Vippetest
Vippetesten brukast til å utgreie kvifor ein uforklarleg svimar av, og har som føremål å undersøke blodtrykk- og pulsregulering i oppreist stilling.
Om testen
Vippetesten blir utført på ein benk som kan vippast til nesten ståande stilling. Normalt vil pulsen auke lett mens blodtrykket held seg stabilt. Dersom blodtrykksreguleringa sviktar vil blodtrykket synke, og det er då ofte svært langsam puls. Ein kan bli svimmel eller svime av, men kjem seg raskt når benken blir lagt ned igjen.
Før
Ta med deg ei oppdatert medisinliste.
Faste: Du må vere fastande. Det vil seie at du ikkje skal ete, drikke eller røyke dei siste fire timane før undersøkinga. Dette fordi undersøkinga kan medføre at enkelte pasientar svimer av.
Medisin: Du kan ta dine faste medisinar som vanleg.
Under
Personalet du møter ved undersøkinga er sjukepleiar og lege.
Du får ligge på ein benk med fotbrett og som kan vippast til nesten ståande stilling. Ein sjukepleiar vil kople på deg EKG-elektrodar, og eit blodtrykksapparat. Det blir også lagt ei kanyle inn i ei blodåre. Du vil få remmer over anklar, knær og hofte slik at du står stødig på benken.
Det vil være stille og dempa belysning i rommet under testen. Dette er for å ha minst mogeleg stimuli som kan auke puls og blodtrykk.
Etter
Legen vil informere deg om resultatet av testen og eventuelt behandlingsalternativ.
Fastlegen får skriftleg svar.
Kanyla i blodåra blir fjerna etter avslutta test.
Det er lurt å ete og drikke like etter testen.
Kontakt
Voss sjukehus
Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss
Oppmøtestad
Medisinsk poliklinikk på Voss sjukehusVoss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 Voss