Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rutinar for sending av biologisk materiale

Prøveforsendelse

Legekontor som ikkje er knytt til vår henteteneste må sende prøvene per post. Konvoluttar med tilhøyrande fraktetikettar kan bestillast på analyseoversikten.no​.  Våre konvoluttar er riktig merka og godkjent for innsending av biologisk materiale.

Sending av biologisk materiale skal skje i samsvar med regelverket. 
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (dsb) har utarbeidd ein rettleiar om sending av smittefarleg biologisk materiale,
Det er avsendar sitt ansvar å sjå til at smittefarleg biologisk materiale er riktig klassifisert, pakka, merka og at riktige dokument medfølgjer sendinga. Melding om feilaktig emballert prøve blir sendt avsendaren.

Biologisk materiale skal i de aller fleste tilfelle klassifiseres som farlig gods, kategori B, og er tillatt sendt i posten.

 

Adresse for innsending av prøver:
Haukeland universitetssjukehus
Felles prøvemottak
Jonas Lies vei 91 B
5021 Bergen

🧪 Sending av prøver – viktig informasjon

  • Alle prøver må ha eiga transporthylse før dei blir lagt i konvolutten.
  • Alle prøverøyr til dei ulike laboratoriane på Haukeland sjukehus skal sendast i same konvolutt.

📦 For mange prøver til éin konvolutt?

Dersom du har fleire prøver enn det som får plass i éin konvolutt:

  • Du kan bruke fleire konvoluttar, så lenge dei er teipa godt saman
  • Maks vekt totalt: 5 kg
  • Fest fraktetiketten på den øvste konvolutten

Konvolutter tapet sammen. Foto

Fraktetikettar – hugs å bruke rett type!

Det finst to typar fraktetikettar:

  • FR1: Brukast for sendingar måndag til og med torsdag
  • RL1: Brukast for sendingar som skal leverast laurdag (sendast fredag)

⚠️ Viktig informasjon om RL1-etiketten:

  • Skal berre brukast når laurdagen ikkje er ein heilagdag
  • Skal ikkje brukast ved inneklemde dagar
  • Ikkje alle kan bruke RL1 – sjekk med ditt lokale postkontor

🔔 Bruk rett etikett for å sikre at sendinga kjem fram som ho skal!

Fest fraktetiketta på konvolutta og lever til næraste poststad (sjå innleveringsfrist på næraste post i butikk: www.posten.no/kart). 
Bord
Bildetekst

 

Konvoluttar og fraktetikettar bestillast i analyseoversikten.no.
 
Brun prefrankert konvolutt (sjå bilde under)
kan brukast til enkelte prøvematerial, sjå avkryssing på konvolutten for kva som kan sendast med denne. 

Ver merksam på at konvolutten ikkje kan nyttast til biologisk materiale med kort haldbarheit. Transporttida blir for lang og prøvematerialet for gammalt. Sjå analyseoversikten.no​ for haldbarheit. 

Berre eit kryss pr. konvolutt. Har dykk prøver som krev fleire kryss, bruk kvar sin konvolutt. 


Konvolutt_biologiskstoff_brun.PNG

​​

 

Det skal nyttast emballasje av god kvalitet som skal vera tilstrekkeleg solid til å stå imot støyt og belastningar som normalt førekjem under transport.Ved klargjering for transport skal emballasjen vera lukka på ein slik måte at det blir forhindra kva tap som helst av innhald under normale transportforhold

Emballasjen skal bestå av minst tre (3) komponentar:
1: ein primærbehaldar;
2: ein sekundæremballasje; og
3: ein yttermeballasje.
og anten sekundæremballasje eller ytteremballasjen skal vera stiv.

Emballasjebestemmelser P650, sending av væskar;
a: Primærbehaldar skal vera lekkasjesikker ;
b: Sekundærbehaldar skal vera lekkasjesikker;
c: Om fleire skjøre primærbehaldarar blir plasserte i ein enkelt sekundæremballasje, skal dei anten vera individuelt pakka eller skilde slik at det blir forhindra kontakt mellom dei;
d: Det skal vera plassert absorberande materiale mellom primærbehaldaren(e) og sekundæremballasjen. Det skal vera tilstrekkeleg absorberande materiale til å ta opp heile innhaldet i primærbehaldaren(e) slik at alle lekkasjar av flytande materiale ikkje påverkar det støytdempande material eller ytteremballasjen negativt.
e: Primærbehaldaren eller sekundæremballasjen skal utan å leka kunne stå imot eit innvendig trykk på 95kpa (0.95bar).

Døme på sendingar som skal emballerast etter P650, er prøver fixert i formalin.

Pakkinga
Primærbehaldarar skal emballerast i ein sekundæremballasje på ein slik måte at dei under normale transportforhold ikkje kan knusast, bli punktert eller at innhaldet lek inn i sekundæremballasjen. Sekundæremballasjen skal sikrast i ein ytteremballasje med passande støytdempande materiale. Ein lekkasje av innhaldet skal ikkje i vesentleg grad påverka dei vernande eigenskapane til det støytdempande materialet eller til ytteremballasjen..

Merking
Ved transport skal UN3373 merka vera påført utsida av ytteremballasjen. Merket skal plasserast mot ein bakgrunn med god kontrastfarge og skal vera klart synleg og lesbart. Merket skal vera i form av eit kvadrat som er plassert i ein vinkel på 45º (diamantform) med minimum storleik på 50x50 mm, linjetjukna skal vera minimum 2 mm og bokstavane og tala skal vera minst 6 mm høge. På ytteremballasjen ved sida av merket skal varenamnet ”BIOLOGISK STOFF, KATEGORI B” blir angitt med minst 6 mm høge bokstavar.

Alt nødvendig materiell som rekvisisjoner, prøvetakningsutstyr, transporthylser, fraktetiketter og forsendelseskonvolutter kan bestilles  Analyseoversikten.no

 

Avdeling for klinisk biokjemi og farmakologi vidaresender prøver som ikkje blir utførte på sjukehuset, til andar sjukehuslaboratorium i Noreg. Opplysningar om analyse, utførande sjukehus/laboratorium  vera oppgitt, evt. må papirrekvisisjon til riktig sjukehus/laboratorium følgja med prøva/bestillinga.Svar på analyse blir send direkte til rekvirent frå utførande laboratorium .

For analysar som må sendeast til utlandet for analyseing, må rekvirent/legekontoret sjølv betala for kostnadene ved sendinga. Analysesvar og evt, faktura bilr sendt fra utførande laboratorium direkte til rekvirent

Ansvarlig avdeling: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi
Kontaktpersoner: Vibeke Mælen Hannevig, Carina Andreassen,helsesekretær med fagansvar/ Hege Lid, markedskonsulent
Telefon: 55 97 31 00 eller mobil 954 22 394
Epost:
 
Sist oppdatert 21.05.2025