Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hofteartrose (Coxartrose) -behandling med protese, ved Kysthospitalet i Hagevik

Ein hofteproteseoperasjon kan vere aktuelt ved artrose i hofta, hoftebrot, medfødde skadar eller andre forandringar i hofta. Det øydelaga og ofte smertefulle leddet blir skifta ut med ein protese. Ein veljer å setje inn ein hofteprotese etter at annan ikkje-operativ behandling er freista og ikkje har hatt tilstrekkeleg effekt.

Symptom

Når brusken i hofta blir slitne, mister hofta sin naturlege glideflate. Det kan medføre stivleik, redusert bevegelse og svikttendens. Ein får smerter både ved belastning og etter kvert også i kvile og om natta. Nokre gonger oppnår ein ikkje god nok smertelindring med trening og bruk av smertestillande tablettar. Da kan det vere aktuelt å skifte ut hofteskåla og hoftekula med eit kunstig hofteledd, altså ein protese.

Samval

Når du har blitt syk eller har eit helseproblem, er det ofte fleire ulike moglegheiter for både undersøkingar og behandling. Her finn du samvalsverktøy som kan hjelpe deg til å ta valet.

Du kan også finne meir informasjon om artrose på helsenorge.no. 

Før

Ved dei fleste sjukehus blir du innkalla til ein førebuingsdag nokre veker før operasjonen. Då gjer vi nødvendige forundersøkingar og du får informasjon om den planlagde behandlinga frå kirurg, fysioterapeut, sykepleiar og anestesilege.

Når operasjonsdatoen er bestemt, tar du kontakt med kommunefysioterapeut/ ergoterapeut med tanke på hjelpemidlar etter operasjonen.

Nyttige hjelpemiddel

  • hjelpemiddel til toalett
  • dusjkrakk
  • strømpepåtrekkar, gripetang og langt skohorn

Hugs å ta med krykker ved innlegging. Det kan også vere lurt å ta med klede som er lette å bevege seg i og sko som er lette å ta på og sit godt på foten.

Bedøving

Operasjonen blir vanlegvis utført i spinalbedøving/ryggbedøving, men kan også bli gjort i narkose. Etter avtale med anestesilege kan du under inngrepet få sovemedisin saman med spinalbedøvinga.

Hofteprotese

Det blir brukt veldokumenterte hofteprotesar. Det kunstige leddet består av ein plastforing (eventuelt keramikk), som blir festa i hofteskåla (bekkenet) og ein metallstamme med hoftekule som blir festa i lårbeinet. Protesedelane kan bli festa i beinet med eller utan bruk av beinsement.

Førebuingar heime

For å førebygge infeksjon i operasjonssåret, må du fjerne ringar, smykke, piercingar, naglelakk og sminke, og vaske deg med bakteriedrepande såpe eller serviettar kvelden før operasjonen. Instruksjon om dette får du på førebuingsdagen.

Faste og medisinar

På operasjonsdagen skal du møte fastande, det vil seie at du ikkje skal ete, drikke, røyke, snuse eller ta pastillar/drops etter midnatt. Du må bare ta eventuelle medisinar som anestesilegen på førehand har sagt at du skal ta. Dette blir avklara på førebuingsdagen i forkant av operasjonen.

Nokre av våre pasientar vil få tildelt time til operasjon og reise heim same dag som operasjonen er utført. Til det vil det vere ein del førebuingas som du må sette deg inn i og gjere før du kjem til Kysthospitalet i Hagevik operasjonsdagen. 

Førebuingar før du kjem til sjukehuset  

Dagen før operasjonen kan du hente ut medisinar på apoteket. Det er smertestillande medisinar som du vil trenge etter operasjonen. Resept på medisinane er sendt elektronisk  frå sjukehuset dagen før operasjonen og ligg i dine reseptar på Helsenorge.no. Du får hente dei ut ved å vise gyldig legitimasjon på apoteket. 

Hjelp til å hente ut medisinar  

Dersom du treng at andre hentar medisinane på apoteket til deg, er det viktig at du fyller ut og signerer eit fullmaktsskjema. Det finn du ved å logge inn på helsenorge.no. Du kan også skrive ut fullmaktsskjema frå Apotekerforeningen som du signerer, og vedkommande kan levere på apoteket: A4_fullmakt.fra apotekerforeningen. pdf 

Du må ha ein vaksen person i samme bolig første døgnet du kommer heim etter operasjonen. Dette må vere avklart på førehand. 

 

Dagen du skal til operasjon 

Du møter fastande i 4. etg operasjonsdagen kl 0700. 

Kva vil det seie å faste? 

Å faste vil seie at frå klokka 24.00 kvelden før operasjonen, kan du ikkje ete, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi eller spise drops. Du kan drikke vatn inntil klokka 06.00 sjølve operasjonssdagen.  

Du må ha fjerna all neglelakk og tatt av eventuelle kunstige neglar kvelden før. Fjern smykke/piercing/ringar eller klokke denne dagen. Stell deg som vanleg om morgonen den dagen du skal operasjon. Ikkje bruk body lotion, ansiktskrem, sminke, kontaktlinser. 

 

Etter operasjonen 

Etter operasjonen vil vi ta røntgenbilde av hofta. Deretter blir du flytta til oppvakningsavdelinga. På oppvakningsavdelinga vil du få mat så snart du er vaken nok til det.  

Fysioterapeuten vil gjere øvingar med deg, la deg trene på krykkegange, og la deg trene på å gå i trapp.  

 

Når reiser du heim? 

Før du reiser heim er det ein del ting som må vere under kontroll: 

  • Blærefunksjonen er blitt normal, det vil seie at du klarer å tisse.  
  • Smertene er under kontroll 
  • Du klarer å gå med krykker  
  • Det er ingen teikn til pågåande bløding  

Dersom det skulle vere forhold som gjer at du ikkje vil kunne reise hjem same dag (smerter, kvalme, problemer med mobilisering etc) vil du bli innlagt og overnatte på sjukehuset.  

Dersom du treng sjukemelding, blir det skrive etter operasjonen før du reiser hjem. 

 

Du får med deg nokre medisinar frå sjukehuset: 

  • 1 stk Oxycontin tablett på 10mg (langtidsverkande sterke smertestillande). Ta ein 
    (1) tablett på kvelden kl 20:00 operasjonsdagen.   
  • 5 stk Oxynorm kapslar på 5mg (hurtigverkande sterk smertestillande). Takast ved behov når smertene er sterke (gjennombruddssmerter). Ta berre ein (1 ) kapsel om gongen. Det skal gå minst 3 timar mellom kvar gong du tar ein kapsel. 
  • Etter dette skal du kunne klare deg med smertestillande som du har fått på resept.  
  • Fragmin sprøyte settes subcutant i mageregionen kl 20:00 operasjonsdagen. 

Fragmin 2500 IE er ein blodfortynnande medisin som er med å hindre blodpropp etter ein operasjon. Sprøyta har liten spiss og skal settast i magefettet i mageregionen.  

Her kan du sjå ein film frå felleskatalogen.no  om korleis du set fragminsprøyta: Fragmin «Pfizer» - Felleskatalogen 

 

Dagen etter operasjonen 

Dagen etter operasjonen startar du med medisinane du har fått elektronisk resept på: 

  • Paracet 500mg - 2 tablettar 4 gonger dagleg 
  • Tramadol 50mg 1-2 kapslar inntil 4 gonger dagleg 
  • Celebra 200mg 1 kapsel dagleg (kan tas en ekstra per døgn dersom behov) 
  • Smertestillande blir gradvis trappa ned etter kvart som smertene avtar i følgande rekkefølge: først slutter du med tramadol, deretter celebra og til slutt paracet 
  • Første 3 døger etter operasjonen anbefalar vi at du tar det roleg, med unntak av lette øvingar og kortere forflyttingar.  

