Etablere ein biobank eller prosjekt

God organisering, gjennomføring og eit dekkande informasjons- og samtykkjeskjema er avgjerande for ein vellykka biobank. Dette krev eit godt samarbeid mellom alle involverte partar slik at ein får ein straumlinjeforma prosess.

Interiør laboratorium, arm ikledd blå hanske henter prøver fra fryselager. Foto

Godkjenning frå REK

I samsvar med Helseforskingslova skal alle medisinske og helsefaglege forskingsprosjekt og forskingsbiobankar på førehand godkjennast av den regionale komiteen for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). REK gjer ei vurdering om forskingsprosjektet er driven forsvarleg og etisk. 

Samtykke, informasjon og rettar til deltakaren

Hovudregelen er at alle som skal delta i medisinsk eller helsefagleg forsking skal gje samtykke. Samtykke skal vere informert, frivillig, uttrykkeleg og dokumenterbart. Saman med samtykke skal det vere eit informasjonsskriv som gjev informasjon blant anna om prosjektets formål, rett til å trekke seg og korleis personleg informasjon blir lagra.

Helse Bergen og Universitetet i Bergen (UiB) har utarbeidd rutinar og malar for informasjonsbrev og samtykke som skal bli følgt når Helse Bergen HF eller UiB er forskingsansvarleg for ein studie.

https://helse-bergen.no/fag-og-forsking/forsking/forskingsrutinar/

Ein biobank kan enten vere generell eller spesifikk. Generelle forskingsbiobankar er baserte på eit breitt samtykke der fleire ulike prosjekt kan nytte det innsamla biologiske materialet. Kvart prosjekt som nyttar materiale frå ein generell biobank må vere REK godkjent.


Prosjektsamarbeid med Laboratorieklinikken og Biobank Haukeland

Biobank Haukeland er ei eiga eining under LK. Alle som skal nytte seg av Biobanken og/eller laboratoria i LK si teneste, må sende inn ein søknad om prosjektsamarbeid.

"Søknad om prosjektsamarbeid med laboratoriene i Laboratorieklinikken"

Det er prosjektkoordinator ved LK som tek imot søknaden og som sender ut eit pristilbod og forslag til avtale i samsvar med dei involverte avdelingane. Prosjektkoordinator saman med Biobank Haukeland legg til rette for praktiske rutinar for rekvirering, registrering, prøvetaking, prøvebehandling, analysering, svarrapportering og oppfølging. Som hovudregel er det prosjektkoordinator som er laboratoriets kontaktperson under gjennomføring av prosjekt.

Når ein skal nytte seg av Biobank Haukeland sine lagringsfasilitetar, må ein i tillegg inngå ein avtale med Biobank Haukeland om lagring. I denne avtalen må ein også namngje ein representant for Forskingsansvarleg verksemd, prosjektleiar/kontaktperson og biobankansvarleg. Som vedlegg til denne kontrakten ligg REK-godkjenninga, overslag for kostnadar for lagring, og eventuelle andre tenester og pliktar Biobank Haukeland og forskingsprosjektet er einige om.

Biobank Haukeland

Sist oppdatert 29.08.2023