Ryggoperasjon ved spinal stenose (forsnevret ryggkanal)

Spinalstenose er ein tilstand kor det er redusert plass for nervevev i ryggen, enten i sjølve ryggmargskanalen eller der nerverøtene passerer ut frå ryggmargskanalen. Målet med operasjonen er å lage betre plass i ryggmargskanalen og dermed redusere plager.

Spinal stenose kan gi ulike plager og symptom. Typisk er smerter i rygg og i beina, verst når ein står og går og ofte betre når ein bøyer seg framover. Spinal stenose rammer oftast frå 40-års alderen og oppover, og er den vanlegaste årsaka til ryggkirurgi hos dei som er eldre enn 60 år.



Tilvising og vurdering

Fastlege tilviser til undersøking på poliklinikken. 

  • Generelt:  Arbeidsstatus, andre sjukdomar, medikament eller andre stimulantia (midler som aukar funksjonen eller aktiviteten til eit av kroppens system).
  • Sjukehistorie: Varigheit av symptom, smertelokalisasjon (rygg + utstråling) og grad av smerter. Funksjonsnivå inkludert gangdistanse, pareser (delvis eller ufullstendig lamming).
  • Klinisk status: Nevrologisk status, perifer sirkulasjon.
  • Andre undersøkingar: MR-funn og kor MR er tatt.


 


Før

Hald deg i aktivitet heilt fram til operasjonen. Det er viktig å ha eit sunt og næringsrikt kosthald. Vi tilrår røykeslutt før og etter operasjonen.

Kvelden før operasjonen skal du faste frå midnatt. Det betyr at du ikkje skal ete, røyke, bruke snus, tygge tyggegummi eller drops etter kl. 24.00.

Ta med liste over medisinen du bruker. Du må også ta med deg skjema til Ryggregisteret.


 


Under

Operasjonen blir vanlegvis gjort i narkose. Vi nyttar ein mikrokirurgisk teknikk der vi bruker mikroskop og opererer gjennom eit 2-4 cm langt snitt i huda på ryggen. Vi fjernar bein og bindevev slik at det blir betre plass i ryggmargskanalen.

Det kan bli lagt inn dren og urinvegskateter. Desse blir vanlegvis fjerna same dag eller dagen etter operasjonen.

Vanlegvis blir operasjonsåret sydd med tråd som går i oppløysing av seg sjølv. Huda er stripsa. Bandasje og strips blir fjerna cirka 14 dagar etter operasjonen hos fastlegen din.


 


Dei vanlegaste komplikasjonane ved dekomprimerande ryggkirurgi er:

  • Rift i den tynne hinna som omgir nervevevet (duralesjon). Ved første gongs operasjon (5-10 %), men vanlegare (opptil 20 %) viss ein er operert i same område i ryggen tidlegare. Desse tilfella blir behandla med tetting av rift. Durarifter påverkar ikkje langtidsresultatet av operasjonen i seg sjølv.
  • Skade på nerve kan gi seinskade, f.eks. i form av ankellamming (”droppfot”). Mindre enn 1 % risiko.
  • Blodopphoping i ryggmargskanalen som kan gi trykk og skade på nervevevet.(0,2-2%)
  • Djup venetrombose og lungeemboli (”blodpropp”)
  • Urinvegsinfeksjon
  • Infeksjon i operasjonsområdet (2-3%)



Etter

Etter operasjonen blir du flytta til oppvakningsavdelinga. Der blir du i nokre timar, før du blir køyrt til sengepost.  Dei fleste blir på sjukehuset 1 eller 2 dagar, men nokon kan reise same dag.

Det er vanleg å oppleve noko smerte i dagane etter operasjonen. Du får smertestillande medisin som du gradvis skal trappe ned.

Du kan bevege deg fritt etter operasjonen og du bør vere i mest mogleg normal bevegelse. Gå tur, ver i aktivitet og beveg deg så naturleg som du klarar.

Det er vanlegvis ikkje nødvendig med opptrening på institusjon etter utreise.


 


Etter utskriving 

Dei fleste blir på sjukehuset i 1-2 dagar. Det er ikkje nødvendig med rehabiliteringsopphald eller fysioterapi etter utreise. Gjer øvingar og ver i daglegdags aktivitet når du kjem heim. Du kan gradvis starte opp med fritidsaktivitetar/trening.

Du vil få med resept på smertestillande medisinar. Normalt er det naudsynt med sjukmelding frå 2 veker og oppover, avhengig av yrke. 

Bandasje skal brukast i ca 14. dagar etter operasjonen. Om du skal dusje, må operasjonssåret lufttørkast før du legg på ein ny, steril bandasje. Det er normalt ikkje sting å fjerne, dei ligg under huda og vert løyste opp av seg sjølv. Om du har sting/stiftar i huda, skal desse fjernast etter 12-14 dagar hos fastlegen din. 

Dei fleste vil få ein reduksjon av smerter etter operasjonen. Hos nokon kan det ta nokre veker med minkande smerter. Det er normalt å kjenne stivheit og smerte i sår nedst i ryggen den første tida etter operasjonen. Denne reaksjonen er svært individuell. Smerta er som regel verst det første døgnet. Deretter blir det normalt ei gradvis betring.

Dersom du har vore nummen eller plaga av lammingar før operasjon, kan desse plagene halde fram i fleire månader og år. 

Etter inngrepet kan du få ein lett feberreaksjon med temperatur opp til 38-38.5 grader. Etter to dagar er vanlegvis temperaturen normal igjen. Blir temperaturen høgare eller ikkje normaliserer seg, kan du ta kontakt med fastlegen din eller legevakta. 

Det er uvanleg at det blir infeksjon i operasjonssåret. Du bør likevel vere merksam på aukande smerter frå operasjonssåret eller stigande feber etter operasjonen. Aktivitet Generelt er det viktig å komme raskt i gong med aktivitet. Dei fleste kan komme opp å stå/gå same dag som ein er operert. Gå turar og beveg deg så naturleg som mogleg etter operasjonen. 

Du får time til kontroll på poliklinikken vår ca. 3 månader etter operasjonen. 

Du må ikkje køyre bil før du er i stand til det etter Vegtrafikklova. 

Informasjon frå fysioterapeut 

Ryggøvingar etter ryggoperasjon. 

1. Vektoverføring, sidelengs + fram og tilbake: Sidelengs: Finn midtstilling: overfør kroppstyngda frå høgre til venstre bein, finn midten. Gjenta. Fram og tilbake: Overfør så kroppstyngda frå tå til hel, finn midten. Gjenta. Kjenn at du står godt og har god kontakt med golvet når kroppstyngda er plassert i midten. 

illsutrasjon_1

illustrasjon 2

2. Samantrekking av skulderblad: Stå med armane hengande ned langs sida. Trekk skulderblada saman og litt ned, hald i 3-5 sek, slapp av og gjenta. 

illustrasjon 3

3. Knebøy: Stå med ei hoftebreiddes avstand mellom føtene. Bøy i hofte og kne. (tenk at du skal sette deg ned på ein stol). Strekk i hofte og kne og kom tilbake til ståande stilling. Gjenta.

illustrasjon 4

4. «Armhevingar» mot vegg: Støtt deg mot veggen - med armane i brysthøgd. Hald kroppen strak. Senk kroppen mot veggen og skubb tilbake. Gjenta. 

illutsrasjon 5

5. Rette magemusklar: Ligg på rygg med bøygde kne, armane langs sida. Aktiver magemuskulaturen, rull overkroppen opp og strekk armane fram. Rull ned igjen og kvil hovudet mot underlaget/puta. Gjenta. 

illustrasjon 6

6. Skrå magemusklar: Løft hovudet og strekk venstre arm/alboge mot høgre kne. Rull roleg ned att og kvil hovudet mot underlaget. Gjer det same til venstre side. Gjenta. 

illutsrasjon 7

7. Seteløft: Ligg på rygg med bøygde kne. Knip setet (rumpeballane) saman og løft bekken og nedre del av rygg frå underlaget. Hald i 3-5 sek. Kvil og gjenta. Gjenta. 

illustrasjon 8
8. Mageliggande diagonalhev: Ligg på magen med strake armar og bein. Løft den eine armen og det motsette beinet ca 5cm opp frå golvet. Hald ca 3sek. og slapp av. Løft motsette bein og arm. Gjenta.

illustrasjon 9

Ver merksam

Dersom du opplev at det renn væske frå operasjonssåret, at du får kraftsvikt i beina eller manglande kontroll over tissing/avføring, må du ta kontakt med avdelinga. Dersom det har gått meir enn 4 veker sidan operasjonen må du kontakte fastlegen.

Kontakt

Kysthospitalet i Hagevik Kysthospitalet i Hagevik
Ventetid: 12 - 32 uker

Ventetid: 12 - 32 uker

Kontakt Kysthospitalet i Hagevik

Oppmøtestad

Spinal stenose vert operert både av ortopedisk klinikk på Kysthospitalet i Hagevik og på Nevrokirurgisk klinikk på Haukeland Universitetssjukehus.

Kysthospitalet i Hagevik

Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik

Transport

Om du kjem med bil frå Bergen:

  • Følg E39 mot Halhjem/Stavanger til du kjem til avkøyrsel 64. 
  • Ta andre avkøyrsel i rundkøyringa og følg vegen i ca 4 km til du ser sjukehusskiltet.

Om du kjem med bil frå Halhjem:

  • Følg E39 mot Bergen.
  • Ta avkøyrsel 64, ta andre avkøyrsel i første rundkøyringa og første avkøyrsel i neste rundkøyring - og følg vegen ca. 4 km til du ser sjukehusskiltet.


Buss frå Bergen:

  • Rute 600 til Tøsdalsskiftet og derfra rute 602/607 Hagavik.
Buss frå Bergen lufthavn Flesland:

  • Bybanen til Lagunen terminal og deretter bussrute 600 til Tøsdalsskiftet, og så rute 602/607 til Hagavik.​

Buss frå Halhjem:

  • Rute 600 til Tøsdalsskifet og derfra rute 602/607 til Hagavik.

Det er ca 500 meter å gå frå busstoppet ned til sjukehuset.

Ventetid

12 uker til innleggelse (32 totalt)

20 uker til utredning

Praktisk informasjon

​Dessverre er nokre pasientar allergiske. Vi ønsker derfor å begrensa mengden avskårne blomster. Potteplantar er ikkje tillatt.

​Vi gjer merksam på at all skriftleg kommunikasjon som inneheld helseopplysningar eller anna personsensitiv informasjon skal sendast som eDialog​.

Les meir om eDialog og korleis du går fram for å sende sikker melding

Kantine finst i 1. etasje. Den er open kl. 10‐15 alle kvardagar. 

Det er ikkje minibank på sjukehuset, men du kan betala med bankkort. I kantina kan du òg betale med Vipps.

Mobiltelefon er tillat på heile sjukehuset, men vi ønsker at den står på lydlaus når du er på Oppvakningsavdelinga. 

​Det er gratis parkering på området til Kysthospitalet i Hagevik. 

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Det er safe i skap på pasientromma. Sjukehuset har ikkje ansvar for eventuelt tap av verdisaker.

​På Kysthospitalet har vi følgande visittider:

Måndag-fredag:  kl. 18.00-20.00
Laurdag-søndag: kl. 14.00-16.00 og kl. 18.00-20.00