Kontakt med sjukehuset 

Du vil bli oppringt av sjukepleiar dagen etter operasjonen. Saman går de gjennom ei sjekkliste for å få ein god oversikt på korleis det går med deg. 

Dersom du opplever å få problemer eller har spørsmål om noko av det som står i brevet, kan du ringe til:  

  • Vår sengepost på telefon 56 56 58 40, alle kvardagar til og med laurdag kl 14:00 
  • Frå laurdag kl 14 til måndag kl 07:30 må legevakt kontaktast ved behov for øyeblikkeleg hjelp 
  • Etter 14 dagar kan du nytte eigen fastlege eller legevakt dersom du treng legetilsyn. 

 

Under

Ved hofteoperasjonar blir bedøving i dei aller fleste tilfella gitt i ryggen, ei såkalla spinalbedøving, og du vil kunne vere vaken. Av og til vel vi narkose i samråd med anestesilegen, og du vil vere bevisstlaus under inngrepet.

Ein anestesisjukepleiar sit ved deg under heile operasjonen. Han eller ho er kontaktpersonen din, og passer på at du har det bra. Du skal ikkje kjenne smerte, men du vil merke litt bevegelse i kroppen mens ortopeden skiftar leddet. Du vil også kunne høyre bankelydar, og andre lydar frå arbeidet til kirurgen.

Operasjonen blir utført under strenge hygieniske forhold. Du ligg på rygg eller på sida under sjølve operasjonen. Kirurgen opnar hofteleddet med eit snitt ved hofta og fjernar leddhovudet etter at lårhalsen er kutta. Leddhovudet blir erstatta av ein protese i rustfritt stål eller titanlegering. Hofteskåla blir erstatta med ei plastskål eller titanskål.

Protesane finst i fleire størrelsar, og ortopeden vel den som passar best for deg. Dei sementfrie komponentane blir banka på plass. Protesane vil gro fast til beinet i løpet av veker eller månadar. Nokre protesar blir festa med beinsement som blir blanda og tørkar i løpet av få minutt.

Etter at protesa for leddhovudet er montert på, blir hofteprotesen sett i ledd. Kirurgen sjekkar beinlengde og at hofta er stabil ved vanlege bevegelsar så den ikkje seinare "går ut av ledd".

Operasjonstid for hofteprotesar varierer noko, men ligg vanlegvis på 90 minutt.

Etter

Vanleg sjukehusopphald er 1–3 dagar med dagleg trening og aktivitet. Du vil få instruksjon i øvingar og krykkegange av fysioterapeut på sjukehuset. Egeninnsats er avgjerande for eit vellukka resultat.

Aktivitet

Det er viktig å komme seg raskt på beina. Allereie 3–5 timar etter operasjonen kan du, med hjelp, komme ut av senga. Frå første dag etter operasjonen skal du gå med 2 krykker eller andre eigna hjelpemiddel.

  • Du kan i regelen belaste den opererte hofta.
  • Du kan komme ut og inn frå seng både på operert og uoperert side.
  • Du kan liggje på uoperert side etter operasjonen med pute mellom beina. Du kan også liggje på magen. Du kan liggje på operert side når såret har grodd (2–3 veker etter opreasjonen) og det ikkje er smertefullt.

Smerter

Det er vanleg med smerter i dagane og vekene etter operasjonen. Det er ikkje farleg å bruke hofta sjølv om det er litt smertefullt. Du vil få smertestillande tablettar som dempar smertene til et akseptabelt nivå. Medisinane blir trappa gradvis ned etter kvart som smertene avtar. Dei fleste får ei smertefri og velfungerande hofte, men det kan ta tid (hos enkelte inntil 1 år) før smertene er heilt borte og bevegelsen optimal.

Forsiktigheitsreglar

Restriksjonar etter innsetting av hofteprotese varierar noko mellom sjukehusa og er avhengig av kva kirurgisk metode som er nytta. Vanlege restriksjonar kan vere:

  • Unngå å bøye deg framover med knea peikande innover og foten plassert ut til sida, i 3 månadar, «kalvbeint stilling».
  • Unngå å sitte med beina i kryss, eller å krysse det opererte beinet over midtlinja dei første 3 månadene.
Illustrerer punkta over

 

Illustrerer punkta over

Du kan plukke opp ting frå golvet ved å strekke den opererte beinet bak når du bøyer deg .

Du kan bøye deg fram og la knea falle til sida, «froskestilling», når du ikkje merker stramming/ubehag i operert hofte.

Etter utskriving

Det er vanleg at beinet på den operte sida blir hoven og  Hevelse og misfarga bein på operert side er vanleg på grunn av økt væske– og blodansamling. Dette kan du sjå heilt ned i anklane. Det vil gradvis forsvinne av seg sjølv. For å redusere hevelsen kan du liggje med beinet høgt og overkroppen lågt. Lett aktivitet og sirkulasjonsfremmande øvingar vil også bidra til å redusere hevelse.

Sårpleie

Huda blir lukka enten med ein oppløyseleg tråd som ikkje skal bli fjerna, eller med tråd/stiftar som må bli fjerna etter 2–3 veker. Bandasje byttast ved behov. Korleis du skal forhalde deg til både stinga og bandasjen, vil du få informasjon om før utreise. Vi   råder deg til å ikkje bade i basseng/badekar/saltvann dei første 3 vekene.

Trening/krykker

Det er viktig med dagleg aktivitet og trening etter utreise frå sjukehuset. Treninga vil dei fleste klare på eiga hand. Krykkene kan bli avvikla etter 4 veker når du kan gå normalt utan å halte. Avvik kan førekomme i individuelle tilfelle. Du vil få informasjon om og trene på dette under opphaldet.

Aktivitetar

Vi råder deg til å gå tur og gjere andre lettare aktivitetar. Du kan ha seksuelt samvær så lenge du overheld gjeldande restriksjonar.

Sjukemelding/reseptar

Vanlegvis treng du sjukmelding i 2–8 veker, avhengig av kva type jobb du har. Du får med deg resept på smertestillande medisinar og blodfortynnande sprøyter.

Bilkøyring

Bilkøyring bør du vente med til du har avvikla bruken av krykker, og beinet kjennest sterkt nok til å klare bilkøyring. Du skal heller ikkje køyre bil om du bruker smertestillande medisinar med raud varseltrekant på. Det er veitrafikkloven som gjeld.

  • Inn og ut av bil som passasjer: still setet langt tilbake og tipp rygglenet godt bakover.

Kontroll på flyplassar

Ein protese kan utløyse alarmen ved sikkerhetskontroll. Det vil vanlegvis vere nok å forklare at du har ei hofteprotese og eventuelt vise fram arret. Du kan også få ein bekreftelse frå sjukehuset på at du har protese, om du ønskjer det.

Etterkontroll

Du vil bli kalla inn til kontroll hos lege eller fysioterapeut omlag 3 månader etter operasjonen.

Moglege komplikasjonar

Dei vanlegste komplikasjonane i forbindelse med hofteproteseoperasjon er infeksjon og at hofta går ut av ledd (luksasjon). Begge førekjem hos omlag 1 prosent av pasientane. Det er viktig at du raskt tek kontakt med avdelinga, dersom det oppstår akutte sterke smerter eller tekn til infeksjon (sjå meir under «Faresignal».) Det kan også førekomme nerveskade, men dette er sjeldan og oftast heilt eller delvis forbigåande. Blodpropp skal førebyggjast med rask mobilisering og blodfortynnande sprøyter, eventuelt også med komprimerande strømper. Vi råder deg til å unngå lange flyreisar dei første 6 vekene etter operasjonen. Nokre gonger oppstår ein beinlengdeforskjell, oftast ved at det opererte beinet blir lengre. Då kan det vere nødvendig å bruke innleggssåle i motsett sko.

