We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Fleirregional teneste for leppe-kjeve-ganespalte

Leppe-kjeve-ganespalte (LKG) er den mest alminnelege medfødde misdanninga i hovud- og halsregionen i verda. Kvart år blir mellom 100 og 120 barn fødd med ei eller anna form for spalte i Noreg. For at desse barna skal sikrast best mogeleg behandling, er behandlingstilbodet teambasert og lagt til Haukeland universitetssjukehus i Bergen og Oslo universitetssykehus.

Pasientar med leppe-kjeve-ganespalt (LKG) blir tilvist til behandlingsinstitusjonen allereie som nyfødd. Mange pasientar må følgast gjennom heile barndommen og oppveksten til dei har vekse ferdig.

På 90-talet beslutta Helsedirektoratet at behandling av leppe-kjeve-ganespalte kun skal gjerast ved to behandlingsteam i Noreg. Eit team ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, og eit ved Oslo universitetssykehus:
 
Behandlingsteam Bergen

  • Haukeland universitetssjukehus
  • Statped vest
  • Tannhelsens kompetansesenter Vest (TKS), Senter for leppe-kjeve -ganespalte, Fylkestannlegen i Hordaland

Kontaktinformasjon til nøkkelpersonell - behandlingsteam i Bergen

Behandlingsteam Oslo

  • Oslo universitetssykehus
  • Statped sør-øst
     

Samarbeid mellom aust og vest
Dei to spalteteama samarbeider om behandlingsprinsipp og dokumentasjon i behandlinga. Teama har nært samarbeid mellom fleire faggrupper. Dei seks mest sentrale i behandlingen er plastikkirurgar, logopedar, øyre-nase-hals legar, sjukepleiarar, kjeveortopedar og psykologar.  

Les meir om leppe-kjeve-ganespalte:

Behandlingsprogram - Leppe-kjeve-ganespalte

Temaside Leppe-kjeve-ganespalte - Statped.no

Leppe-ganespalteforeningen

Det er behov for bedre kunnskap, ikke bare om tilstanden hos hver enkelt pasient, men om hele pasientgruppen som er født med leppe- kjeve- ganespalte. Registeret skal sikre dokumentasjon av behandlingsresultat for at pasientgruppa skal få best mogeleg behandling og oppfølging. Ved samling av data vil behandlerne kunne finne ut mer om tilstanden, om resultatene av behandlingen og gjennom forskning oppdage endringer som bør gjøres i behandlingsrutiner.

Norsk kvalitetsregister for leppe-kjeve-ganespalte

Kontakt

Kontakttelefon koordinator

  • Måndag - Fredag 9:00 AM - 11:00 AM
  • Laurdag - Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus

Kirurgisk klinikk, Avd. for plastikkirurgi og brannskade, Leppe-kjeve-ganespalte-teamet

Postboks 1400

5021 Bergen

Log in to Helsenorge

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Oppmøtestad vil variere etter kor ein er i behandlingsforløpet. Behandling av leppe-kjeve-ganespalte går føre seg ved fleire ulike einingar ved sjukehuset.

 
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen