Kliniske behandlingsstudiar
Forskar på om mindre omfattande operasjonar kan gi like god overlevelse og høgare livskvalitet
Overlege Jone Trovik leiar den kliniske studia Livmorslimhinnekreft: Biomarkørstyrt behandling ved gynekologisk kreft. Dei undersøker hormonreseptorar i svulstvev for raskare å påvise aggressiv sjukdom og dermed skilje pasientar som treng å få operert lymfeknutane frå dei som kan sleppe.

Kven er du og kva er ditt fagfelt

Foto: Evelyn Myrå Holmøy
Jone Trovik, spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar, overlege og professor. Leiar av den kliniske studia Livmorslimhinnekreft: Biomarkørstyrt behandling ved gynekologisk kreft. Forskar på hormonreseptorar og eit gen som heiter P53.
Fortel oss om kva du forskar på i denne studia
I denne studia undersøker vi hormonreseptorar, altså mottakarar for hormonsignal i cellene, for dei kvinnelege kjønnshormona østrogen og progesteron samt uttrykk av svulsthemmaren p53. Vi studerer preoperative prøver hos pasientar med livmorslimhinnekreft (endometriekreft).
Tidlegare fjerna vi alltid lymfeknutar hjå kvinner som vart operert for livmorkreft, ikkje fordi det gav meir friskheit, men fordi dersom vi finner lymfeknutespreiing, er svulsten hennar meir aggressiv med større grad av dødelegheit.
No ventar vi å kunne identifisere fleire lågrisikopasientar slik at fleire kan sleppe lymfeknutefjerning, og dermed sleppe mellom anna risiko for lymfødem (hevelse) i beina som er ei kjend langtidsplage etter lymfeknutefjerning. For dei som kan unngå fjerning håper vi å vise at det fører til auka livskvalitet.
Kvifor er dette spanande? Kvifor treng vi denne forskinga?
Vi har ikkje tidlegare systematisk registrert hormonreseptorar i vanleg klinisk praksis ved gynekologisk kreft, i motsetning til f.eks. ved brystkreft der metodar for å registrere hormonreseptorar har vært i bruk i standard behandling lenge.

Foto: Evelyn Myrå Holmøy
Vi har tidlegare testa at svulst med tap av hormonreseptorar og endring av svulsthemmarproteinet p53 har auka risiko for lymfeknutespreiing og agresiv sjukdom. Nå ville vi undersøkje om vi kunne nytte dette for å skreddersy behandlinga.
I praksis gir det særleg hjelp til å identifisere lågrisikopasientar som ikkje trenger så omfattande kirurgi eller etterbehandling. Dermed kan vi unngå moglege (langtids)plager for pasientar som ikkje antas å ha nytte av slik utvida behandling.
Vi vil finne ut kven som har, eller ikkje har, behov for fjerning av lymfeknutar i bekkenet under operasjon for kreftsjukdommen (fjerning av livmora) samt kven som bør ha etterbehandling i form av cellegift. I tillegg undersøker vi livskvalitet hos alle pasientar før og ved oppfølgingane etter operasjon spesielt mhp om der er forskjellar i erfart livskvalitet etter ulike typar operasjon/behandling.
Korleis føregår studia dykkar?
Før operasjon tar vi ein rutinemessig vevsprøve frå livmora som blir undersøkt for å stille kreftdiagnosen. Frå den prøva kan vi måle andel med normale hormonreseptorar og p53 protein. Det er altså ikkje nødvendig med ekstra vevsprøvar.

Foto: Evelyn Myrå Holmøy
Forskarane følger alle pasientar tett og samlar inn informasjon om korleis dei har det før og i totalt 5 år etter operasjon. Vi bruker standardiserte spørjeskjema om livskvalitet for å kartlegge evt. plager etter rutinebehandling som gis ved gynekologisk kreft.
Kva har de funne ut?
Vårt viktigaste funn er at dødeligheten er den same sjølv om vi berre opererer vekk lymfekjertlar på 40% av pasientane, mot tidlegare 70% av pasientane. Dette fortel oss at det er trygt å bruke denne metoden, som vi også kan slå fast at er ressurssparande for sjukehuset og meir skånsamt for pasientane som slepp større operasjon. Dette er ein fordel for mange. Vi har også vist at livskvalitet for dei som går på cellegift er dårlegare men ikkje funne at lymfeknutefjerning ga generell dårlegare livskvalitet.
Livskvalitetsdata (2-års oppfølging) er publisert tidlegare. Langtidsresultat (overlevelsesdata) vart presentert på norsk gynekologisk foreining i fjor og vi jobbar med artikkelen no.
Korleis vil resultata dykkar påverke medisinsk behandling?
Dette er en implementeringsstudie, som betyr at basert på tidlegare samla vitskapeleg kunnskap har vi endra rutinar for behandling ved livmorslimhinnekreft og testa at det er trygt. Alle som blir behandla for livmorkreft på Haukeland, blir undersøkt etter dei same kriteria.
Det som er nytt no er at vi kan skreddarsy behandlinga for dei med dårlegast prognose, og raskt avklare om dei skal få umiddelbar tilleggsbehandling for å hindre risiko.
Den nye prosedyren vi har testa, mogleggjer også denne kategoriseringa av høy- og lågrisikopasientar på mindre sjukehus. Immunhistokjemi kan alle gjere overalt, det er billig og lett å få til for alle patologilaboratorier, på så vel lokalsjukehus som i mindre velståande land. For Vestlandet betyr det at kvinner med antatt lavrisiko livmorhinnekreft kan bli operert i Førde, Haugesund eller Stord og ikkje treng reisa til Bergen.
Kven har blitt rekruttert som deltakarar i studien?
Vi har rekruttert 956 pasientar sidan studien starta hausten 2015.
Alle pasientar som blir tilvist til eit deltakande sjukehus med diagnose eller mistanke om livmorslimhinnekreft blir tilbudd å delta. Det er stort sett kvinner som etter overgangsalder har opplevd bløding, mange av pasientane er eldre kvinner.
Kvifor bør andre vurdere å starte opp ein klinisk behandlingsstudie?
Både fordi det går generelt betre med pasientar som er deltakarar i studiar. Og i tillegg er det slik verda går framover: vi finn ut kva løysingar som fungerer betre enn dagens, eller vi finn ut at dagens praksis på et gitt felt er den førebels beste.