Førebuingar heime før operasjonen
- Du skal ikkje barbere deg nedantil, 6 veker før operasjon. Dette er for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.
- Du må dusje før du dreg heimanfrå (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask gjerne håret, men du må møte opp med tørt hår.
- Ikkje ta på deg bodylotion/hudkrem eller sminke etter du har dusja.
- Du må møte utan naglelakk, smykkar, ringjer og piercingar.
- Ta med deg eventuelle faste medisinar. Legen vurderer kva medisinar du skal ta på operasjonsdagen.
- Du skal faste før operasjonen.
På sjukehuset før operasjonen
Når du kjem på operasjonsdagen blir du møtt av ein sjukepleiar som skal gjere deg klar til operasjon. Du får pasienttøy som du skal kle på deg, og ei seng du kan liggje i medan du ventar på å bli køyrd til operasjon. Vi fjernar kjønnshåra med ei maskin, slik at det ikkje er nokre hår i operasjonsområdet. Vidare vil vi også stille deg nokre spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingar er gjorde rett.
Du blir følgd til operasjonsavdelinga når dei er klare til å ta imot deg. Der blir du møtt av operasjons- og anestesisjukepleiarar som gjer deg klar for operasjonen og skal vere med deg medan du blir operert.