Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utfylling av eigenerklæringsskjema for tuberkulose og MRSA

Eigenerklæringsskjemaet er ein viktig del av det førebyggjande smittevernet i Helse Bergen. Bedriftshelsetenesta (BHT) har som oppgåve å kartleggje mogleg smitterisiko for MRSA og tuberkulose ved nytilsetjing. Dette er for å hindre at MRSA og tuberkulose blir spreidde til pasientar og tilsette i sjukehuset. Dersom ein kjem inn under kriteria for testing, er desse kontrollane lovpålagde i samsvar til smittevernlova.

Det er viktig at du les dette før du fyller ut skjema:

Dersom du kjem inn under kriteria, vil Bedriftshelsetenesta (BHT) kontakte deg. Du vil då få informasjon om aktuelle undersøkjingar. Undersøkjingane er kostnadsfrie når dei blir utførte hjå BHT i Helse Bergen.

Tuberkulose:

  • Ved behov for tuberkulosekontroll bestiller BHT time til lungerøntgen. 
  • Negativt lungerøntgen må liggje føre før oppstart av arbeid i Helse Bergen. Svartida for lungerøntgen er normalt opptil ei veke. 

MRSA:

  • Ved behov for MRSA-testing kan prøvene takast hjå BHT. 
  • Prøvesvar må liggje føre før oppstart av arbeid i Helse Bergen. Vanleg svartid er 1-2 arbeidsdagar, men i enkelte tilfelle kan det ta inntil ei veke.   

Vaksinasjon 

Helse Bergen skal som arbeidsgjevar sørgje for at arbeidstakarar får tilbod om sikker og effektiv vaksinasjon mot biologiske faktorar dei kan bli eksponerte for i sitt arbeid. Dette blir definert som yrkesvaksinasjon. Arbeidsgjevar dekkjer kostnadane ved yrkesvaksinasjon og all vaksinasjon er friviljug.

Vaksinasjon i Helse Bergen

Ferdig utfylt skjema skal sendast til BHT

Eigenerklæring om tuberkulose og MRSA skal fyllast ut og sendast inn seinast 14 dagar før tiltreding i stillinga. Eit ufullstendig skjema kan føre til utsetjing av tiltredinga. 

Lenkje til digitalt eigenerklæringsskjema. 
 
Ta kontakt med Bedriftshelsetenesta dersom noko er uklårt. 

E-post: bht@helse-bergen.no 

Sist oppdatert 21.08.2026