Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Mammografiscreening

Alle kvinner i aldersgruppa 50-69 år vil få ein invitasjon til mammografiundersøking annakvart år. Alder ved første invitasjon kan variere frå 48 til 53 år, men alle får 10 invitasjonar.

Før

Det er ikkje førebuingar til denne undersøkinga. 

Screening i Hordaland vert utført ved Brystdiagnostisk senter på Danmarksplass og på Mammografibussen som køyrer rundt i distrikta etter ei fastsett rute.

Invitasjon

Kvinner mellom 50 og 69 år inviteres hvert annet år til røntgenundersøkelse av brystene i regi av det offentlige Mammografiprogrammet.

Les mer om Mammografiprogrammet

Under

Når du møter til mammografiscreening, blir du tatt i mot av ein radiograf som vil stille deg nokre spørsmål og gje litt informasjon om vidare forløp.

Radiografen vil også sjå over brysta dine og markere eventuelle føflekkar, arr eller mindre merke på huda.
Det blir tatt bilde i to projeksjonar for kvart bryst. Bilde kan tas uavhengig av storleiken på brystet. To radiografar jobbar saman med deg for å få optimale bilde. Undersøkinga tar berre nokre få minutt.

Det blir lagt press på brysta når bilda blir tatt. Presset varar kun nokre sekund. Du kan gå når bildetakinga er ferdig. Som oftast vil ein få tilsendt eit skriftleg svar i løpet av 2-3 veker etter undersøkinga.

Etter

Omtrent 3% av kvinnene som deltar blir kalla tilbake til ein grundigare undersøking. For dei fleste inneber dette fleire røntgenbilde og / eller ultralydundersøking. Nokre gonger er det også nødvendig med celle- og / eller vevsprøve. Om lag ein av fem som blir innkalla til etterundersøking, har forandringar som må behandlast.

Det er viktig at du set av god tid dersom du er innkalt til etterundersøking. Vårt mål er å få gjort alle nødvendige undersøkingar på same dag.

Kvinner som skal til grundigare undersøking vil få innkalling til Brystdiagnostisk senter på Haukeland.

Kontakt

Mammografiprogrammet på Danmarksplass

Kontakt Mammografiprogrammet på Danmarksplass

Oppmøtestad

Screening i Hordaland vert utført ved Mammografiprogrammet på Danmarksplass i Solheimsgaten 23 (kart - google) og på Mammografibussen som køyrer rundt i distrikta etter ei fastsett rute.

Dersom den tildelte timen ikkje passar, har du mogelegheit for å bytte timen anten per telefon 55 97 40 01 eller e-post til mammografitime@helse-bergen.no.

Besøkstider

  • I dag 07:30 - 21:00
  • Måndag 07:30 - 21:00
  • Tysdag 07:30 - 21:00
  • Onsdag 07:30 - 21:00
  • Torsdag 07:30 - 21:00
  • Fredag 07:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT