Hald deg i aktivitet heilt fram til operasjonen. Det er viktig å ha eit sunt og næringsrikt kosthald. Vi tilrår røykeslutt før og etter operasjonen.
Ryggoperasjon ved spinal stenose (forsnevret ryggkanal)
Spinalstenose er ein tilstand kor det er redusert plass for nervevev i ryggen, enten i sjølve ryggmargskanalen eller der nerverøtene passerer ut frå ryggmargskanalen. Målet med operasjonen er å lage betre plass i ryggmargskanalen og dermed redusere plager.
Spinal stenose kan gi ulike plager og symptom. Typisk er smerter i rygg og i beina, verst når ein står og går og ofte betre når ein bøyer seg framover. Spinal stenose rammer oftast frå 40-års alderen og oppover, og er den vanlegaste årsaka til ryggkirurgi hos dei som er eldre enn 60 år.
Tilvising og vurdering
Fastlege tilviser til undersøking på poliklinikken.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarFør
Under
Operasjonen blir vanlegvis gjort i narkose. Vi nyttar ein mikrokirurgisk teknikk der vi bruker mikroskop og opererer gjennom eit 2-4 cm langt snitt i huda på ryggen. Vi fjernar bein og bindevev slik at det blir betre plass i ryggmargskanalen.
Dei vanlegaste komplikasjonane ved dekomprimerande ryggkirurgi er:
- Rift i den tynne hinna som omgir nervevevet (duralesjon). Ved første gongs operasjon (5-10 %), men vanlegare (opptil 20 %) viss ein er operert i same område i ryggen tidlegare. Desse tilfella blir behandla med tetting av rift. Durarifter påverkar ikkje langtidsresultatet av operasjonen i seg sjølv.
- Skade på nerve kan gi seinskade, f.eks. i form av ankellamming (”droppfot”). Mindre enn 1 % risiko.
- Blodopphoping i ryggmargskanalen som kan gi trykk og skade på nervevevet.(0,2-2%)
- Djup venetrombose og lungeemboli (”blodpropp”)
- Urinvegsinfeksjon
- Infeksjon i operasjonsområdet (2-3%)
Etter
Etter operasjonen blir du flytta til oppvakningsavdelinga. Der blir du i nokre timar, før du blir køyrt til sengepost. Dei fleste blir på sjukehuset 1 eller 2 dagar, men nokon kan reise same dag.
Etter utskriving
Dei fleste blir på sjukehuset i 1-2 dagar. Det er ikkje nødvendig med rehabiliteringsopphald eller fysioterapi etter utreise. Gjer øvingar og ver i daglegdags aktivitet når du kjem heim. Du kan gradvis starte opp med fritidsaktivitetar/trening.Informasjon frå fysioterapeut
Ryggøvingar etter ryggoperasjon.
1. Vektoverføring, sidelengs + fram og tilbake: Sidelengs: Finn midtstilling: overfør kroppstyngda frå høgre til venstre bein, finn midten. Gjenta. Fram og tilbake: Overfør så kroppstyngda frå tå til hel, finn midten. Gjenta. Kjenn at du står godt og har god kontakt med golvet når kroppstyngda er plassert i midten.


2. Samantrekking av skulderblad: Stå med armane hengande ned langs sida. Trekk skulderblada saman og litt ned, hald i 3-5 sek, slapp av og gjenta.

3. Knebøy: Stå med ei hoftebreiddes avstand mellom føtene. Bøy i hofte og kne. (tenk at du skal sette deg ned på ein stol). Strekk i hofte og kne og kom tilbake til ståande stilling. Gjenta.

4. «Armhevingar» mot vegg: Støtt deg mot veggen - med armane i brysthøgd. Hald kroppen strak. Senk kroppen mot veggen og skubb tilbake. Gjenta.

5. Rette magemusklar: Ligg på rygg med bøygde kne, armane langs sida. Aktiver magemuskulaturen, rull overkroppen opp og strekk armane fram. Rull ned igjen og kvil hovudet mot underlaget/puta. Gjenta.

6. Skrå magemusklar: Løft hovudet og strekk venstre arm/alboge mot høgre kne. Rull roleg ned att og kvil hovudet mot underlaget. Gjer det same til venstre side. Gjenta.

7. Seteløft: Ligg på rygg med bøygde kne. Knip setet (rumpeballane) saman og løft bekken og nedre del av rygg frå underlaget. Hald i 3-5 sek. Kvil og gjenta. Gjenta.


Ver merksam
Dersom du opplev at det renn væske frå operasjonssåret, at du får kraftsvikt i beina eller manglande kontroll over tissing/avføring, må du ta kontakt med avdelinga. Dersom det har gått meir enn 4 veker sidan operasjonen må du kontakte fastlegen.
Kontakt
Kysthospitalet i Hagevik
Kysthospitalet i Hagevik
Ventetid: 20 - 40 uker
Ventetid: 20 - 40 uker
Kontakt Kysthospitalet i HagevikOppmøtestad
Spinal stenose vert operert både av ortopedisk klinikk på Kysthospitalet i Hagevik og på Nevrokirurgisk klinikk på Haukeland Universitetssjukehus.

Kysthospitalet i Hagevik
Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik