Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Reduksjon av livmorslimhinnen, Voss

Dette er ei behandling (operasjon) mot kraftige vaginalblødingar der anna behandling ikkje har vore tilstrekkeleg.

Om operasjonen

Reduksjon av livmorslimhinna er ein operasjon som ofte viser til gode resultat. Dei fleste blir godt nøgde med operasjonen. Etter operasjonen mistar om lag 40 prosent menstruasjonen, medan opp mot 50 prosent får redusert menstruasjonsbløding. Mellom 10 og 20 prosent er framleis plaga med kraftige menstruasjonar eller har fått auka menstruasjonssmerter. I slike tilfelle kan inngrepet gjentakast, eller det kan bli aktuelt å fjerne livmora.

Dersom det berre blir fjerna ein muskelknute vil du framleis ha menstruasjonar og ha moglegheita for å bli gravid. Er heile slimhinna fjerna er moglegheita for å bli gravid sterkt redusert. Dersom du ikkje får menstruasjonar i det heile, er inngrepet å betrakte som sterilisering. Har du framleis blødingar, må du vurdere behov for prevensjon. Fordi livmorhòla er skrumpa, kan spiral vere ueigna. Dette kan du diskutere med din eigen lege eller gynekolog.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen eller den private gynekologen din som viser til sjukehuset for å få utført ein reduksjon av livmorslimhinna. I nokre tilfelle blir du først vist til sjukehuset for utgreiing, og ut i frå utgreiinga blir det bestemt om du skal få utført ein reduksjon av livmorslimhinna.

Før

Førebuingar heime før operasjonen

  • Du skal ikkje barbere deg nedantil, 6 veker før operasjon. Dette er for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.
  • Du må dusje før du dreg heimanfrå (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Vask gjerne håret, men du må møte opp med tørt hår, så du ikkje frys.
  • Ikkje ta på deg bodylotion/hudkrem eller sminke etter du har dusja.
  • Du må møte utan naglelakk, smykkar, ringjer og piercingar.
  • Ta med deg eventuelle faste medisinar. Legen vurderer kva medisinar du skal ta på operasjonsdagen.
  • Du skal faste før operasjonen.

På sjukehuset før operasjonen

Når du kjem på operasjonsdagen blir du møtt av ein sjukepleiar som skal gjere deg klar til operasjon. Du får pasienttøy som du skal kle på deg, og ei seng du kan liggje i medan du ventar på å bli køyrd til operasjon. Vi fjernar kjønnshåra med ei maskin, slik at det ikkje er nokre hår i operasjonsområdet. Vidare vil vi også stille deg nokre spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingar er gjorde rett.

Du blir følgd til operasjonsavdelinga når dei er klare til å ta imot deg. Der blir du møtt av operasjons- og anestesisjukepleiarar som gjer deg klar for operasjonen og skal vere med deg medan du blir operert.

Under

Operasjonen blir utført via eit instrument som blir ført inn i livmora via skjeden. Vi fjernar eller brenner bort livmorslimhinna, muskelknutar eller andre mindre forandringar som til dømes polyppar. Inngrepet blir vanlegvis utført i narkose eller med ryggbedøving (spinal eller epiduralanestesi).

Reduksjon av livmorslimhinna blir utført som regel som dagkirurgi. Det vil seie at du kan reise heim same dag som operasjonen.

Komplikasjonar

Ein sjeldan gong kan det oppstå hol i livmora under operasjonen. Dersom dette blør, kan det bli nødvendig med operasjon for å stanse blødinga.

Infeksjon er uvanleg, men ved nokre typar inngrep blir det gitt antibiotika før inngrepet for å redusere infeksjonsfaren.

Etter

Det er vanlegvis lite smerter etter inngrepet. Du må likevel ha Paracetamol, Naproxen eller Ibuprofen (Ibux) heime, slik at du har smertestillande tilgjengeleg ved behov etter operasjonen. Dette får du kjøpt utan resept på apoteket.

Andre forhold

  • Du kan få litt feber den første kvelden og natta etter inngrepet.
  • Bløding minkar mykje dei para første døgn. Det er vanleg med utflod, som kan vare i 4-6 veker. Utfloda er brunleg på farge og kan lukte litt.
  • Unngå samleie, karbad, basseng eller bruk av tampong i 4-6 veker etter inngrepet, eller til utfloda er normal.

Ver merksam

Ta kontakt med lege dersom du får utflod, kombinert med aukande smerter og feber over 38 grader i meir enn 2 dagar. Dette kan vere eit teikn på infeksjon.

Kontakt

Voss sjukehus Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss

Kontakt Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss

Oppmøtestad

Kirurgisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset ved akuttmottak, der kan du gå rett inn frå gateplan. Går du inn hovedinngangeni 1. et, ligg poliklinkken i 3. et. Følg skilting og raud/svart stripe i golvet.

Medisinsk poliklinikk i ligg i 1. et, der du går inn hovedinngangen. Sjå også informasjon i innkallingsbrevet om kor du skal møte.


Gynekologisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset (vis a vis legevakt/poliklinikk), sjå eige skilt.

Ein kan ikkje lenger betale med kort på poliklinikken. Etter konsultasjonen får du tilsendt link på telefonen med tilbod om å betale med Vipps eller faktura.
Dersom du vil betale kontant, kan du få utført det i resepsjonen i 1.et/hovedinngang, i åpningstida.

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Transport

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

Praktisk informasjon

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

​​​Generell besøkstid
​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.