Når tilvisinga er godkjent, vil dere få time til forundersøking på avdelinga. Vi veit at de som kjem til oss har eit stort behov for informasjon og vi ynskjer at de opplever å bli godt ivaretatt, føler tryggleik og at vi får ein god dialog gjennom heile behandlingsprosessen. Vi håper at denne informasjonen kan gi svar på nokre av spørsmåla de sitt med og vil gjerne at de skriv ned fleire spørsmål og tar dei med når vi møtast, så skal vi gjere vårt beste for å svare.
Vær venleg å les gjennom ALL informasjon før de møter i avdelinga. Rekvirerte blodprøver må tas i god tid slik at prøvesvara er tilgjengelig ved oppmøte.
Forundersøkinga består av ein samtale med lege og sjukepleiar for begge to. Dersom behandlinga ver planlagt eit stykke fram i tid, vil samtalen med sjukepleiar skje nærast mogeleg behandlingsstart. Det er viktig at de informerer legen om eventuell medisinbruk og allergiar. I tillegg skal kvinna gjennom ein gynekologisk undersøking og mannen må levere sædprøve.
Ein sjukepleiar vil fortelje om rutinane på avdelinga og kva som er vanleg behandlingsløp ved assistert befrukting. Under samtalen med sjukepleiaren må de signere «Avtale om assistert befruktning», som de skriv ut frå nettsida vår. Hugs å ta med legitimasjon, for det må visast fram i samband med underskrivinga.
De vil også få opplæring i bruk av sprøyter som ein skal sette sjølv under behandlinga. Dersom alt ligg til rette for det, vil vi no bli einige om metode og tidspunkt for vidare behandling.
Mannen kan velje om han vil avleggje sædprøven heime og levere den når de kjem til avdelinga, eller ta den på eit eige rom knytt til avdelinga. Om sædprøven blir tatt heime, bør det ikkje gå meir enn ein time før den blir levert på avdelinga, og den må fraktast inntil kroppen for å halde på temperaturen. Før sædprøven blir tatt, bør det ikkje vere meir enn to til tre dagar sidan førre sædavgang.
Varigheit på utgreiing
Du loggar deg inn på helsenorge.no og vel «Helsekontakter». Der finn du «Ass.Befruktning» og kan velje «Skriv melding» for å skrive inn spørsmåla dine og sende direkte til seksjonen.