Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fagkurs

Hjartekurs 2023

Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus arrangerer årleg eit hjartekurs som går over fem dagar.

Passert
13.
november
2023
5 dagar
  1. 13. nov. 2023, 08:00 - 15:00
  2. 14. nov. 2023, 08:00 - 15:00
  3. 15. nov. 2023, 08:15 - 15:00
  4. 16. nov. 2023, 08:15 - 15:30
  5. 17. nov. 2023, 08:00 - 15:00

Tid og stad

Når

  1. 13. nov. 2023, 08:00 - 15:00
  2. 14. nov. 2023, 08:00 - 15:00
  3. 15. nov. 2023, 08:15 - 15:00
  4. 16. nov. 2023, 08:15 - 15:30
  5. 17. nov. 2023, 08:00 - 15:00

Type arrangement

Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell

Spesialitet

Hjertesykdommer

Arrangør

Meld deg på her

Frist for påmelding: 23. okt. 2023

Dagane er temabaserte og du kan melde deg på ein eller fleire dager. Kurset er eit tilbod til helsepersonell i både primær- og spesialisthelsetenesta i Helse Vest som møter pasientar med hjartesjukdom.

Første dag gir ei innføring i hjartet sin anatomi/fysiologi, hjartesvikt, hypertensjon og kvinner og hjartesjukdom.  

Andre dag omhandlar hjarterytmeforstyrringar (arytmiar), pacemaker, implanterbar hjartestartar (ICD), behandling av arytmiar og hjartemedisinar. 

Tredje dag vil ein lære om diagnostisering og behandling av koronar hjartesykdom, angina pectoris, hjarteinfarkt, hjartekateterisering og utblokking av hjartet sine kransårer (PCI), hjarterehabilitering og delirium.  

Fjerde dag omhandlar e-helsekompetanse, pasientstyrt Marevanbehandling, fysioterapi til hjartepasientar, CT-angiografi, medikamentetterleving, radiofrekvensablasjon (RFA) og synkope. 

Femte dag vil ein få ei innføring i hjartekirurgi, kateterbasert implantasjon av aortaklaff (TAVI) og kateterbasert behandling av lekkasje i mitralklaffen (mitraclip), aortakirurgi, hjartebarn og hjartekirurgi i Etiopia. 

Kursavgift

Enkelte dagar (kr 900,- per dag). Heile veka (kr 3000,-). Kursavgift inkluderer lunsj, samt frukt, kaffi og te i pausane. 

Påmelding

For deltakarar som ikkje er tilsett i Helse Bergen eller om du sjølv skal betale kursavgift, må du melde deg på via påmeldingsskjema i deltager.no.

Om du er tilsett i Helse Bergen og arbeidsgivar skal betale kursavgift, meld deg på internt: Hjartekurs - 5 dagar (intern lenke til intranett i Helse Bergen)

Kontakt