Nytilsette

Velkomen som ny medarbeidar ved Vestlandet sitt største medisinfaglege miljø! Vi er veldig glade for å ha fått deg med på laget, og ser fram til du skal begynne.

Når du begynner i Helse Bergen blir du ei viktig brikke i eit samspel rundt pasientane våre. Vi er avhengig av at kvar einskild medarbeidar utfører ein så god jobb som mogleg for å kunne oppfylle vårt viktige samfunnsoppdrag, og no blir din innsats eit verdfullt bidrag til dette!

Velkomsthelsing

Velkommen som medarbeidar til ein av Vestlandets største arbeidsplasser. Her er administerande direktør Eivind Hansen si velkomsthelsing til deg.

 

sida for medarbeidarar får du tilgang til personalhandbok og andre nettstader for medarbeidarar, samt praktisk informasjon om alt frå garderobar og ID-kort til parkering og nyttig kontaktinformasjon. 

Helse Bergen har også eit omfattande velferdstilbod til dei tilsette, mellom anna eit aktivt bedriftsidrettslag.  

Skjema for eigenerklæring om tuberkulose og MRSA 

Eigenerklæringsskjemaet er ein viktig del av det førebyggjande smittevernet i Helse Bergen.

Skjema for utfylling og innsending digitalt via VestDialog.

Skjema for lønsansiennitet

Utrekning av lønsansiennitet er aktuelt for yrkesgrupper som følgjer minstelønnssatsane i Helse Bergen.

Dersom du er usikker på om dette gjeld for deg, kan du spørje den tilsetjande leiaren din.

For at vi skal kunne fastsetje riktig lønn, må du laste ned og fylle ut skjemaet.

Skjema for nedlasting og informasjon om korleis det skal fyllast ut/adresse for innsending

 

Sist oppdatert 24.09.2025