Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nytt regionalt senter for kjønnsinkongruens

Senteret vil være eit tilbod til barn og unge under 18 år og deira pårørande, med moglegheit for samtalar, informasjon, og tilgang på hjelpemiddel. Senteret vil også etablere eit regionalt fagnettverk for kjønnsinkongruens, og vere ein ressurs for andre delar av helsetenesta.

Publisert 08.12.2023
Bord og stoler i Glasblokkene
Senteret held til i Glasblokkene

-Felles for barn og unge med spørsmål rundt kjønnsidentitet, er behovet for sosial støtte under utforsking av identiteten sin. Familie, jamgamle, skole og sosialt nettverk speler ei viktig rolle. Barn og unge med kjønnsinkongruens er ei samansett gruppe med varierte behov for oppfølging frå helsetenestene, seier Runa Kongsvik, psykolog og koordinator for Regionalt senter for kjønnsinkongruens ved Haukeland universitetssjukehus.

Koordinator Runa Kongsvik
Koordinator Runa Kongsvik

Kva er kjønnsinkongruens? 

Kjønnsinkongruens er ein tilstand med kjenneteikn som manglande samsvar mellom tildelt kjønn ved fødselen og opplevd kjønnsidentitet. Mange lever godt med kjønnsinkongruens, og opplever tilstrekkeleg nytte ved tiltak som å endre namn og pronomen, eller å endre kjønnsuttrykket sitt ved hjelp av hår, klede, sminke, og eventuelt hjelpemiddel (eksempelvis parykk, penis-/brystprotese eller kompresjonsvest).  

Andre kan oppleve behandlingstrengande kjønnsdysfori, og ha behov for kjønnsbekreftande hormonbehandling (frå fylte 16 år) eller kirurgi (frå fylte 18 år). Ved ønske om slik behandling vil senteret tilvise ungdomen vidare til Nasjonal Behandlingsteneste for Kjønnsinkongruens ved Rikshospitalet.

 
Om senteret

- Per i dag er det tilsett ein koordinator i 100% stilling ved Barne- og ungdomsklinikken (BUK), og ein psykologspesialist i 50% stilling ved Psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Det vil også bli tilsett ein lege i deltidsstilling, fortel Kongsvik.

  • Senteret er no opent for rådgiving og konsultasjon. Ved ønske om samtale kan ein ringe sentralbordet og bli sett over til oss.
  • Senteret opnar for tilvisningar 15.02.2024. 

Tilvising

Regionalt senter for kjønnsinkongruens vil ta imot tilvising frå fastlegar, Psykisk helsevern for barn og unge, og kommunale helsetenester. Senteret vil samarbeide tett med dei same tenestene for å sikre god utgreiing og oppfølging av pasientane.

 

Alle helseregionane har no etablert eit regionalt senter for kjønnsinkongruens. Les meir om arbeidet på Helse Vest sine sider