi gjer merksam på at all skriftleg kommunikasjon som inneheld helseopplysningar eller anna personsensitiv informasjon skal sendast som eDialog​.

Les meir om eDialog og korleis du går fram for å sende sikker melding

Kantine finst i 1. etasje. Den er open kl. 10‐15 alle kvardagar. 

Det er ikkje minibank på sjukehuset, men du kan betala med bankkort. I kantina kan du òg betale med Vipps.

Mobiltelefon er tillat på heile sjukehuset, men vi ønsker at den står på lydlaus når du er på Oppvakningsavdelinga. 

​Det er gratis parkering på området til Kysthospitalet i Hagevik. 

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Det er safe i skap på pasientromma. Sjukehuset har ikkje ansvar for eventuelt tap av verdisaker.

​På Kysthospitalet har vi følgande visittider:

Måndag-fredag:  kl. 18.00-20.00
Laurdag-søndag: kl. 14.00-16.00 og kl. 18.00-20.00