Ultralyd rutineundersøking for gravide
Rutineultralyd er ei undersøking som blir tilbode alle gravide rundt veke 18 i svangerskapet.
Tilvising og vurdering
Rutineultralyden blir utført av spesialutdanna jordmor. Du får innkalling til avtale om rutineultralyd etter at vi har fått ei tilvising frå fastlegen, jordmor eller gynekolog.
Før
Kva er ultralyd?
Ultralyd er høgfrekvente lydbølger og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbølger inn i kroppen. Når lyden passerer forskjellege vev i kroppen, blir noko av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden blir fanga opp av eit lydhovud og lydbølgene omdanna til bilder i ultralydmaskinen.
Registrering av opplysningar til fødejournal
Nødvendige opplysningar om deg, partner, om svangerskapet og eventuelle tidlegare svangerskap må vere registrert i fødejournalen i forkant av fødselen.
Vi ønskjer at du fyller ut Innskrivningsskjema fødejournal på helsenorge.no i god tid før du skal på rutineultralyd i veke 18. Du må logge deg inn på helsenorge.no for å kunne lagre og sende inn skjemaet. Det vil bli lagra ein kopi i Innboks på din profil på helsenorge.no. Dersom det skjer endringar før fødselen må du fylle ut og sende inn skjemaet på ny.
Dersom du ikkje kan sende skjemaet digitalt, kan du skrive det ut frå denne sida og levere det til sjukehuset når du kjem på ultralyd.
Vi ønskjer i tillegg at du alltid tar med deg ditt helsekort for gravide.
Om du har vore til ei ultralydundersøking hos spesialist tidlegare i svangerskapet, er det fint om du tar med deg eventuelle bilder eller anna dokumentasjon.
Ultralydundersøkinga krev ingen førebuing av deg, men vi anbefalar at både du og din partner leser Helsedirektoratets brosjyre før undersøkinga:
Rutinemessig ultralydundersøkelse av gravide
Under
Formålet med undersøkinga er å fastsetje nøyaktig termin og vurdere plasseringa av morkaka.
Vi undersøkjer også anatomien og utviklinga til fosteret. Om jordmor finn noko som kan tyde på at fosteret vil trenge ekstra oppfølging, blir du sett opp til ny kontroll, eller tilvist til fostermedisinsk avdeling.
Både stillinga til fosteret under undersøkinga og høg BMI kan gjere undersøkinga vanskeleg, og du kan derfor bli sett opp til ny kontroll.
Etter
Etter undersøkelsen kan du dra hjem.
Kontakt
Voss sjukehus
Føde poliklinikk Voss
Oppmøtestad
Føde poliklinikk, Voss sjukehusVoss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss