Hos Bergen Center for Brain Plasticity (BCBP) går behandling og forsking hand i hand – til nytte for både pasientar og vitskapen.
BCBP er etablert som eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen, og behandlinga vert gjennomført ved Klinikk for 4-dagers behandling, som er ein del av spesialisthelsetenesta ved Haukeland.
Klinikk for 4-dagers behandlng nyttar intensive og konsentrerte behandlingsformat, der pasientar får tett oppfølging over kort tid. Dette gir høve til rask symptomreduksjon og samtidig innsamling av verdifull forskingsdata.
Målet vårt er å utvikle meir treffsikre og framtidsretta terapiformer, basert på djupare innsikt i korleis behandling påverkar hjernen på fleire nivå.
(Clinic for 4-Day Treatment).
For ei kort forklaring av 4-dagars behandlinga, sjå denne filmen