Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Den internasjonale dagen for kliniske studiar

20. mai blir den internasjonale dagen for kliniske studiar markert. Dette er ein dag som løfter fram kor viktig forsking er for betre pasientbehandling og utvikling av ny kunnskap i helsetenesta. Datoen er ikkje tilfeldig vald: Han er knytt til det som blir rekna som ei av verdas første kontrollerte kliniske studiar, utført av den britiske marineoffiseren James Lind i 1747.

Publisert 20.05.2026
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Klinisk forsking som drivkraft

Kliniske studiar spelar ei avgjerande rolle i utviklinga av nye legemiddel, behandlingsmetodar og diagnostiske verktøy. Gjennom slike studiar får pasientar tilgang til ny behandling, samstundes som helsevesenet får viktig kunnskap som kan kome framtidige pasientar til gode.

På Haukeland universitetssjukehus går det til ei kvar tid føre seg ei rekkje kliniske studiar innan ulike fagområde. Forsking er ein integrert del av verksemda ved sjukehuset, og bidreg til betre pasientbehandling og auka kvalitet i helsetenestene.

– Den internasjonale dagen for kliniske studiar minner oss om at medisinske framsteg blir skapte gjennom samarbeid mellom pasientar, helsepersonell og forsking. Bidraga deira er avgjerande for å utvikle betre behandling og framtidas helseteneste, seier forskingssjef i Helse Bergen, Vibeke Vold.

Ei av verdas første kliniske studiar

Den internasjonale dagen for kliniske studiar er knytt til det som blir rekna som ei av verdas første kontrollerte kliniske studiar, utført av den britiske marineoffiseren James Lind i 1747.

På Linds tid var skjørbuk ei utbreidd og alvorleg sjukdom blant sjøfolk, forårsaka av mangel på fersk mat. Dette førte til stor liding og høg dødelegheit, og det var eit akutt behov for betre behandling.

Lind gjennomførte eit forsøk med tolv sjømenn, delte i seks grupper som fekk ulike behandlingar. Dei som fekk sitrusfrukter og sider, vart raskt betre. Sjølv om årsaka (mangel på vitamin C) først blei forstått seinare, var forsøket eit viktig gjennombrot.

Frå Linds enkle studiar til dagens avanserte forsking har kliniske studiar drive den medisinske utviklinga framover. Den internasjonale dagen for kliniske studiar minner oss om kor viktig dette arbeidet framleis er.

Lansering av sanntidsoversikt for kliniske studiar i Noreg

På helsenorge.no finn du no oppdatert informasjon om forsking som går føre seg ved sjukehusa i Noreg. Her finn du sanntidsoversikta i Helse Bergen.

I den nasjonale oversikta ser du kva kliniske studiar som går føre seg, kvar forskinga skjer og kva studiar som ønskjer fleire pasientar. Kvar studie får ei enkel skildring av prosjektet og informasjon om kven som kan kontaktast.

Ei oversikt over alle pågåande kliniske studiar er viktig både for pasientar og helsetenesta. Forsking er ein sentral del av pasientbehandlinga, og heilt nødvendig for å kunne utvikle morgondagens sjukehus og behandlingsformer.

Utgangspunktet til regjeringa er at klinisk forsking skal vere ein naturleg del av det å behandle pasientar – då må det òg vere betre informasjon om moglegheitene for å delta.