We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Fertilitetssenteret

Fertilitetssenteret har flytta til Marie Joys' hus. Fertilitetssenteret tilbyr behandling til par med ønske om barn. Hos oss har vi dyktige fagpersonar og vi kan dokumentere gode resultat. Vi ønsker å gi våre pasientar trygg behandling i ei god atmosfære.

Ver rask med tilbakemelding til oss om de ikkje kan nytta tildelt time, slik at vi unngår unødig forlenging av ventetida for andre pasientar. 
 
Du kan kontakte oss direkte ved å sende ei melding frå «helsekontakter» på helsenorge.no 
 
 

Kontakt

Telefon

Resepsjon

55 97 42 00

Telefaks

55 97 49 68

Log in to Helsenorge

Slik finn du fram

En moderne murbygning

Marie Joys' hus

Jonas Lies vei 81

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Meir informasjon om sjukehusapoteket i Sentralblokka

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-17.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

 

Fertilitetssenteret​ har gått over til å bruke dialogmeldingar som kommunikasjonsform med pasientar.

Du loggar deg inn på helsenorge.no og vel «Helsekontakter». Der finn du «Ass.Befruktning» og kan velje «Skriv melding» for å skrive inn spørsmåla dine og sende direkte til seksjonen.

Meldingen vil besvares så snart som mulig, som oftest innen påfølgende arbeidsdag. Hvis det haster bør du ta kontakt per telefon 55 97 42 00.

Dersom du ikke er pasient hos oss eller ikke finner oss under «helsekontakter», må du kontakte oss på telefon 55 97 42 00.

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Sprøyteopplæring for pasientar i fertilitetsbehandling

Det er mykje du skal passe på når du er i fertilitetetsbehandling og skal setje sprøytene dine sjølv. Du treng kanskje en repetisjon av informasjonen du fekk. Følg lenken her for å gå gjennom opplæring steg for steg. 

Sprøyte - og medisinopplæring pasientar i fertilitetetsbehandling
A pair of scissors and a stethoscope

Pasientskjema

Her finner du en oversikt over pasientskjemaene du skal fylle ut når du skal, eller er i, behandling ved seksjon for assistert befruktning. Du vil få beskjed fra seksjonen hvilke skjema vi trenger fra deg.
Pasientskjema
Foto av noen som fyller ut et skjema

Assistert befruktning

Her finn du all informasjon om ulike metodar, tilvising, førebuingar og kva som skjer før, under og etter assistert befruktning hos oss.
Finn all informasjon om assistert befruktning
mikroskop.foto

Nedfrysing av sæd

Ved Haukeland har vi eiga spermbiobank der ein kan fryse ned og lagre sæd / spermiar frå pasientar som har sjukdom som kan redusere eller øydeleggje pasientens fruktbarheit.
Les meir om fertilitetsbevarande tiltak
Kvinne holder rundt mann. Foto

Information in English

Here you will find information about assisted reproduction treatment at Haukeland University Hospital.
More about assisted reproduction
par hos lege.foto