Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Meniskskade

Meniskane er to små støytdemparar som finst i kvart kneledd. Desse to bruskane ligger på kvar sin side av kneet, i sjølve leddet.

Dei viktigaste funksjonane

  • danne ei «grop» som lårbeinet kan bevege seg i utan at beinet «går ut av ledd» i forhold til leggbeinet
  • fordele vektbelastninga på leddflata slik at slitasjen blir så liten som mogleg
  • fordele leddvæske slik at leddet kan bevegast med minst mogleg motstand
  • stabilisere kneet

Årsaker til skade

Menisken kan bli skadd av ulike årsaker, men skade oppstår hyppigast i samband med idrett. Det kan også førekomme på grunn av slitasje på menisken som følge av generell slitasje i kneleddet. Dei vanlege symptoma er smerter, stivleik og hevelse. Nokon kan også få låsing i kneet, slik at dei ikkje klarer å strekke det ut.

Tilvising og vurdering

Ein lege vil vurdere mistanke om meniskskade etter å ha sett på symptom og sjukehistorie og gjort ei undersøking av kneet. Av og til må også ei MR-undersøking utførast for å styrke mistanken. Behandling er avhengig av type meniskskade.

Av og til er ikkje operasjon aktuelt, men dersom plagene er vedvarande vil ein ofte velje operasjon. Dersom fastlegen din meiner dette er nødvendig, vil du bli tilvist til ortopedisk poliklinikk.

I tilvisingsteksten ønsker vi informasjon om:

  • namn og fødselsdato
  • vekt og høgde (dersom mogleg operasjonskandidat)
  • akutt skade eller snikande debut
    • Detaljert opplysningar om smerter: Lokalisering, utstrålande, smerter andre stader?
    • Svikt? Låsingar? Tidlegare operasjonar?
  • funn ved klinisk undersøking:
    • Rørsleutslag? Hevelse? Stabilitet sideband? Kraft? Nerveutfall?
  • bildediagnostikk:
    • Resultat av bildediagnostikk, når og kvar er dette utført?
    • Pasientar over 50 år med smerteplager – røntgen med belastning er førsteval – artrosevurdering.
    • MR berre hos pasientar med sikre mekaniske plager og/eller yngre med akutte oppstått plager.
  • behandling utført og effekt av denne (for eksempel fysioterapi)
  • om pasienten ønsker operativt tilbod, om det er aktuelt
  • yrke og sjukmeldingsstatus
  • faste medikament
  • andre sjukdommar
  • behov for tolk

Utgreiing

Under

Oppfølging

Ver merksam

Oppsøk lege ved teikn på infeksjon: Raude, hevelse, dunkande feber eller aukande smerter.

Kontakt

Kysthospitalet i Hagevik Kysthospitalet i Hagevik
Ventetid: 12 - 28 uker

Ventetid: 12 - 28 uker

Kontakt Kysthospitalet i Hagevik

Kysthospitalet i Hagevik

Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik

Transport

Om du kjem med bil frå Bergen:

  • Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til avkøyrsel 64. 
  • Ta andre avkøyrsel i rundkøyringa og følg vegen i ca 4 km til du ser sjukehusskiltet.

Om du kjem med bil frå Halhjem:

  • Følg E39 mot Bergen.
  • Ta avkøyrsel 64, ta andre avkøyrsel i første rundkøyringa og første avkøyrsel i neste rundkøyring - og følg vegen ca. 4 km til du ser sjukehusskiltet.


Buss frå Bergen:

  • Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik.
Buss frå Bergen lufthavn Flesland:

  • Bybanen til Lagunen terminal og deretter bussrute 600 til Tøsdalsskiftet, og så rute 602/607 til Hagavik.​

Buss frå Halhjem:

  • Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Ventetid

12 uker til dagbehandling (28 totalt)

16 uker til utredning

Praktisk informasjon

​Det er gratis parkering på området til Kysthospitalet i Hagevik. 

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.