Bli kvitt angsten på fire dagar
Alvorlig angst blir med rette kalla «de unges lidelse». Halvparten av behandlingstrengande pasientar med angstliding rammes i tenåra, og meir enn 75% blir ramma før dei fyller 25 år. Lidingane utgjør samen med depresjonar dei hyppigast og dei mest ressurskrevjande lidingane i den polikliniske spesialisthelsetenesta. Dei menneskelege og sosioøkonomiske gevinstane for kvar einaste som kan bli hjelpen er enorme.
Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016. Last ned einsider (pdf)
Svært effektiv behandling
Behandlinga for tvangsliding (OCD), concentrated ExposureTherapy (cET) vekker stor interesse nasjonalt og internasjonalt. Metoden reduserer behandlingstida frå månader til fire påfølgande dagar. Meir enn 70% oppnår full remisjon som held seg over tid, det er i praksis ikkje fråfall.
Skal bli tilboden dei vanlegaste angstlidingane
Innovasjon til beste for pasienten www.idemottaket.no
Tilnærminga er sterkt etterspurt frå pasientar, pårørande og behandlarar, både nasjonalt og internasjonalt (Nederland, USA, Tyskland, Sverige, Danmark), og er lovande for andre lidingar som sosial angst, panikkliding og generalisert angstliding. Spreiinga er i gang, og i løpet av 2017 er målet å kunne tilby det konsentrerte behandlingsformatet til alle helseregionane, og starte opp den første spreiinga av metoden til utlandet.
Tiltrekker seg dei fremste forskingsmiljøa
Formatet er ideelt for forsking på behandlingsmekanismar fordi det så sterkt reduserer usystematisk variabilitet knytt til forhold utanfor behandlinga. Samen med toppforskarar ved bl.a Harvard og UCLA er metoden nå utgangspunkt for kliniske-, fMRI-, farmakologi- og genetikkstudiar.
Fakta om prosjektet
Priser
Året nyvinning 2015, Psykologiforbundet
Vinnar av den bergenske delfinalen i
Forskar Grand Prix i 2014
Finansiering
Helse Vest, fleirårig forskingsprosjekt og
strategiske midlar
Nasjonale satsingar, NASATS
Helsedirektoratet
NIH (National Institute of Health) Kavlifondet
Kontakt
Prosjektleder Gerd Kvale, OCD prosjektet ved Kronstad distriktspsykiatriske senter.
epost: gerd.kvale@helsebergen.no
Telefon: 55 95 60 60
Sjå også nettsidene våre på: www.helsebergen.no/avdelinger/psykiskhelsevern/ kronstaddistriktspsykiatriskesenter
Bergen Teknologioverføring (BTO) epost: post@bergento.no
Har du ein god idé?