Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
eBehandling
Panikk - veileda internettbehandling
Eit panikkanfall er ei intens kjensle av frykt for at noko forferdeleg skal skje. Under anfallet opplever ein eit sterkt kroppsleg ubehag, med symptom som hjartebank, skjelving, trykk i brystet, sveitte, kvalme/uroleg mage, kjensle av uverkelegheit eller svimmelheit. Mange får panikkanfall berre ein gong, for andre kan det skje igjen. Opplever du at panikkanfalla eller redsla for nye anfall påverkar livskvaliteten din, finst det behandling som kan hjelpe deg.
Et panikkanfall kan virke skremmende, men varer sjelden mer enn noen minutter og er helt ufarlig. Det finnes god behandling.
I eBehandling får du tilgang til eit kunnskapsbasert behandlingsprogram via PC, nettbrett eller mobil, samstundes som du blir følgt opp av ein behandlar i spesialisthelsetenesta. Dette er ei form for internettbehandling med fagleg rettleiing.
Programmet er basert på kognitiv åtferdsterapi, ei terapiform som fokuserer på korleis kroppslege reaksjonar, tankar og handlingar påverkar korleis vi har det. Målet er å gi deg innsikt i kva som bidrar til panikkanfalla, og korleis du kan meistre angsten. Du lærer korleis du kan gjere eksponering mest mogleg effektivt. Du lærerogså korleis du kan kjenne igjen og endre handlingar og tankemønster som opprettheld angsten.
Innhaldet i eBehandling er mykje av det same som du får ved behandling av panikkliding ansikt til ansikt. Forsking viser at denne typen behandling kan vere like effektiv.
Tilvising og vurdering
Korleis få tilod om eBehandling for panikkliding?
Er du allereie i behandling ved ditt lokale DPS, ønskjer vi at du søker i samråd med behandlaren din.
Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be om at legen skriv i tilvisinga at du ønsker eBehandling. Andre legar eller psykologar kan òg tilvise.
Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge blir varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjordt, kva som skjer vidare, og om rettane dine.
For pasientar i Bergen, Stavanger, Fonna, Førde og Nidaros:
Du som bur ein stad tilknytta Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger eller Nidaros DPS kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising. Dette gjer du ved å trykke på linken Søknad om eBehandling på våre heimesider. Denne linken fører deg til helsenorge.no, der du skal fylle ut eit skjema. Når du sender inn dette skjemaet blir det sendt direkte til eBehandling. Du vil motta svar når søknaden din om behandling er vurdert.
Svar på tilvising
Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge vert varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjord, kva som skjer vidare og om rettane dine. Dersom vi vurderer at behandlinga ikkje er relevant for deg, blir du anbefalt å kontakte den som har tilvist deg, eller søke andre behandlingstilbod. Fastlegen din vert i begge tilfelle informert om at du har vore i kontakt med oss.
eBehandling er eit behandlingstilbod for pasientar i Helse Vest, og vi held til i 3. etasje i Møllendalsbakken 9. Vi tek også imot pasientar frå andre helseregionar, men vi gjer merksam på at pasientar utanfrå Helse Vest berre vil få eit tilbod ved ledig kapasitet i eBehandling.
Frå andre regionar enn Helse Vest må tilvisinga gå via spesialisthelsetenesta. Pasienten må utgreiast lokalt og ha fått diagnose panikkliding, sosial angst eller moderat depresjon, før tilvisinga sendast til eBehandling.
Tilvisingar vert tekne imot per brev eller som elektronisk tilvising.
Ring oss gjerne på telefon 56 34 32 50 dersom du har spørsmål om tilvisingar til eBehandling
eBehandling vurderar om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp dersom tilvisinga ikkje kjem frå spesialisthelsetenesta.
Pasientar som ut frå tilvising verkar å kunne være aktuelle for behandling vil som hovudregel få tilbod om ein vurderingssamtale hjå eBehandling innan 2-3 veker. eBehandling held til i 3. etasje i Møllendalsbakken 9. Pasientane må møte her for vurderingssamtale(r).
eBehandling har ikkje akuttilbod. Dersom det skulle oppstå auka risiko for sjølvmord eller mistanke om utvikling av alvorlig psykisk liding hjå pasientar under behandlinga i eBehandling er det den lokale spesialisthelsetenesta som er ansvarleg for å ivareta pasienten. eBehandling må på førehand ha fått kontaktinformasjon til lokal DPS. Ved behov for vurdering av sjølvmordsfare eller utvikling av alvorleg psykisk liding vil eBehandling ta kontakt med pasienten sitt lokale DPS og tilvise til akuttvurdering der.
Før
Dersom vi kjem fram til at du kan ha nytte av eBehandling, vil du bli kalla inn til ein vurderingsamtale. Timen kan vere ein videokonsultasjon eller eit møte ansikt til ansikt. Du får meir informasjon om dette i svarbrevet.
Du vil møte ein behandlar frå eBehandling. Saman med deg vil behandlar kartlegge vanskane dine og livssituasjonen din. Du kan også stille spørsmål om ebehandlinga. Saman vil de vurdere om eBehandling vil vere eit godt tilbod for deg.
Har du spørsmål om sikkerhet eller anna tilknytta eBehandlingsprogramma ta kontakt med oss på epost ebehandling@helse-bergen.no eller tlf. 56 34 32 50
Under
Behandlinga
Dersom de kjem fram til at tilbodet kan vere noko for deg, kan du starte behandlingen samme dag. Informasjon om innlogging vil du få tilsendt, og du loggar deg på behandlinga med din BankID.
eBehandling er stegvis. Når du er ferdig med eitt kapittel vil du få tilgang til det neste. Den viktigaste delen av behandlinga er å trene på øvingane du får. Øvingane skjer ikkje inne i det digitale programmet, men er oppgåver som du skal trene på i kvardagen din.
Behandlinga for panikkliding inneheld:
informasjon om panikkliding
eksponering for kroppslege reaksjonar
eksponering for ytre situasjonar: agorafobi
korleis gjere eksponeringa mest mogleg effektiv
å handtere vanskar som kan oppstå ved eksponering, og aksept
handtering av tilbakesteg
korleis vedlikehalde endring og legge ein plan for framtida
Samarbeid med din ebehandlar
Behandlaren din vil følge deg opp kvar veke gjennom skriftlege meldingar i programmet. Du kan skrive til behandlaren når det passar for deg – til dømes om korleis det har gått med eksponeringa, kva du har tenkt på, og du kan stille spørsmål.
Behandlaren din vil lese det du skriv, gi deg tilbakemeldingar, og støtte deg i arbeidet med behandlinga. Målet er at de saman jobbar mot det som er viktig for deg, og at du får hjelp til å nå dine mål.
Ta med dine næraste
Det kan vere til god hjelp for deg å fortelje, og gjerne også vise dine næraste, kva du arbeider med i behandlinga. Vår erfaring viser at dei som lar pårørande eller ein nær ven ta del i behandlinga, sine kan ha lettare for å arbeide seg gjennom utfordringane.
Du kan lese meir om tilbodet vårt på vår heimeside eBehandling
Her kan du også lese 1. modul i kvart av behandlingsprogramma våre - desse finn du under fanen Behandlingsprogramma.
Etter
Når behandlinga er gjennomført, vil du få tilbod om ein samtale med behandlaren din. Etter dette møtet blir behandlinga avslutta, men du vil ha lesetilgang til alt innhaldet i 6 månader.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.