Informasjon frå fysioterapeut 

Øvingar for hofte etter proteseoperasjon. 

NB! Dei liggande øvelsane skal ikkje gjerast på golvet, men i ei seng, på ein sofa, på ein benk eller liknande.

  1. Stram setemusklane og press begge knea ned i underlaget. Hold i nokre sekund. Slipp opp.
  2. Bøy opp i kne og hofte og trekk hælen langs underlaget. Strekk deretter beinet ut igjen. 
  3. Bøy opp i anklane. Før beina frå kvarandre og deretter roleg inn igjen. Ikkje løft beina frå underlaget.
  4. Liggande setelyft: Ligg på ryggen med bøyde knær. Knip setemusklane saman og lyft bekkenet og nedre del av ryggen frå underlaget. Senk rolig ned igjen.
  5. Ståande tåhev med støtte: Stå bak ein stol og støtt deg med hendene til stolryggen. Løft deg opp på tærne med begge beina og senk deg rolig ned igjen.
  6. Støtt deg i en stol eller liknande. Sett det opererte beinet litt bak det andre – tærne i bakken. Strekk ut ved å føre hælen mot bakken. Kjenn at du bruker lårmusklane og setemusklane når du strekkjer ut.
  7. Støtt deg til en stol, inntil ein vegg eller liknande. Før det opererte beinet ut til sida og før det kontrollert ned igjen. Det kan vere greitt å ikkje ha sko på opererte bein når du gjer denne øvinga.
  8. Støtt deg med begge hendene på ein stolrygg eller liknande. Stå med føtene i skulderbrei avstand. Bøy i hofter og knær med lik tyngde på begge bein. Reis deg opp igjen når du har nådd posisjonen på figuren.
  9. Trappegang opp med krykker: Opp med det friske beinet først, deretter operert bein og krykker.
  10. Trappegang ned med krykker: Sett krykkene ned eit trinn, deretter følger operert bein. Det friske beinet til slutt. Krykkene følgjer alltid det opererte beinet.

Ver merksam

Teikn til infeksjon er vedvarande siving frå såret, du utviklar feber, aukande smerter, væsking frå operasjonssåret eller raudheit rundt operasjonssåret. Ta kontakt med avdelinga umiddelbart om du har mistanke om at du har fått infeksjon.

Sist faglig oppdatert 12.12.2025

Kontakt

Kysthospitalet i Hagevik Kysthospitalet i Hagevik
Ventetid: 20 - 40 uker

Ventetid: 20 - 40 uker

Kontakt Kysthospitalet i Hagevik
En hvit bygning

Kysthospitalet i Hagevik

Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik

Transport

Om du kjem med bil frå Bergen:

  • Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til avkøyrsel 64. 
  • Ta andre avkøyrsel i rundkøyringa og følg vegen i ca 4 km til du ser sjukehusskiltet.

Om du kjem med bil frå Halhjem:

  • Følg E39 mot Bergen.
  • Ta avkøyrsel 64, ta andre avkøyrsel i første rundkøyringa og første avkøyrsel i neste rundkøyring - og følg vegen ca. 4 km til du ser sjukehusskiltet.


Buss frå Bergen:

  • Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik.
Buss frå Bergen lufthavn Flesland:

  • Bybanen til Lagunen terminal og deretter bussrute 600 til Tøsdalsskiftet, og så rute 602/607 til Hagavik.​

Buss frå Halhjem:

  • Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Ventetid

20 uker til utredning

20 uker til innleggelse (40 totalt)

Praktisk informasjon

​Det er gratis parkering på området til Kysthospitalet i Hagevik. 

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.