Diagnosen kan ofte bli stilt med ei god klinisk undersøking. Barn og vaksne blir undersøkte av kirurg på poliklinikk, og får deretter ei tilråding om behandling.
Kirurgen vil på førehand informere om risiko kring operasjonen. Ved alle brokkoperasjonar er det risiko for betennelse i såret, bløding, smerte, og residiv (det vil seie at brokket kjem tilbake).
Operasjon av navlebrokk kan bli utført utan innlegging på sjukehus. Du møter fastande om morgonen og kan reise heim nokre timar etter operasjonen. Spesielle forhold kan gjere at nokre pasientar må vere innlagde både før og etter operasjonen.
Førebuing til operasjon
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsetje timen.
Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhald og magesyre.
Fram til 2 timar før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker fram til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timar før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timar før
- Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.
Strengare reglar kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.
- Ikkje ta på hudkrem eller sminke etter at du har dusja.
- Fjern ringar, klokker, kontaktlinser, sminke, naglelakk og piercingar før operasjonen. Er piercingane vanskelege å fjerne, kan du risikere at dei blir klipte. Det er derfor lurt å bruke litt tid på dette før du kjem.
- Briller og høyreapparat kan du ha på.
Før operasjonen blir du teken imot av sjukepleiar, og du får samtale med kirurg og anestesilege.