Kartlegging av kva som er den beste rehabiliteringa for deg startar med ein samtale med heile eller deler av det tverrfaglige teamet. Som regel blir det også gjennomført ei klinisk undersøking av den amputerte armen/handa/fingeren og resten av kroppen. I samtalen vil du mellom anna få spørsmål om korleis du fungerer i kvardagens aktivitetar etter amputasjonen, din bustad- og heimesituasjon, kva du arbeider med eller studerer, dine fritidsinteresser og om du har konkrete problem etter amputasjonen som du tenkjer at teamet kan hjelpe deg med å løyse.
Hvis du har vore amputert ei stund og treng kontakt med det tverrfaglege teamet, må du ta med deg eventuelle proteser og grepsforbetringar til møtet.
Amputasjon av arm/hånd/finger - rehabilitering , nynorsk
Ein amputasjon er eit kirurgisk inngrep der ein fjerner heile eller ein del av eit lem. Vi skiljer mellom armamputasjon (gjennom eller ovanfor handleddet), hand-/delhandsamputasjon (heile eller deler av handa) og fingeramputasjonar. Dei fleste arm-, hand- og fingeramputasjonar skjer på grunn av skader. Andre vanlege årsaker er svulstar og komplikasjonar etter infeksjon.
Amputasjonen kan påverke både fysisk funksjon, utsjånad, arbeidsevne og livskvalitet. Gjenoppretting av optimal funksjon og førebygging av sekundære plager som muskelskjelettsmerter og overbelastingsplager forutset tilgang til spesialisert, tverrfagleg rehabilitering. Målet er at pasienten skal bli mest mogeleg sjølvhjelpen i daglege aktivitetar i heimen, skule, barnehage, arbeid og fritid.
Tilvising og vurdering
Som nyamputert får du tilbod om tilvising til eit av dei tverrfaglege armamputasjonsteama før du blir skriven ut frå kirurgisk avdeling. Det er fem armamputasjonsteam i Norge. Sjå oversikt under "Sjekkliste for tilvising".
Det regionale teamet skal arbeide for å opprette kontakt med nytilviste pasientar innan ein månad etter amputasjonen. Du er klar for vurdering med tanke på protesetilpassing når stumpen er grodd og allmenntilstanden tilseier det.
Ved kirurgisk avdeling skal du også få tilbod om samtale med ein annan amputert, ein såkalla likeperson.
Du skal også få informasjon om dei to pasientforeiningane for amputerte:
Landsforeningen for amuputerte
Utredning
Behandling
Du får tilbod om poliklinisk individuell oppfylgjing, poliklinisk oppfylgjing i gruppe, innlegging i sengepost eller innlegging i pasienthotell. Kva løysing som blir valgt, kjem blant anna an på ditt amputasjonsnivå, kor mykje rehabilitering og protesetilpassing du har behov for og kor lang reiseveg du har til det tverrfaglige teamet.
Du møter faggrupper som lege (ortoped eller spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering), ortopediingeniør, ergoterapeut, fysioterapeut, sosionom, sjukepleiar og hjelpepleiar. Nokre team tilbyr også kontakt med ernæringsfysiolog, idrettspedagog og psykolog.
Rehabiliteringstilbodet blir tilpassa individuelt, men vil alltid omfatte tverrfagleg vurdering, mestringsorientert informasjon og samtalar. Du får ei vurdering av behovet for proteser og grepsforbetringar. I tillegg får du rettleiing og trening i daglege aktivitetar med og utan protese. Teamet vil også gje deg rettleiing rundt arbeid, utdanning, tilrettelegging i jobb og skule, samt trygderettar. Ved behov bidrar teamet med rettleiing og rådgjeving til fyrstelinjetenesta (kommunen) og anna fagpersonell, for eksempel barnehage, skule eller arbeidsplass. Teama legg til rette for å ta imot kommunale samarbeidspartnerar til hospitering dersom desse ynskjer det.
Ved behov blir det gitt vurdering og råd om behandling av fantomsmerter og stumpsmerter, samt om tiltak ved patologisk kuldehypersensitivitet. Du får også tilbod om kontakt med likeperson frå Momentum og hjelp til å handtere eventuelle psykiske reaksjonar etter amputasjonen.
Proteser og grepsforbetringar blir tilpassa i samarbeid med dei ortopediske verkstadene Norsk teknisk ortopedi og Sophies Minde Ortopedi. Teama kan også formidle informasjon om og bidra ved utprøving av andre hjelpemidler, såkalla tekniske hjelpemidler.
Fagleg retningslinje
Du kan lese om teama sitt utgangspunkt for rehabilitering etter arm-, hand- og fingeramputasjon i den nasjonale retningslinja.
Kunnskapsbasert faglig retningslinje for rehabilitering etter ervervet overekstremitetsamputasjon i Norge
Oppfølging
Dersom du har behov for proteser og grepsforbetringar, får du oppfylgjing av dette hjå ortopediingeniør. Protesebrukerar får tilbod om regelmessige kontrollar i det tverrfaglege teamet. Alle arm-, hand- og fingeramputerte kan dessutan ved behov tilvisast til sitt regionale armamputasjonsteam for gjentatt tverrfagleg vurdering.
Det blir sendt ein rapport (ofte kalla epikrise) frå det tverrfaglege teamet til fastlegen din. Etter avtale kan epikrisen også sendast deg eller andre lokale behandlerar du skal ha kontakt med, som fysio- og ergoterapeut. Om det trengs kan terapeuten/terapeutane som fylgjer deg lokalt be om utivda rapport eller ein telefonsamtale.
Etter ein arm-, hand- eller fingeramputasjon kan det være behov for livslang oppfylgjing i form av kontakt med det regionale armamputasjonsteamet. Det er mest aktuelt for pasientar med grepstap og for brukerar av proteser og grepsforbetringar, uansett amputasjonsnivå. Derfor har teama låg terskel for å ta imot pasientar til gjentatt vurdering. Ynskjer du ei slik gjentatt vurdering, be fastlegen din om å sende ei tilvising. Pasientar som er kjende i teamet kan få behandlande ortopediingeniør til å sende tilvising eller ta direkte kontakt.
Behov for justering?
Barn i og under skulealder som bruker proteser eller grepsforbetringar, får tilbod om rutinemessig tverrfagleg kontroll i det regionale armamputasjonsteamet årleg. Tilbodet blir gitt for å fange opp endringar i behov som fylgje av vekst og utvikling. For eldre barn og vaksne blir eit slikt tilbod om rutinemessig oppfylgjing gitt årleg eller kvart andre år. Pasienten og/eller pasientens føresette kan også ta direkte kontakt med den ortopeditekniske verkstaden ved behov for justering av proteser eller grepsforbetringar.
Kontaktinformasjon til dei ortopeditekniske verkstadane
Norsk teknisk ortopedi (NTO)
Besøks- og postadresse: Vikavegen 17, 2312 Ottestad
Telefon: 62 57 44 44
Sophies Minde Ortopedi
Besøksadresse: Trondheimsveien 235, Bygg 79 Aker sykehus, 0586 Oslo
Postadresse: Postboks 493 Økern, 0512 Oslo
Telefon: 22 04 53 60
Kontakt
Nordåsgrenda 4
Fysikalsk medisin og rehabilitering
Oppmøtestad
Nordåsgrenda 45235 Rådal
Logg inn for å endre time

Nordåsgrenda 4
Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal