Triggerfinger ved Voss/HUS
Triggerfinger er ein betennelse (irritasjon) rundt ein eller fleire av fingranes bøyesener, som kan hindre sena i å gli og gir smerter. Betennelsen gjer at sena blir fortjukka slik at det blir for trangt inni senekanalen. Typiske symptom er at fingeren låser seg i bøygd stilling, at det «knepper» når fingeren bli bøygd og strekt ut, og at det oppstår smerter i fingeren eller i handflata ved fingeren.
Tilvising og vurdering
Fastlegen kan henvise til utredning i spesialisthelsetjenesten. Diagnosen blir stilt ut fra din sjukehistorie og klinisk undersøkelse.
Før
Det er ingen forberedelser før operasjonen.
Under
Anti-inflammatoriske legemidler har vanlegvis liten effekt og trening gir ofte forverring.
Kortisonbehandling
Injisering av kortison i senekanalen kan ha effekt, nokon ganger berre midlertidig.
Operasjon
Ein operasjon er enkel og hjelper ofte. Ved operasjon blir senekanalen delt slik at senene får større plass. Dette kan lette smertene.
Operasjon blir gjort i lokalbedøving, medan blodtilførselen blir stengt av ved hjelp av ein mansjett rundt overarmen. Operasjonen tek ca.10 minuttar. Ein mjuk bandasje blir lagt på, og kan tas av etter 2–3 dagar. Etter det kan du ha eit plaster på. Fingrane er frie utanfor bandasjen, og du skal bøye og strekke fingrane fullt ut frå dagen etter operasjonen.
Etter
Etter operasjonen
Det er vanleg at fingrane hovnar opp etter ein operasjon i handa. For å motvirke dette bør du:
• Halde handa over hjertehøgde når du ikkje brukar den og strekk ut skuldera. Ha handa på pute om natta.
• Bruke handa så mykje som bandasjen tillet, men unngå tunge løft.
Smerte i operasjonsområdet kan forekomme i nokon dager. Ved behov kan du ta reseptfrie smertestillande (kjøp gjerne for eksempel Paracet og Ibux i forkant av operasjonen).
Sykmeldingens lengde avheng av type yrke. Vanleg sjukmeldingstid er 2 veker. Om du har eit manuelt lett arbeid kan du jobbe allereie nokon dager etter operasjonen.
Kontroll
Kontroll skjer hos fastlegen din ca. 2 veker etter operasjonen – da blir stinga fjerna. Etter dette treng du ikkje bandasje. Du kan vaske handa som vanleg. Hold huda rein og tørr og smør gjerne med en fuktighetsbevarende krem. Masser arret dagleg for å gjere det mjukt. Har du diabetes kan du ha ekstra behov for oppfølging fra ergoterapeut for å trene opp handfunksjonen. Ved plager etter 6–8 veker må du bestille kontroll ved poliklinikken.
Ver merksam
Du bør kontakte sykehuset om bandasjen kjennes for trang, om du får feber, har langvarige smerter eller om hevelsen ikkje går tilbake.Kontakt
Voss sjukehus
Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss
Oppmøtestad
Medisinsk poliklinikk i ligg i 1. et, der du går inn hovedinngangen. Sjå også informasjon i innkallingsbrevet om kor du skal møte.
Gynekologisk poliklinikk ligg på oppsida av sjukehuset (vis a vis legevakt/poliklinikk), sjå eige skilt.
Dersom du vil betale kontant, kan du få utført det i resepsjonen i 1.et/hovedinngang, i åpningstida.
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss