Utviklingsplan 2022-2035 peikar retning og viser kva vi må gjere for å dekke befolkninga sitt behov for spesialisthelsetenester framover.

Haukeland og FNs berekraftsmål
I 2015 vedtok verdas leiarar FNs berekraftsmål – verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikheit og stoppe klimaendringar innan 2030. Det er til saman 17 mål innanfor kategoriane klima og miljø, økonomiske og sosiale forhold. Målet til Helse Bergen er å levere pasientens helseteneste på ein berekraftig måte.

Vi bygger nytt sjukehus
I løpet av dei neste ti åra skal vi investere om lag åtte milliardar kroner i nybygg og ombyggingar. Les meir om byggeprosjekta,

Bli med inn i nye Kvinneklinikken
I 2023 flyttar føde og barselomsorga frå den gamle Kvinneklinikken og inn i nye lokale i Glasblokkene. Her ventar eit trygt fødetilbod og ei familievenleg barselomsorg, der mor og barn alltid er saman.
I det nye bygget vil kvinnene og familiane deira ikkje lenger måtte dele rom med andre slik dei må i dag.

Sist oppdatert 24.09.2023