Det er alltid ein lege som skal vurdere moras og barnets tilstand og avgjere om det er medisinsk grunn til keisersnitt. Lege vurderer også om den helsemessige gevinsten kan vere større ved å utføre keisarsnittet enn ved å gå gjennom ein vanleg fødsel. Ved denne vurderinga blir det alltid vist omsyn til kvinnas ønske.
Førebuingar før planlagt keisarsnitt
Ettersom keisarsnitt er eit kirurgisk inngrep er det ei rekkje forhold du må ta omsyn til i forkant av operasjonen.
- Fjern piercing- / ar. Det er særleg viktig at du fjernar piercing i leppe, tunge, navle og ytre kjønnsorgan då desse kan auke risikoen for infeksjon etter inngrepet.
- Du må ikkje fjerne kjønnshår den siste månaden før du skal ta keisarsnitt. Om du barberer eller fjernar hår med vaks eller hårfjerningsmiddel, vil det vere med på å auke risikoen for infeksjon - ikkje berre for deg sjølv, men også hos andre barselkvinner på sjukehuset.
Du får innkalling til individuell samtale og undersøking hos gynekolog før keisarsnittet. Oppmøte på Observasjonspost for gravide. På avdelinga skal du delta på følgande:
- Individuell samtale og undersøking med gynekolog. Dersom du vurderer sterilisering etter keisarsnittet, kan du ta det opp med gynekologen under denne samtalen.
- Individuell samtale med anestesilege.
Etter at du har snakka med dei ulike fagpersonane kan du reise heim eller overnatte. Om du har behov for å snakke med jordmor åleine, gir du beskjed om dette. Det kan bli litt venting i løpet av dagen, og det kan vere lurt å ta med mat og lesestoff. Ta gjerne med deg pårørande, men det er ikkje nødvendig.
- Syrenedsettande. Frå sjukehuset har du fått med deg ein syrenedsettande tablett som du skal ta ca. kl. 22.00 kvelden før inngrepet.
- Hygiene. Frå sjukehuset har du fått med deg ein såpe (Hibiscrub) som du skal bruke når du dusjar på kvelden og same morgon som du skal få gjennomført keisarsnittet.
- Klyster. Vi anbefaler at du tømmer tarmen kvelden før operasjonen. På apoteket får du kjøpt eit klyster (klyx) på 120 ml som du kan bruke til dette føremålet.
- Faste. Du skal faste frå midnatt (kl. 24.00) kvelden før operasjonsdagen. Det betyr at du ikkje kan spise, tygge tyggegummi, ete drops eller røykje frå midnatt. Du kan drikke klare væsker som vatn og saft, men ikkje melk eller juice.
- Bruk Hibibscrub-såpen frå navleområdet og ned til lårene. Unngå å få såpe inn i underlivet og i auga.
- Ta av alle smykke (halsband, ringar, øyrepynt og klokke) og fjern evt. neglelakk. Piercing skal fjernast ein månad før operasjon. Ikkje bruk body lotion eller andre kremar.
- Om ikkje anna er avtalt, møter du på Føden i 4. etasje for å ta blodprøvar. Deretter går du til Observasjonsposten for gravide.
- Jordmor vil lytte på fosterlyden, og du vil bli barbert i området der vi skal operere. Vi bruker ein spesiell barbermaskin som er skånsam for huda, og som gjer at du unngår skrammar i huda og reduserer risiko for bakteriar som kan føre til infeksjon.
- Du blir så kjørt til operasjonsavdelinga, der anestesipersonell vil ta imot deg. Om det skulle skje uventa hendingar som krev øyeblikkeleg hjelp for andre pasientar, kan det skje at tidspunktet for ditt keisarsnitt blir endra til ein annen dag.
- På operasjonsavdelinga vil du få ein syrenøytraliserande drikk, og vi legg inn eit kateter til urinblæra.
- Far til barnet / den som følger deg kan vere med inne på operasjonsstova om keisarsnittet blir utført i epidural-/spinalbedøving, men ikkje dersom inngrepet blir utført i narkose. Du vil få bedøving og alt blir klargjort til operasjon, før den som følger deg kjem inn på operasjonsstova.
- Hugs å ta med ei lue av ull til barnet.