Opna forskingssenter: Skal finne framtidas behandling for rus- og avhengigheitslidingar
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre opna forrige veke det nye forskingssenteret SEIER ved Engenhuset. Senteret er det første i verda som skal utvikle og teste heilskaplege behandlingsmodellar for personar med rus- og avhengigheitslidingar.

Eit ønskje om meir samanhengande behandling
På opninga trekte Vestre fram betydninga av forsking som kan gi betre behandling til menneske med rus- og avhengigheitslidingar.
– Vi må utvikle eit meir kunnskapsbasert behandlingstilbod for menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Difor er forsking som dokumenterer kva som verkar i behandling, heilt avgjerande, sa helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Foto: Øystein Fykse
Bakgrunnen er at denne gruppa i gjennomsnitt lever vesentleg kortare enn resten av befolkninga. Mange blir ramma av helseutfordringar som kunne vore førebygde eller behandla tidlegare med tettare oppfølging.
– I dag veit vi for lite om korleis ulike helseutfordringar best kan behandlast samla. Gjennom SEIER skal vi utvikle og teste modellar som kan gi pasientane meir samanhengande og målretta oppfølging, seier professor Lars Thore Fadnes, som skal leie senteret.
30 millionar frå Trond Mohn forskingsstifting
Satsinga får støtte på 30 millionar kroner over fem år frå Trond Mohn forskingsstifting. Målet er å identifisere tiltak som gir betre helse og livskvalitet, og å bidra til endringar i klinisk praksis og nasjonale retningslinjer.
Foto: Øystein Fykse
Skal følgje tusen pasientar
Forskarane skal følgje om lag tusen personar i legemiddelassistert rehabilitering over tid for å kartleggje kva faktorar som påverkar helse, livskvalitet og behandlingsresultat. Senteret skal òg utvikle og teste nye modellar for integrert behandling, der rusbehandling blir sett i samanheng med fysisk helse, psykiske lidingar og livsstilsfaktorar.
Arild Knutsen, leiar i Foreininga for human ruspolitikk, meiner satsinga svarar på eit behov mange pasientar opplever i dag.
– Når ein er i rusbehandling, treng ein òg helsehjelp for fysiske sjukdommar, traumebehandling og tannbehandling. Dette er tenester mange ikkje får tilgang til. Difor treng vi meir kunnskap om kva som faktisk gir best resultat for pasientane, seier han.
Byggjer på sterke forskingsmiljø
Forskingsmiljøet bak SEIER har allereie bidrege til internasjonalt anerkjende resultat. Forskarane har mellom anna vore sentrale i utviklinga av behandlingsmodellar som har bidrege til å redusere hepatitt C og påverka retningslinjer i fleire land.
Foto: Øystein Fykse
– Etableringa av SEIER gir oss ei unik moglegheit til å byggje vidare på denne forskinga og styrkje kunnskapsgrunnlaget for behandling av ruslidingar. Ambisjonen er å utvikle løysingar som kan kome pasientar til gode langt utover Bergen og Noreg, seier klinikkdirektør Christian Ohldieck ved Rus- og avhengigheitsklinikken i Helse Bergen.