Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kliniske behandlingsstudiar

Kan ein blodprøve spare pasientar for sjukehusinnlegging?

Ein stor del av pasientane som kjem til akuttmottak kjem med mistanke om akutt hjarteinfarkt. Akutt hjarteinfarkt er potensielt fatalt, og krev mykje ressursar frå sjukehuset. Dette er bakgrunnen for studien WESTCOR-POC som har undersøkt om ein blodprøve kan betre diagnostikken på sjukehuset.

Publisert 04.08.2025

Kristin Aakre og hennar kollegaer har gjennom ein klinisk studie undersøkt om ein kan spare tid og ressursar for pasientar og for akuttmottak ved å bruke ein hurtigtest for å avklare om ein person har (fare for) akutt hjarteinfarkt.

–  I WESTCOR POC-studien har vi testa ut om ein pasientnær hurtigprøve for å måle troponin (blodprøvemarkøren for akutt hjarteinfarkt), vil kunne korte ned tida pasientar bruker på akuttmottaket. Med hurtigprøva vil ein få svar på akuttmottaket innan åtte minutt, seier Aakre.

Studien har undersøkt om bruk av den nye metoden for blodprøvetaking kan gje raskare avklaring i akuttmottak, om den kan påverke liggjetid, pasienten si oppleving av sjukehusopphaldet, og om det er meir kostnadseffektivt.

En person som står foran en glassvegg
Kristin Aakre er prosjektleder, her avbilda på Laboratoriebygget

 

Eit samtidig krav er at hurtigutgreiing skal vere like nøyaktig som standard utgreiing når det gjeld å fange opp alvorleg sjukdom. 

Kven har vore deltakarar i studia?

Studien har inkludert 1500 pasientar i perioden mars 2022 til mars 2024.

– Alle pasientar som kom inn i akuttmottak ved Haukeland Universitetssjukehus med brystsmerter og spørsmål om akutt koronarsyndrom kunne bli spurt om dei ønskte å bli inkludert i studien.  

Ved samtykke vart pasienten ved hjelp av loddtrekning plassert i ei gruppe kor ein tok blodprøve med hurtigtest, eller i ei kontrollgruppe der ein tok blodprøvar på vanlig måte.  

Opplysingane som vart registrerte om deltakarane var tid i akuttmottaket, total tid i sjukehuset og endeleg diagnose.   

Studien er finansiert av forskingsmidlar frå Helse Vest.

Ikkje vesentleg tid å spare

Dei første resultata er allereie klare. Det viktigaste funnet er at blodprøva førebels ikkje gav vesentleg redusert liggetid i akuttmottak.

– Vi fann at det ikkje var «klinisk meiningsfull forskjell» på om blodprøven vart analysert i akuttmottaket eller på laben.

«Klinisk meiningsfull forskjell» vil seie at ein i snitt reduserer liggetida i akuttmottak med meir enn 15 minuttar pr pasient samanlikna med dagens praksis.

– Dei viktigaste funna våre var at pasienten måtte bli undersøkt av lege innan ein time etter ankomst. Dette seier i grunn seg sjølv: pasienten blir verande i akuttmottaket fram til ein lege tar ei avgjerd, og det hjelper ikkje om prøveresultatet er klart om ingen har høve til å sjå på det.

– Eit viktig funn var at i dei tilfella der pasienten fekk påvist akutt hjarteinfarkt, gjekk pasientane 43 minutt raskare gjennom akuttmottaket med hurtigtesten enn med dagens praksis. I desse tilfella var det mykje tid å spare.

– Det siste viktige funnet var at pasientnær analyse reduserte liggetida betydelig i dei tilfella der legen agerte på troponinresultata i tråd med anbefalingane for utredningsalgoritmen for brystsmertepasientar. Studien gir ikkje svar på kvifor algoritmen ikkje alltid vart fulgt men det kan skuldast både faktorar ved legen (erfaring) eller pasienten (pasientar med komplisert sjukehistorie krev fleire undersøkelsar og meir utgreiing).

Kva påverknad har denne studien for praksis i sjukehuset?

– Denne blodprøva vil ikkje bli innført ved Haukeland med det første. Vi har ein effektiv lab her på Haukeland, og vi har ikkje mykje tid å spare.

Eit viktig poeng er at andre akuttmottak kan ha større potensiale for tidssparing, dersom dei av ulike grunnar ikkje har like rask lab som Haukeland.

– Innføringa av hurtigtesten i akuttmottaket krev også ressursar frå mottaket som må analysere prøven sjølv, ei oppgåve som i dag blir gjort av laben. I tillegg er kostnadane pr test mykje høgare enn dagens testar, som må vurderast opp mot kva effekt ein oppnår. Ein bør derfor gjere kostnadsanalysar før ein tek endeleg stilling til implementering, noko studien jobbar med no, seier Aakre.

Kor går vegen vidare?

Aakre og Viola Thulin, som er PhD stipendiat på prosjektet, har allereie presentert dei viktigaste funna i publikasjons form og på konferanse. Dei arbeider no med å publisere forklaringane på funna. Etter kvart står nye studiar for tur.

– Ein mogleg vidare studie er å prøve eit liknande studiedesign i ein legevaktsetting, kor vi kan undersøke effekten av pasientnær analyse av blodprøvene på legevakta, og om det er potensiale for å betre diagnostikken der.

Kva er ein klinisk studie?

Kliniske studiar, eller utprøvande behandling, er studiar som blir utført på menneske for å undersøkje verknad av legemiddel eller andre behandlingsmetodar, men også for å undersøkje korleis medikament blir omdanna i kroppen og om biverknadane er akseptable.

Du kan sjå oversikt over kliniske studiar i Norge her